Tur: Eggja til Høgehaug

Køyr utover, forbi fruktlageret og Veten, opp Valbrekkvegen og Eggjavegen til Eggja og parker. Du følgjer traktorvegen til Hamrestølen, ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Du går forbi det første selet og den samanrasa løa. Etter ca 40 meter kjem du til ei gran med skilt til Vålamyri.

Følg stien mot Vålamyri eit par hundre meter. Ved eit blåmerka tre skal du 90 grader mot høgre og inn på ein sti tek deg opp til Høgehaug. Stien er ellers merka med raude merker.

Når du nesten er oppe på Høgehaug, kan du ta ein avstikkar ut til eit utsiktspunkt. Du finn ein benk der og kan ta ein pust i bakken før du held fram eit par hundre meter til oppover. Du kjem opp ved den vestlege hytta på Høgehaug og får utsikt innover fjorden. Flyttar du deg til den austlege hytta får du med deg meir av sørsida av fjorden samt du får glimt av Hermansverk mellom tretoppane.

Tur: Hamre til Eggja

Hamre-EggjaEin liten tur på 1,3 km frå siste garden i Hamrevegen. Om du tek bilen for å kome deg til starte, parker på fruktlageret. Det er ikkje plass til å parkere i Hamrevegen.

Du følgjer traktorvegen på Hamre opp gjennom frukttrefelta og over Ytre Hamre til du kjem inn på stien, som vil ta deg gjennom skogen og opp til innmarka, under Haugane på Eggja. Her vil du kome inn på ein traktorveg som tek deg opp til Haugane, benken og utsikt over fjorden. Det kan gå dyr i området så det er viktig å late att alle grindene du må gjennom.

Du kan alltids går rett ned att der du kom opp, men eit anna alternativ er å følgje Eggjavegen nedover, forbi Fosse, til krysset på Valbrekka. Her går du austover i retning Hamre, ned Valbrekkevegen og over Fosshagen til du kjem ned til Sognefjordvegen. Følg den nokre hundre meter og du er tilbake på Hamre. Hald godt sida di innover. Om sommaren kan det vere ein del trafikk etter Sognefjordvegen til/frå Hella.

Har du lyst på ein lang tur kan du gå ut på Hamre, opp til Eggja, tilbake til Kleppa langs stiane og heim via sti til Frækaland. sti til Leite (Halvteigen) eller Kleppavegen. Neste gong går du kanskje i motsett retning og ein anna sti frå Kleppa til Eggja.

Alternativ 1 – opp til / ned frå Haugane:

Alternativ 2 – opp til / ned frå litt vest for Haugane i Eggjavegen:

Tur: Lauparfjellet

LauparfjelletNamnet gir inntrykk av at ein må høgt til fjells, men dette ein bonus til turen til Hamrestølen framom Høgehaug. Etter at du har kome ut frå skogen og byrja på skogsvegen, kan du etter eit par 100 meter ta ein avstikkar ned til utsiktspunktet. Det heng eit skilt med svak raud skrift som indikerer starten på stien. Det er ikkje meir enn 100 meter å gå før du klatrar over eit gjerde og kjem ut på ei hylle over Hanahaug med utsikt over Leikanger og Sognefjorden.

Om du har valt å gå frå Eggja er det berre å halde fram turen på skogsvegen. Hamrestølen er omtrent halvveges til utsiktspunktet Lauparfjellet.

Tur: Hamrestølen frå Eggja

HamrestølenHamrestølen er ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Stølen ligg på ca 400 moh, rett over Hamre. Kortaste fotturen dit tek du frå Eggja. Han er på mellom 700 – 800 meter slik at du knapt kan rekne med å bli sveitt. I så måte er det ein ypperleg tur å ta med seg små ungar på.

For å kome til Eggja må du køyre forbi Hamre og fruktlageret i retning Hella. Etter 400-500 meter tek du av frå Sognefjordsvegen og startar klatringa opp mot Eggja. Vegen slynger seg oppover bak Fosshagen og er til tider smal. Ver budd på å rygge, her er det sjeldan plass til to køyretøy. Du skal nesten heilt til endes på Eggja. Ca 100 meter før bilvegen endar, startar skogsvegen som går opp til Hamrestølen.

Etter ca 2/3 av turen etter skogsvegen kjem du til ei grind som markerer starten på eit granfelt. Legg merke til orkanen Dagmar sine herjingar i området. Ute i terrenget rundt skogsvegen ligg mykje gran flat. Like etter Dagmar, for snart eit par år sidan, var skogsvegen uframkommeleg. Området likna meir på pinnespelet der ein slepp pinnar og skal plukke dei opp ein og ein utan at dei andre pinnane rører seg. Det var ei utfordring og passere og til tider ikkje heilt trygt sidan ein ikkje kunne vere viss på kva for spenn som var att i trea. Herjingane her var etter mi vurdering verre enn på stien til Skoparsete frå Skjer.