Tur: Smørkletten om Stokksete og Kallbakk

Distansen frå Kleppa til Smørkletten er fin for ein tur som ikkje tek for lang tid. Høgdeforskjell og stigninga er heller ikkje så verst. Eg har tidligare skrive om «2,5» alternativ for å kome dit:

  1. Etter linetrasseen (frå aust)
  2. Opp Hammarskar (frå vest) som også viser ein kortare versjon

Vil du ta eit lengre alternativ til Smørkletten, kan du gå opp på Øvstestølen og følgje skiløypa mot Stokksete. Ved skilta går følgjer du stien nordover som slynger seg opp mot Kallbakk. Du tek det meste av høgdemeterane og har fleire fine utsiktspunkt på turen opp.

Frå Kallbakk følgjer du vestover sti mellom myrene ut mot Smørkletten. Du følgjer sti mot Eggja. Når du nærmar deg dei doble mastene, kan du velje to alternativ for å kome opp på toppen – austsida eller vestsida:

Austsida

Like før eg kjem til dei doble mastene, knekker eg av mot den siste masta, søraust for dei. Frå masta skråar eg i sørvestleg retning til eg kjem til stien som tek deg opp på austsida av Smørkletten. Oppkomen rundar du først vestover og så sørover, i ytterkanten av myra, til du er komen til den sørvestlege toppen og kan ta inn utsikta.

Vestsida

For å gå opp på vestsida følgjer du berre stien mot Eggja vidare, forbi dei doble mastene, bak og forbi Smørkletten til du kjem til skiltet som peikar opp mot Smørkletten. Herifrå er det eit lite oppstig og du er på den sørvestlege toppen og kan ta inn utsikta.

Tur: Stokksete-Okslahaugane-Fagreggi-Skarseggene-Smørkletten-Hammarskar

Å gå fram og tilbake frå ein stad er greitt ei stund, men når ein har vandra rundt i området i årevis er kombinasjonar av turar fin variasjon. Denne turen er på 14 km, men gjer du eit anna val enn meg på Smørkletten, blir den 15 km.

I videoen følgjer eg stien opp slalombakken til Øvstestølen og skiløypa til Stokksete. Her går eg rett bort til stølsområdet. Ved den øvre hytta går eg inn på stien som tek meg opp til Aoreveitane. Der kryssar eg myr og bekk og følgjer stien gjennom skogen opp mot Okslahaugane.

Stien forsvinn over tregrensa, men du har Fagreggi i vest og skal berre runde ei større myr på vegen opp. I sepetember 2020 kunne eg berre gått rett over. Myra er så god som tørr. Etter myra skråar eg oppover mot varden på Fagreggi, som er høgste punkt på ca 1000 moh.

Frå Fagreggi jobbar eg meg ned til stien til Discohola og Kjeringafjell. Den følgjer eg ned til ryggen på øvre Skarseggene og går vestover, til endes på ryggen. Frå Skarseggene går eg ned langs vatna og nedover mot lia, bak Smørkletten. Eit stykke nedi vil du få auge på skiltet som peikar til Smørkletten. Gå mot skiltet og kom inn på stien som følgjer opp til varden på den sørlege toppen. Eit anna år vil du nok runde meir rundt myrene her, men hausten 2020 er det berre å gå rett på.

Frå Smørkletten skjer eg nedover lia og over myrene vestom Smørkletten. Om du vel å gå tilbake til skiltet og følgje stien derifra, blir turen 15 km. I enden kjem eg inn på stien som går ned Hammarskar. I stiskilje nedi skogen tek eg til venstre for å ikkje enda opp nede på Eggja. Ute av skogen følgjer du den nye linetrasseen tilbake til vegen under den. Det går ikkje så mykje folk her. Graset er høgt og skjuler avkappa greiner og liknande. Vær obs på du kan kome til å hekte i noko i graset. Når du er tilbake på veg, går det greitt tilbake til Kleppa.

Tur: Skarseggene

Skarseggene er område som ligg vest om Rjupeskar. Vanlegvis tek eg meg til toppen av øvre Skarseggene gjennom Rjupeskar ved å følgje stien mot Kjeringafjell. I dette alternativet følgjer du stien til Stokksete til der du kan ta av mot Smørkletten.

Følg stien langs linene til du kjem til skiltet som peikar mot Smørkletten og Eggja. Her skal du følgje vidare lina til du kjem til to master side ved side. Her bryt du av og siktar deg nordover. Kryss nokre myrer og jobb deg oppover Skarseggene. Ikkje sikt på høgste toppen du ser, kom deg opp litt vestom den. Dyretrakk kryssar att og fram under Skarseggene. Ingen av desse vil ta deg dit du skal.

Oppkomen lia til platået med nokre vatn, held du til aust/høgre for dei. Når du passerer det første vatnet, vil du sjå øvre Skarseggene, der turposten til Syril står. Ved det siste vatnet byrjar siste stigninga og dei siste 60 høgdemeterane før du er oppe.

