Dalhjedla er ein gamal støl som er til nedfalls. Mange av løene har kollapsa og det som står att av sel og løer har ikkje lenge att før dei takkar for seg. Barnålplantene har festa sitt grep om det rydda arealet og graset blir ikkje slått eller beita ned.
Like heimom dagens bom og vassinntak, finn du Vegaskiltflat. Gå opp over skogen til du kjem til stien som kjem frå Skiva. Følg han framover dalen til Dalhjedla. Samla sett er turen fram på omlag 1 km.
Ca. 100 meter før Dalhjedla må du krysse ein bekk. Om våren kan det vere høg vassføring som følgje av snøsmeltinga. Rekne med å bli våt på beina når du kryssar bekken. Du kjem ut på sørlige del av Dalhjedla. Her kan du gå oppover til Stokksete, men du skal til den nordre ende av Dalhjedla om du vil gå ned att til Jekti og heim dalen.
Dalhjedla er ein gamal støl som er til nedfalls. Mange av løene har kollapsa og det som står att av sel og løer har ikkje lenge att før dei takkar for seg. Barnålplantene har festa sitt grep om det rydda arealet og graset blir ikkje slått eller beita ned.
Du kan gjerne starte frå stadion ved barneskulen. 100 meter inn i Henjadalen går du opp og inn i skogen ved Skiva. Du følgjer stien gjennom skogen framover, i 2 kilometer, til du kjem ut på den sørlege enden av Dalhjedla. Første tredjedel er grei sti i skog. Neste tredjedel ber prega av å vere halvveges ur. Den siste tredjedel er også grei gange.
Ca. 100 meter før Dalhjedla må du krysse ein bekk. Om våren kan det vere høg vassføring som følgje av snøsmeltinga. Rekne med å bli våt på beina når du kryssar bekken. Du kjem ut på sørlige del av Dalhjedla. Her kan du gå oppover til Stokksete, men du skal til den nordre ende av Dalhjedla om du vil gå ned att til Jekti og heim dalen.
Med turen til Røsebotn har du investert vel 3 timar på tur utan at du har kome deg i posisjon til å nyte utsikt over vestlandsnaturen. Mitt råd er at du investerer 1 time til på å koma deg opp på ryggen som går mellom Røsebotn og Vogga (inst i Friksdalen). Frå 1420 moh har du god utsikt rundt deg. Om du vil nærare Vogge- og Myrdalsbreen er dei 15-20 minutt unna.
For å kome opp på ryggen føresler eg at du går inst i Røsebotn og finn skråninginga som skråar i sørleg retning opp til heimste del av ryggen. Når du kjem opp, kan du ta ein titt ned i Vogga før du følgjer dyrerekkje framover til du endar opp i lav og stein etter kvart som du nærmar deg målet. I sør til sørvest ser du mot Blankavatni under Kjeringafjell (1314 moh) og Kaldekletten (1320 moh). I vest ser du ned i Vogga, Voggevatnet og bort på Friksdalseggi (1455 moh). Bak dei ser du Hest (1360 moh) og Stav (1458 moh). I nord ser du Skarholten (1543 moh) samt Vogge- og Myrdalsbreen med det høgaste punktet på 1570 moh. I aust har du Røsebotn med Svolsetfjellet. I tillegg kan du på ein godversdag sjå inn i Hurrungane, mot Kaupanger, øvre Sogndal, Øvstedalen, Fjærlandsete og Lusaskard.
Frå stølsområdet i Friksdal kryssar du Friksdøla på brua like nordom stølen. Framover dalen følgjer du eit dyrerekkje (dyresti) til du kjem til elva Røsebotna som kjem ned frå Røsebotn. Du skal berre opp ca 100 høgdemeter i høve stølsområdet. Turen fram går i slak motbakke. Stien er tydeleg, men forsvinn delvis i dei korte, blaute parti.
Når du er komen fram til elva Røsebotna, kryssar du ikkje elva. Du skal følgje dyrerekkje opp lia på høgre side (austsida). Bit deg merke i 2 store steinar som ligg til høgre for elva, øvst i lia, mot himmelen. Bruk steinane som målet for oppstiginga. Stien blir mindre tydeleg og så godt som forsvinn halvveges oppe i lia.
