Tur: Friksdalseggi

Friksdalseggi, med høgaste punkt på 1455 moh, skiljer Huksdalen frå Friksdalen og Vogga, inste del av Friksdalen. Turen forutset at du kjem deg inn i Huksdalen, fram til parkeringa under Nyastølen. Frå parkeringa følgjer du traktorvegen fram til Stavsete.

Eg har berre fått gjort eit par turar for å finne ein god måte å kome seg opp. I bilete til høgre ser du eit utsnitt frå Google Maps. Heilt til høgre har du Kjeringafjell, i midten Kaldekletten og til venstre, med den gule streken, ser du Svinadalseggi som endar ut i Friksdalseggi.

Etter eit par forsøk frå Svinadalen, mellom Kaldekletten og Svinadalseggi, har eg kome til at den beste måten å koma seg opp på Friksdalseggi er å gå opp i Fossadalen. Forutsetninga for å lykkast er låg vassføring i Stavseta og elva frå Fossadalen. Dette er ikkje ein tur du går i vårløysinga om du vil halde beina tørre.

Frå Stavsete går du 2/3 av distansen til Stavatjørni. Når du har passert punktet der elva frå Fossadalen kjem saman med Stavseta, går du ned til elva Stavseta. Med låg vassføring kan du gå på steinar over. Deretter går du i retning av elva frå Fossadalen og finn stadar å krysse ved å gå på steinar. Etter kryssinga følgjer ei jamn stigning oppover Fossadalen før du gir deg i kast med Svinadalseggi. I starten er det litt myr, men etter kvart går det over til gras og lyng. Innimellom vil du treffe på sauetrakk, men hald fokuset på Svinadalseggi.

Oppe på Svinadalseggi er det berre å følgje gras og lyng-områder til du nærmar deg sørlege delen av Friksdaleggi på 1344 moh. Ta ein tur til varden og kik heimover Friksdalen før du snur nasen nordover og går fram til det høgaste punktet på Friksdaleggi på 1455 moh. Siste del av turen går i eit steinlandskap. Vel framme kan du sitje deg ned å kike nordover på Skarholten samt Voggebreen. Vil du fram dit, er det berre å følgje nasen vidare.

Sidan det berre har vorte turar for å finne alterantive ruter, har eg til gode å fotografere eller spele inn video av turen. Det får vente til 2023. Inntil vidare får de nyte eit par smakebitar frå Friksdalseggi (1455 moh).

Skarholten og Voggebreen frå Friksdalseggi
Voggebreen

PS! Voggebreen er på kraftig retrett. Ta turen før han er borte

Tur: Kaldekletten frå Svinadalen

Følg grusvegen heilt til ende ved Stavsete i Huksdalen. Kryss den nye brua og skjer tvert over stølsområde for å kome inn på stien som tek deg til brua over Stavseta. På den andre sida følgjer du dyretrakk framover mot Svinadalen.

Dyretrakket byrjar å bli utydeleg på nokre svaberg etter nokre hundre meter. Ikkje kryss elva/bekken som renn ut frå Svinadalen, hald deg i det skråande terrenget, på sørsida, ned frå Kaldekletten, medan du arbeidar deg inn dalen. I starten blir det å krysse nokre mindre myrer. Ingen store utfordringar, som lett kan hoppe/sprinte/gå over eller rundt.

Framover dalen treng du ikkje ta dei høgste høgdene. Eg gjekk lett på dyretrakk som eg følgde inn dalen. Inne i botnen gjekk eg opp på ryggen, under starten på Friksdalseggi. Her følgde eg eit dyretrakk til eg kom opp på bandet mellom Huksdalen og Vogga/Friksdalen. Her snur eg sør over og følgjer eit dyretrakk over den første høgda og går mot toppen på Kaldekletten. Eg fann oppsteget i ei lita ur med mellomstore stein. Ei kort bratt stigning før eg jobbar meg opp dei siste høgdemeterane mot varden.

Sommaren 2022 har vore kald og det ligg framleis mykje snø oppe på Kaldekletten. Tidlegare i veka gjorde eg eit forsøk frå Eitrebotn, men avbraut. Eg var usikker på snøen der eg skulle opp. Snøen er slak på toppen, men bratnar til ut over fjellsida. Å miste fotfestet på veg ned på slik snø, rase avgarde mot ur, er ikkje det eg ser for meg vil ende vel. Eg valde difor ikkje å gå for langt ut på kanten av toppen når eg filma oppe på Kaldekletten.

Synes du turen inn Svinadalen og opp blir for lang, kan eit alternativ vere å gå opp skråninga/Bleiehaug i vest, like etter du har kryssa brua over Stavseta. Du får gjort unna så å sei all stigning og kan ta den siste kilometeren, mot varden, i slak stigning.