Terrenget er enkelt å gå i med 2/3 på sti og resten i gras, myr og lyng. Utanom stien kan det vere lurt å halde auge etter grøfter, hol og ujamnheiter i bakken. Sjølv går eg i fjelljoggesko sidan tusenvis av kilometer i slikt terreng har styrka anklane mine. Rådet mitt er at det kan vere lurt å ha sko med støtte for ankelen for terrenget utanom sti. Det er opp til 5 km tilbake til Kleppa om uhellet skulle vere ute.

Tur: Trollgrana på Kleppa

Dette er ein tur som passar dei aller minste. Turen er slak og ca 300 meter lang, halvparten på grusveg og resten på gras. Du startar på parkeringsplassen på Kleppa og går oppover til du kjem like forbi Gapahuken, i botnen av slalombakken. Det står eit skilt ved vegen som peikar i retning av Trollgrana. Du er halvveges.

Ved skiltet går du ut av vegen og held fram i graset til du kjem inn til skogen mot vest. Om vinteren er dette ei sløyfe på skiløypa der du går oppover langs skogen før du vender tilbake og sigler ned og forbi gapahuken.

Ved Trollgrana står det eit skilt. Ta turen rundt Trollgrana og studer alle utvekstene som strekker seg mot himmelen.

Tur: Kleppa til Kallbakk

Kallbakk er ein fin tur ein kan ta både sommar som vinter som tek det nett over skoggrensa med si høgd på 755 moh. Utgongspunktet er parkeringsplassen på Kleppa og du skal opp på Øvstestølen.

Om vinteren følgjer du skiløypa fram til Damefall og opp til Stokksete før du kjem til Kallbakk. Om sommaren følgjer du stien som skil seg frå skiløypa, ca 500 meter frå Øvstestølen i retning Damefall, ved Skitnehølen. Stien går i skogen vest for Damefall og Stokksete. Når du kjem til bekken og krysset der stien skil seg til Kjeringi/Kjeringafjell og Stokksete, tek du kortaste veg mot Kjeringafjell. Stien svingar seg opp gjennom lauvskogen til du endar opp like under, og vest om Kallbakk. Samstundes vert du fri skogen. Bryt austover og følg stien skilta i retning Stokksete ca 50 meter. Her tek du dei siste stega opp på Kallbakk for å nyte utsikta.

Alternativ tur der du går etter skiløypa til Stokksete og så til Kallbakk. La det vere ein rundtur, den einevegen opp og den andre ned.

Tur: Orrabu (Dagsturhytte)

Orrabu-020

Dagsturhytte er eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga, Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunen. Hausten 2018 kom dagsturhytta Orrabu på plass Leikanger. Hytta ligg på Eggjahaugane.

For å kome til Orrabu startar du på Kleppa og går opp slalombakken. Turen er på 1 km med ein høgdeforskjell på ca 100 høgdemeter. Mesteparten av stigninga gjer du unna opp slalombakken, til kanten over henget, som du ser mot himmelen når du står nederst i bakken. Slalombakken er bratt, men du kan når som helst stoppe opp og snu deg mot utsikten til du vinn pusten att. Oppe på henget, vender du deg i austleg retning og skråar opp mot enden av skitrekket. Om sommaren kan du krysse under øvre del av trekket. Dei siste 200 meterane frå trekket har ingen stigning. Det er lagt ut klopper som hjelper det over nokre myrparti.

Tur: Smørkletten via Hammarskar frå Kleppa

Smørkletten om Hammarskar 000

For nokre år sidan vart det merka ein sti frå Volamyri opp til Smørkletten, via Hammarskar. Denne veka la eg merke til at det var etablert ein grusa veg under den nye Fardal-Ørskog-lina frå utstyrsplassen, i enden av Orradalen. Det kortar ned turen frå Kleppa ved at ein slepp å gå nedom Volamyri.

Frå utstyrsplassen følgjer du den grusa vegen til endes. Her følgjer du spor etter køyretøy som vart nytta under linebygginga. Du skal passere to master. Når du kjem til den andre masta, svingar spora etter køyretøya opp over linetrasseen. Etter ca. 100 meter ser du ein staur med raud topp og turstimerke. Like etter finn du ein lys stein med ein stor raud prikk. Følg den godt merka stien oppover, gjennom granfelt og lauvskog, til du kjem opp vestom myrane vest for Smørkletten.

Like før du ser Smørkletten skal du krysse det eg trur er øvre del av Hammarskaret. Her kan du bli lurt. Det går eit kraftig dyretrakk ut til høgre, medan du skal rett fram på «den smale sti». I bileteserien er dette mellom bilete 54 og 55. Like etter vil du sjå Smørkletten med varden, dit du skal. Om du vel dyretrakket for å gå sørom myra og meir rett på Smørkletten, får vere opp til deg. Det kan gjere turen litt kortare.