Når du oppkomen, finn du eit dyrrekkje du kan følgje innover til botn av dalen. Liene på begge sider inviterer til turar opp for å få betre utsikt. Ryggen i vest endar opp på 1420 moh og gir deg i tillegg til utsikt over Røsebotn ut mot Friksdalen, utsikt over Vogge-, Myrdalsbreen, Voggevatnet samt indre del av Friksdalen kalla Vogga. På ein godvers dag ser du til Hurrungane.
Brukar du sykkel til Flya, må du rekne at turen til Røsebotn tek minst 3 timar ein veg.
Trastadalen er ein liten dal heilt nord i Leikanger kommune. Vatnet ligg på ca 1.000 moh. I aust og nord går grensa til Sogndal over toppane på Blåfjell, Nonsholten og Synnevaskjer på 1.380 – 1.540 moh. Nordom ligg Gunvordalen som endar ut ved Dalavatnet i Sogndalsdalen.
Frå Åsenosi går du i nordaustleg retning. Du snur ryggen til inngangspartiet på hytta og går slakt oppover ryggen på Åsenosi. Stien er lett å gå og rimeleg tydeleg. Etter litt kjem du opp slik at du ser bort på det heimste Trastadalsvatnet. Ved vatnet ligg hytta til jakt og fiskelaget som ein kan leige. Det største vatnet ligg derimot litt lenger inne i dalen. Du følgjer berre stien inn skaret, der elva renn ut. Etter litt vil du sjå demningen i enden av det fremste vatnet.
Vel framme er det verd å legge merke til at det er svært lite småbusker og vekster som kransar det. Vatnet er krystallklårt. Sit du i ro, ved munninga, skal det ikkje vere umogleg å sjå aurekjøer mot den lyse bergbotnen. Går du rett vest skal det vere mogleg å gå ned i Myrdalen. Der er det tre vatn som får tilførsel frå Myrdalsbreen i Leikanger kommune.
Turen til fremste Trastadalen er delt i fleire deler:
Åsenosi er ryggen inst i Henjadalen som skil Myrdalen frå Trastadalen. Vatna i begge dalane er gode fiskevatn. Følgjer du ryggen til topps endar du på Synnevaskjer, som ligg over Gunvordalen. Denne dalen endar ut ved den siste garden på vestsida av Dalavatnet på vegen mot Fjærland frå Sogndal.
Frå bommen i Henjadalen er det ca 9 kilometer til Åsenosi. Når du står ved brua på Flya, sjå nordover, inn Henjadalen. I midten ser du kanten på Myrdalen i enden av Slettabotn, men dersom du ser på ryggen til høgre for Slettabotn, vil du sjå ei hytte som ligg framme på Åsenosi som er målet for turen.
På Flya må du over brua til sela. Like etter du stig av brua er det ta til venstre og gå over marka ved elva mot gjerdet og skogen. Området er vått. Ordinære joggesko er ikkje noko for denne delen av turen. Stien framover dalen er litt av ei utfordring. Utanom mange våte områder er stien full av steinar som stikk opp uregelmessig. Innimellom kan det vere hol som følgje av vatn eller gliper mellom steinar. Med andre ord er det ikkje ein sti der ein bør gå og samtidig sjå seg rundt. På den andre side er det heller ikkje så mykje å sjå på turen utanom nokre stryk og fossar i elva. Utsikt får du ikkje før du er framme på Åsenosi.
Etter eit par kilometer kjem du til Reiseteåi som kjem ned frå Sumhaug og Fjærlandsete. Her kryssar du to små bruer. Like etter den siste kjem du til krysset der stien opp til Sumhaug skil lag med stien framover dalen. Du held fram vidare mot Nyastøl der du nærmar deg Traståna som kjem ned frå Trastadalen og kjem saman med elva frå Myrdalen. Du følgjer Traståna litt opp frå botnen. Ho er todelt når ho treff elva frå Myrdalen og du skal litt over der ho splittar seg. Her ligg det ei lita bru som er laga av to solite bjørker som det er spikra plankar på tvers av. Kanskje ikkje verdas mest robuste bru, men ho fungerer sjølv om ho er litt skeiv. Du må over ho om du skal til Åsenosi. Sidan stien opp til Pipehaug skil lag her, kan du også følgje denne opp og gå under Høgehaug mot heimsta Trastadalvatnet.