For returen snur du nasen nordover og jobbar deg ned mot det nordaustlege hjørne av Kaldekletten. Her kan du gå ned ura med mellomstore steinar. Det kan vere lurt å ta det med ro ned dette partiet.

Når du er nedkomen frå ura, er det berre å finne dyretrakket som tek deg over neste høgde og ned i enden av Svinadalen. Herifrå er det å følge dyretrakk, krysse elva/bekken slik at du held deg på sørleg side av Svinadalen, for å unngå dei store myrene i enden av dalen. Sikt deg heimover i retning Stavsete.

Tur: Eitrebotn

For å kome til Eitrebotn, må du inn i Huksdalen. Ta av vegen like før Grindselva og køyr grusvegen inn Huksdalen til du kjem til parkeringsplassen under Nyastølen. Du kryssar brua og følgjer vegen som stig kraftig oppover lia, forbi eit par bekkeinntak, til Nyastølen. Kraftigaste stigninga får du i starten.

Bak Nyastølen ruvar Kjeringafjell og til venstre (nordaustleg) retning stig Kaldekletten. Mellom desse ligg Eitrebotn. Like bak det nordlegaste sælet finn du stien/dyretrakket innover. Etter nokre hundre meter er det eit stiskilje på nokre svaberg. Her er det viktig å ta stien austover svaberga og halde fram inn botnen, mellom Kjeringafjell og Kaldekletten. Vel du feil sti og går nordover, vil den stien/dyretrakket ta deg i retning av Stavsete. Etter kvart som du nærmar deg Eitrebotn vil stien/dyretrakket bli mindre tydeleg.

Turen er delt i to deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Eitrebotn

Tur: Hest opp Gildal

Følg grusvegen inn Huksdalen til parkeringsplassen under Nyastølen. Like før parkeringsplassen vil du sjå ein veg som stig opp over til venstre. Dette er grusvegen som tek deg opp mot vassinntaket til kraftverket. Omtrent 50 meter før inntaket, tek du av grusvegen og inn på sti. Det tek ikkje lenge før du passerer det første sælet og får glimt av eit anna før det tredje.

Alle sæla du har passert er av nyare dato. Går du vidare, i retning av Storebotnen, kjem du til dei gamle stølstuftene. Ifølgje det eg har blitt fortalt gjorde eit snøras ende på stølen. Elva Gildøla renn i nærleiken slik at du enkelt kan drikke eller fylle flaska før du går vidare.

Sommaren 2022, midtveges i juli, har vore kald, men snøsmeltinga pågår. Eg held fram inn i Storebotnen før eg kryssar alle småelvene og startar oppstigninga på ryggen, mellom Storebotnen og Vetlebotnen, opp mot austenden på Hest. I likheit med starten på grusvegen er det bratt og tungt. Ta pausar, sjå tilbake og rundt deg.

Du kjem opp i austenden av Hest. Her går du opp og vender vestover. Når snøen har smelta, er det små vardar som du kan følgje til du står ved den store varden. I videoen kom eg ut litt lågt når eg snudde vestover. Eg korrigerte og kom rett på dei resterande vardane.

Oppe på Hest er det berre å nyte utsikta 360 grader. Her ser du i vest Storholten og Vassvarden. I sør ser du mot Vik og fjella der, Vangsnes, Mælen, Feios, Borlaug. Innover fjorden ser du langt inn til fjella på Frønningen, Storhugen, Bjørgahaug, Mjellhaugane, Skriki. Og austover langs ryggen på Hest ser du Fagreggi, Smørkletten, enden av Eitrebotn, Kjeringafjellet, Kaldekletten og Voggebreen.

Skitur: Skarseggi

Turen startar i Huksdalen. Følg grusvegen fram Huksdalen til parkeringsplassen under Nyastølen. Her set du frå deg bilen og spenner på skia. Aust for deg, over Nyastølen, vil du sjå Kjeringafjell på sørsida av Eitrebotn, dalen bak Nyastølen. Nordom Eitrebotn og Kjeringafjell kneiser Kaldekletten, nokre høgdemeter over Kjeringafjell.

Første delen av turen går ca. 2 kilometer etter snølagd traktorveg. Når du nærmar deg Stavsete, vil du aust for deg, bak Kaldekletten, sjå Svinadalen og Svinadalseggi. Fjella framover mot Skarholten er ein del av Firksdalseggi, skiljet mellom Huksdalen og Friksdalen saman med Vogga. Vestom deg vil du passere under Sauaholten og skimte nordspissen av Stav samt Stavafjellet, der Sognefjordrennet har starta dei siste åra.