Når du følgjer stien nordover, vil du til slutt kome til eit skilt som peikar i retning Kalbakk. Stien er noko svak, men ikkje umogleg å følgje. Du skal passere på nordsida av tjørna som ligg vestom Smørkletten. Litt etter tjørna kjem du til skiltet som peikar sørover mot Smørkletten. Her er det berre å sikte seg mot toppen og gå opp dei siste bakkane for å kome opp i nærleiken av varden.

Turen tilbake til Kleppa kan du gå den tradisjonelle stien langs lina som går nord og austom Smørkletten. Samla sett blir det ein fin rundtur på rundt ca 9 km. Turen via Hammarskar er ein halv kilometer lengre enn den tradisjonelle. Vel du å gå du på sørsida av myra, vil eg tru at distansen er mykje den same.

Eit kortare alternativ til retur er å sikte seg rett vest mot stien, like over Hammarskar. Du tek deg ned lia frå Smørkletten og går langs myrene i vest før du kjem inn på stien. I høve videoane over, sparer du i underkant av 1 km kvar veg ved å gå på/frå Smørkletten ved Hammarskar.

Tur: Okslahaugane

Stokksete til Okslahaugane 043Frå skiltet og turposten til Syril på Stokksete held du fram nordover og kjem deg opp til den skarpe svingen under Kallbakk. Her skal du ned i Aoreveitane. Det er ikkje merka sti å gå etter Når du står nede i Aoreveitane, siktar du mellom tredje og fjerde haugen aust for Fagreggi. Du skal skimte eit berg der oppe som du skal opp på. Hald retninga mot den fjerde haugen aust for Fagreggi. Oppgangen startar like under den.

Først bekken er grei å oppdage og krysse. Småskogen tettar seg til, men gå rundt på vest/venstre sida før du held fram mot den fjerde haugen. Neste bekk skal kryssast akkurat der den svingar frå nord til aust. Går du feil og kjem for langt aust, følgjer du berre bekken vestover til han kjem ned frå nord. I svingen vil det vere eit dyrerekkje som du skal følgje opp gjennom skogen. Halvveges oppi må du ut på myr og jobbe deg opp til berga eg nemnde. Etterkvart vil skogen minske og bli borte slik at du nyte utsikta.

Oppe på nedre Okslahaugane ser du Kjeringafjell, Kjeringastein og Sevi samt inn mot Skuledalen. Sikte deg inn mot Kjeringasteinen, som står oppi fjellet bak Fagreggi, og gå mot den i forholdsvis slake området. Når det byrjar å stige godt igjen, kan du finne eit berg å raste på og nyte niste, utsikt og friskt smeltevatn.

Turen er delt i to:

  1. Stokksete etter skiløype
  2. Stokksete til Okslahaugane

Bileta er teke med eit action-kamera.

Tur: Stokksete etter skiløypa

Stokksete etter skiloype 032Turen til Stokksete på 605 moh kan du nå frå fleire stadar:

Du startar på Kleppa og følgjer sti opp slalombakken til Øvstestølen. Frå Øvststølen følgjer du skiløypa fram til Damefall og oppover. Har du gått på ski er terrenget kjent, om ikkje så jamnt og hardt som om vinteren.Frå Øvstestølen og opp til Stokksete er det mykje myr og har du ikkje vasstett fottøy blir du våt.

Du treng ikkje gå tilbake same vegen. Stokksete har flerie alternativ ruter tilbake til parkeringsplassen på Kleppa. Følg sommarstien over vassveitene til Henja eller gå ned til Raumålsgrinda og tilbake til Jakt og Fiskelaget si hytte.

Bileta er teke med eit action-kamera.

 

Tur: Raumålsgrinda frå stadion

Turen til Raumålsgrinda frå stadion (barneskulen) er eit godt alternativ til å gå inn Henjadalen. Turen stiller ikkje store krav til fottøy. Joggesko er greit nok.

I høve turen inn Henjadalen til Flya, er turen opp til Raumålsgrinda under halvparten i distanse – ca 2,5 km. Ulempa er at det er 370 høgdemeter som skal forserast på den kortare distansen.

Frå stadion føl du vegen inn Henjadalen eit par hunder meter, til du kjem til Skiva. Her er det skilta og stien forlet vegen. Du går opp gjennom skogen, forbi Hovdavegen, til Heggedalene over teigar, hogstfelt og gjennom skog. I Heggedalene følgjer du grusvegen opp til siste krappe venstresving. Der forlet du vegen i botnen av Raumålsbakkane for å følgje stien i kant med granfeltet oppover til du nærmar det Raumålsgrinda. Det kan til tider vere litt fuktig like før grinda, men du får heller gå i ytterkant av det våte.

På heimturen, ned til Heggedalene, kan du takka vere hogsten i 2012 nyta utsikta ned mot Hermansverk og innover fjorden. Slik utsikt har du ikkje når du går heim att Henjadalen.