Etter kryssing av «den robuste brua» kjem du inn i eit svært vått, men relativt kort området. Her er det berre å bruke buskaset for å kome seg fram. Stien held fram sikk sakk gjennom skogen, oppover mot Åsenosi. Sidan området ikkje er ein del turpostane er stien lite brukt. Han er likevel rimeleg grei å følgje, men det er nokre parti der ormegraset skjuler han. Det skapar litt utfordringar både med å sjå han, men helst med at ein ikkje greier å sjå heilt kva ein trakkar på. Ver difor forsiktig gjennom slike deler. Ein kan lett kome til å vrikke foten.
Gradvis går du opp mot tregrensa og etter kvart som du nærmar deg Åsenosi blir det litt opnare og du kan sjå inn mot Slettabotnen som ligg under kanten til Myrdalen. Tregrensa går like under hytta på Åsenosi. Frå hytta har du utsikt ut Henjadalen mot Flya og elles Nyastøl og Friksdalen. På austida av Henjadalen ser du over haugane heim mot Pipehaug, til Lusaskard og Skriki i horisonten.
Etter å ha gått Henjadalen til endes og kome til Nyastøl, kan du ta vestover, inn Friksdalen. Det er vel ein kilometer på tydeleg sti til stølsområdet. Her framme er vegetasjonen mindre og dalen føles vid og open. Etter stølsområdet byrjar Friksdalen å svinge mot nord og endar opp i Vogga, ca 3 km lenger inne. Vogga er enden av dalen og ligg under Voggevatnet som får tilsig frå Voggebreen, den vestre delen av Myrdalsbreen.
I vest tronar Kjeringafjell, Kaldekletten og Friksdalseggi. Det ser rimeleg greitt ut å gå opp til Kjeringafjell frå stølsområdet, men du vil nok merke at vel 10 km inn dalen sit godt i beina når du går opp dei litt over 600 høgdemeterane frå Friksdalen.
Ved stølsområde finn du ei bru over Friksdøla. Over på nordsida av dalen, litt lengre framme i dalen, kan du gå opp i Røsebotn. Her kjem du opp til Vogge- og Myrdalsbreen eller på Svolsetfjellet som ligg nordaust stølsområdet. Etter sauebonde let det seg gjere å krysse Myrdalen for å kome bort til Trastadalen eller opp til Synnevaskjer. Då kan du å gå ned att austre side av Henjadalen. Til ein slik tur må du setje av heile dagen og ha med masse mat og energi. Vassflaska treng du ikkje fylle før i Friksdalen. Det er ein klar fordel å ha ein sykkel ståande på Flya slik at du kan trille heim.
Nyastøl er eit stort ope område i enden av Henjadalen. Løer og sæl som har stått her har for lengst kollapsa. I vest kjem elva Friksdøla ned frå Friksdalen som går i vestleg retning frå Henjadalen. I nord renn Myrdalselvi ned frå Myrdalsvotni over Slettabotnen. I aust kjem Traståna frå det vesle og store Trastadalsvatnet. På Nyastøl kjem dei saman for å danne Henjaelva.
Tidlegare var det lagt bruer slik at ein kunne krysse over Friksdøla og Myrdalselvi for å koma over på austsida av elva. Då var det det mogleg å koma seg over til stiane som førte opp til Åsenosi, Pipehaug og opp mot Trastadalen, Synnevaskjer med meir. Diverre har elvane sopt med seg bruene. Den tørraste måten å kome seg over å gå ned til Flya for å kryssa elva på brua der. Elvane kjem frå bre og temperaturen er ikkje høg. Til tider kan vassføringa vere for stor, men det skal gå å vasse over dei for å kome til austsida.
Stien fram frå Flya, på vestsida av elva, er ikkje merka men er svært tydeleg i terrenget og lett å følgje. Nokre få plassar kryssar han over fuktige, frodige, men korte områder. Stien vekslar med å gå i nærleiken av elva og trekkje seg litt frå i områder der ein må opp små høgder i dalen.
Som med turen til Flya treng du ikkje ta med vatn. Her er det berre å stikke hovudet eller handa ned i elva og drikke det du er god for. Vatnet er det same som kjem i springen heime. Med fiskekort kan du finne mange gode plassar for å fiske med både makk, fluge og sluk.
Turen til Nyastøl frå Syril stadion er i underkant av 9 km. Vel halvparten kan du sykle på traktorveg. Turen er slak og passar for dei fleste. Sidan du går nær elva, som medfører kjølig trekk, kan turen vere eit godt alternativ ein varm sommardag.