For å kome til Skarseggi, kryssar vi den snødekte Reppa-elva og går inn på stølsbøen til Stavsete. Du må opp bakken bak sæla på Stavsete. No er du oppe på ca 860 høgdemeter og dalen framover stig det slakt i 3 km til ca 1020 moh. Til vest for deg passerer du Stavafjellet og i aust Fossadalen.

Når terrenget flatar ut, står du ved Stavatjørni, eit lite fjellvatn. Til vest ser du Husbyggjefjellet som slakt reiser seg. Aust for deg startar ryggen opp mot Skarholten og breane våre. Her kan du gå over Voggebreen og Myrdalsbreen og kome deg ned til Trastadalen. Held du fram austover vil du enda opp i Rindabotn ved Sogndal Skisenter.

Vårt mål, Skarseggi, ligg nordover. Følg høgspentlina til du kjem på opp i skaret. Her vil du passere eit sæl. Ein vanleg vinter vil det kanskje vere dekka til eller du ser toppen på taket. Hald fram nordover til det byrjar å gå nedover att. Dette er starten på Skar, som ein kan følgje ned i Romedal.

For å kome ut på Skarseggi passar du på å legge vest for Skar og kome deg ut på Skarseggi som tronar 1010 moh Rommedal. Her har du utsikt over dalen, frå stølen Nedre Rommedal opp til Øvre Rommedal. I enden av Rommedal er det bratt ned til Romøyri ved Fjærlandsfjorden.

Fjellet du ser nordom deg er Romhesten på 1206 moh. Dalen austom Romhesten, frå Øvre Rommedal og nordover, vil ta deg ned til Lidal ved Fjærlandsfjorden. I nordaust vil du sjå starten på Ryssebotn, bak Gunvordalen/Laugadalen i Sogndal. Fjellet nordom Ryssebotn er Ryssebotnrana på 1604 moh som kneiser like høgt over Gunvordalen/Laugadalen. På Ryssebotnrana vil du finne den gamle kommunegrensa mellom Balestrand, Leikanger og Sogndal, også kalla «Trepunkten».

Skitur: Stavatjørni

Turen startar i Huksdalen. Følg grusvegen fram Huksdalen til parkeringsplassen under Nyastølen. Her set du frå deg bilen og spenner på skia. Aust for deg, over Nyastølen, vil du sjå Kjeringafjell på sørsida av Eitrebotn, dalen bak Nyastølen. Nordom Eitrebotn og Kjeringafjell kneiser Kaldekletten, nokre høgdemeter over Kjeringafjell.

Første delen av turen går ca. 2 kilometer etter snølagd traktorveg, fram til du kryssar den snødekte Reppa-elva over til Stavsete. Når du nærmar deg Stavsete, vil du aust for deg, bak Kaldekletten, sjå Svinadalen og Svinadalseggi. Fjella framover mot Skarholten er ein del av Firksdalseggi, skiljet mellom Huksdalen og Friksdalen saman med Vogga. Vestom deg vil du passere under Sauaholten og skimte nordspissen av Stav samt Stavafjellet, der Sognefjordrennet har starta dei siste åra.

For å kome til Stavatjørni, kryssar du den snødekte Reppa-elva og går inn på stølsbøen til Stavsete. Du må opp bakken bak sæla på Stavsete. No er du oppe på ca 860 høgdemeter og dalen framover stig det slakt dei neste 2 kilometerane. Til vest for deg passerer du Stavafjellet og i aust Fossadalen.

Når terrenget flatar ut, står du ved Stavatjørni på 960 moh, eit lite fjellvatn. Til vest ser du Husbyggjefjellet som slakt reiser seg. Aust for deg startar ryggen opp mot Skarholten og breane våre. Her kan du gå over Voggebreen og Myrdalsbreen og kome deg ned til Trastadalen. Held du fram austover vil du enda opp i Rindabotn ved Sogndal Skisenter.

Skitur: Stavsete

Turen startar i Huksdalen. Følg grusvegen fram Huksdalen til parkeringsplassen under Nyastølen. Her set du frå deg bilen og spenner på skia. Aust for deg, over Nyastølen, vil du sjå Kjeringafjell på sørsida av Eitrebotn, dalen bak Nyastølen. Nordom Eitrebotn og Kjeringafjell kneiser Kaldekletten, nokre høgdemeter over Kjeringafjell.

Første delen av turen går ca. 2 kilometer etter snølagd traktorveg, fram til du kryssar den snødekte Reppa-elva over til Stavsete. Når du nærmar deg Stavsete, vil du aust for deg, bak Kaldekletten, sjå Svinadalen og Svinadalseggi. Fjella framover mot Skarholten er ein del av Firksdalseggi, skiljet mellom Huksdalen og Friksdalen saman med Vogga. Vestom deg vil du passere under Sauaholten og skimte nordspissen av Stav samt Stavafjellet, der Sognefjordrennet har starta dei siste åra.