Mellom Dalhjedla og stien som går frå Skahaug forbi Raumålsgrinda til Stokksete er det ein sti som let deg raskt koma opp frå Henjadalen til Stokksete. Det er eit skilt på stien til Stokksete som peikar ned mot Dalhjedla. Sidan stien frå Dalhjedla ikkje inngår som ein naturleg del av nokre av turane til trimpostane er han svært lite brukt, dårleg eller ikkje merka og lett attgrodd. Mi erfaring er at første gong du vil gå stien er det lettare å gå han frå Dalhjedla og opp.
Når du startar på Dalhjedla, må du passe på å stå i sørenden, dvs. i motsett ende av der du finn postkassen med turboka. I sørenden er det ei løe som du går opp forbi og inn i lauvskogen. Etter litt skal det gå an å sjå ein sti eller dyrtrakk som du går sikk sakk i lett sørleg retning. Dette følgjer du til du kjem til bekken som renn ned sørom Dalhjedla. Her snur stien og du skal sakte, men sikkert skråe mot bekken som renn ned nordom Dalhjedla. I eit kort parti er stien vanskeleg å sjå, men etter litt skal du nærme deg ei steinrøys der du går gjennom opninga i eit steingjerde til det eg trur har vore ei grind ein gong i tida.
Etter steingjerdet kjem du til svaberg det står ei stor furu ved. Her kan det passe å ta ein pause og snu seg for å sjå over mot andre sida av dalen og heim mot Bjørgahaug. Etter pausen held du fram lett skråande i nordleg retning inn i lauvskogen. I denne siste delen av turen er det vanskeleg å sjå stien. Etter litt skal du kunne høyre bekken som kjem ned nordom Dalhjedla. Du skal ikkje heilt bort til han eller over han, men ta deg opp tilnærma paralellt med han slik at du kjem opp ved skiltet på stien til Stokksete som peikar mot Dalhjedla.
Stien frå Dalhjedla opnar for at ein kan variere på turane i Kleppaområdet. Eit eksempel er å gå frå Henjadalen til Dalhjedla og opp til Stokksetestien for å gå ned til Raumålsgrinda og traktorvegen som kjem inn til kraftlina. Der følgjer ein ikkje den vanlege stien ned til Skahaug, men går inn i kraftlinetraseen og følgjer han eit kort stykke før ein går inn i skogen og kjem ned i enden av Hovdavegen. Her går det ein sti inn i skogen, eit stykke over vegen inn Henjadalen. Denne stien endar opp på Dalhjedla og du har gjennomført ein solid rundtur. Diverre har eg ikkje skildra eller bilete av denne turen enno.
Ein lengre tur er å parkere sykkelen nede ved den nordlege oppgangen til Dalhjedla, gå til Stokksete og vidare mot Kallbakk, forbi Rjupeskar og Fagreggi og kome seg opp på Kjeringi og gå fram til austlegaste varden på Kjeringafjell. Her går du ned til Sevi, til Fivelhola/Flotande og heim Henjadalen. Å klive på sykkelen under Dalhjedla og trille heim dalen er ei nyting etter ein slik tur.
Eg har lagt opp mange bilete som eg håpar kan vere til hjelp for å kjenne seg att i terrenget. Dessverre er stien vanskeleg å sjå på mange av bileta. Ein lyt difor sjå etter tre eller andre kjenneteikn som kan vere til hjelp.
Turen frå Henjadalen opp til Stokksetestien via Dalhjedla er delt i fleire deler:
Når du først er komen til Bergsete på 983 moh, kan du like godt legge på 14 høgdemeter og gå opp på Mjellhaugane òg kalla Mælatoppen på 997 moh. Stien dit startar like nordaust for Bergsete og er svært tydeleg i terrenget. Det tek deg cirka 10 minutt å gå opp. Frå Mjellhaugane har du god utsikt i 360 grader og kan jamvel sjå Hurrungane på ein klar dag.
Mjellhaugane gir god oversikt over Hangsetedalen, som endar opp i Kalvavatnet mellom Mjellhaugane og Skriki. Terrenget i Hangsetedalen har svak stigning med unntak av Skriki. Det syner deg at turar frå Njøs via Hangsete vil ha den verste stigninga er unnagjort på Anhovden, litt over Bjørgahaug. Ved å følgje foten til Skriki kan du gå mot stølane som ligg over Slinde og Ølmheim.
Du treng ikkje gå ned att Moldbakken og tilbake til Kvålen. Gå ned i Hangsetedalen og følg stien heim til Hangsete, ned til Bjørgahaug for å ende opp ved transformatorstasjonen på Njøs.