Framme på Stavsete kan du nyte utsikta og planlegge kor turen skal gå. Du er over tregrensa og her er det berre å velje og vrake blant toppturar. Vil du gå i slakare terreng er det berre å halde fram nordover i dalen.

Tur: Holestølen frå Huksdalsvegen

Huksdalsvegen-Holestølen

Holestølen er ein liten støl yst i Grindsdalen, på Hukeside. Følg Sognefjordvegen utover mot Hella, forbi Fosshagen. Ca 1 km frå starten av 80-sona, like før du kjem til Grindselva, skal du ta av til høgre, opp Eggjavegen. Opp på «flata» i Holene skal du følgje Huksdalen innover til du nærmar deg Brandarhaug. Her går det ein traktorveg oppover og sørover, ut dalen.

Følg traktorvegen oppover. Etter ca 400 meter flatar det ut og du held fram 400 meter til for å nå Holestølen. Utsikt på turen er sparsom, men litt underhaldning i bekkar kan du finne på vårparten.

På Holestølen er det lurt å gå innpå stølsområde og opp i nordre, øvre del. Her nyter du matpakken med utsikt ut dalen i retning Feios og Feiosdalen. Ta gjerne med kikkert.

Tur: Holestølen frå Valbrekka

Valbrekka-Holestølen

Holestølen er ein liten støl yst i Grindsdalen, på Hukeside. Om rett skal vere rett heiter dalen dalen Huksdalen på Hukeside. Turen startar på Valbrekka og er omlag 2,5 km lang med ein stigning på ca 200 høgdemeter. For å kome til Valbrekka tek du av frå Sognefjordvegen like etter Veten, som er husa på sjøsida etter Hamre. Du følgjer Valbrekkevegen oppover forbi Fosshagen til Valbrekka, der den møter Eggjavegen som kjem nede frå Huke og skal vidare opp til Eggja. Parker på Valbrekka, men vis omsyn til dei som brukar vegen og bur der.

Frå Valbrekka følgjer du Eggjavegen oppover cirka 200 meter til du kjem til ein skarp høgresving. Her skal du rett fram gjennom grinda og følgje traktorvegen over Huke og framover mot Holestølen. Best utsikt har du nok på starten med utsikt over fjorden utover mot Vangsnes. Over Huke kan du sjå utover vestsida av dalen, Grinde og Engjasete samt fjorden frå Balestrand, Vangsnes til Feios og Feiosdalen. Etter Huke følgjer du gamal og nyare skogsveg gjennom skog fram til Holestølen. Utsikt her er sparsomt, men litt underhaldning i bekkar kan du finne på vårparten.

På Holestølen er det lurt å gå innpå stølsområde og opp i nordre, øvre del. Her nyter du matpakken med utsikt ut dalen i retning Feios og Feiosdalen. Ta gjerne med kikkert.

Tur: Nyastølen inn Eitrebotn til Kjeringafjell

Eitrebotn-Kjeringafjell-000

Kjeringafjell kan nåast frå både Henjadalen og Kleppa. Frå vest når du Kjeringafjell frå Huksdalen. Stølen Nyastølen ligg rett under vestlia til Kjeringafjell. Dette er den kortaste, og brattaste vegen opp. Vil du heller fordele stigninga over eit lenger stykke, vil det være naturleg å gå inn Eitrebotn. I høve å gå inn Henjadalen eller frå Kleppa, sparar du ein time og vel so det.

På Nyastølen går du gjennom tunet og følgjer stiar/dyretrakk inn Eitrebotn. Nordom deg vil du ha Kaldekletten på 1320 moh og sørom Kjeringafjell på 1314 moh. Stiane/dyretrakka blir svakare og spredd innover botnen. Du kan gå opp på bandet mellom Eitrebotnen og Friksdalen. Når du ser ned i Friksdalen, snur du deg i sør-vestleg retning og går opp Kjeringafjell. Hovudelen av stigninga på turen tek du får inst i Eitrebotnet og opp Kjeringafjell.

Eit tips til rundtur er å køyre vegen i Huksdalen til der linjene kjem saman og parkere. Følg grusvegen til fots fram til parkeringsplassen, gå opp på Nyastølen, inn Eitrebotn og opp på Kjeringafjell. Returen tek du i retning Discohola eller Fagreggi, ned til Dalsete og deretter ned til vegen i Huksdalen og tilbake til der du parkerte bilen.

Turen til Kjeringafjell er delt i to deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Parkeringsplassen til Kjeringafjell