Suksess med oppgradering til kjerne 5.11.0-38

Rundt midten av oktober kom det ein oppgradering av Linux-kjernen for Ubuntu 20.04 frå 5.11.0-37 til 5.11.0-38. Den «automagiske» oppdateringa fungerte ikkje på mi stasjonere maskin. På den berbare gjekk det smertefritt. Eg gjorde fleire forsøk utan hell.

Nederlag er ikkje eit alternativ. I dag gjorde eg eit nytt forsøk. Alt blei gjort via kommandolina og eg noterte meg kva pakkar oppdateringa meinte eg burde legge til. Eg følgde råda og installerte dei pakkane som vart peika ut utanom det som vart automatisk installert. Etter omstart, slik at grunnmuren – kjernen – kom på plass, fungerte alt perfekt. No er også mi stasjonere på kjerne 5.11.0-38.

PS! Neste utfordring er at siste oppdatering av Wine til 6.02, knakk noko som Windows-programmet WebSite Watcher nyttar. Nettleserdelen av programmet greier ikkje å vise data, f.eks. endringane på ei side. Kjedeleg når eg nyttar programmet til å raskt lese nyhende frå hundrevis av sider.

Kjerne 5.11.0-38 knakk nettverk i Ubuntu 20.04

I helga var det ei oppdatering av kjernen frå 5.11.0-37 til 5.11.0-38. Ho gjekk ikkje bra. Første gong knakk støtta for mitt oppsett med to skjermar. Ikkje kul om den eine skjermen vart gjenkjent og kunne brukast. Når eg køyrde oppstart, med den gamle kjernen frå oppstartsmenyen, virka alt. For å sleppe problem, fjerna eg den nye kjernen.

Eg gjorde fleire forsøk i løpet av veka utan å lukkast, men la merke til at òg nettverksdelen ikkje virka. Både trådlaust og kabla nettverk hadde fungert tidlegare, no fungerte ingen ting.

Eg gjorde eit siste forsøk i kveld og fekk skjermoppsettet til å fungere. Nettverksdelen fekk eg ikkje liv i. Eg prøvde òg eit USB-nettverkskort som fungerer med mykje, heller ikkje det løyste problemet. Det kan virke som om det er noko overordna innafor nettverk som er knekt i kjerne 5.11.0-38.

Eg er litt meir kompetent enn ein vanleg PC-brukar og greier å få mykje til fungere, men det er slike oppdateringar som ikkje kan kome ut om Ubuntu skal vere eit operativsystem alle kan bruke.

Handbrake i Ubuntu 20.04

Sidan eg kjøpte meg ein GoPro 7 Hero Black vinteren 2019, har eg teke opp timevis med video frå fotturane mine i nærområdet som eg redigerer ned. Før opplasting til Youtube har eg alltid lagra ei ferdigredigert fil i tilnærma tapsfri kvalitet. Ho blir stor, men sidan eg har fiber tek ikkje opplastinga så lang tid. Youtube får best mogleg kvalitet for deira omkoding. Den same fila omkodar eg med Handbrake til eit meir komprimert format for arkivering.

For litt sidan tok eg eit val om å gå over til Ubuntu som operativsystem. Eg har fått på plass all programvare eg treng, men Handbrake i programvarekatalogen til Ubuntu har ein vesentleg svakheit: Det er ingen støtte for å dra nytte grafikkortet (Nvidia RTX 2060) i kodinga av video. Når ein kan nytte Nvidia sin NVENC til kode video, tek kodinga ein brøkdel av tida om prosessoren (CPU) skal stå for det heile.

Løysinga finn du på Handbrake sine sider. I motsetning til versjonen Ubuntu serverer, støttar Flatpak-versjonen NVENC. Før du installerer den, må du installere støtte for Flatpak i Ubuntu. Naviger deg til https://flathub.org/apps/details/fr.handbrake.ghb. Gå inn på «Setup Guide» og vel Ubuntu. Sidan eg har Ubuntu 20.04, treng eg ikkje gjere del 2 av steg 1. Eg kortar det ned til følgjande kommandoar i terminal/kommandolina:

sudo apt install flatpak
sudo apt install gnome-software-plugin-flatpak
flatpak remote-add --if-not-exists flathub https://flathub.org/repo/flathub.flatpakrepo

Ein omstart og du søker fram den nye applikasjonen for programvare som ser ut som ein lys koffert med taltastatur i ein sirkel. Her får du installert programvare frå begge programvarekatalogane til Ubuntu samt Flatpak.

Under fana Video skal det no vere mogleg å velje mellom H.264 (NVEnc) og H.265 (NVEnc)

Samsvar med GDPR, owncloud.online?

Som eg har skrive tidlegare, i fleire innlegg, er det framleis stor uvisse om ein i det heile kan bruke amerikanske tenester, sjølv om informasjonen er lagra i EU, EEA eller Noreg. Eg har sett på skytenester innan EU, om dei kan erstatte Microsoft og Google. Ein av aktørane er owncloud.online. Dette er ein tysk leverandør som køyrer programvara Owncloud. Fana med å vere i tråd med GDPR held dei høgt.

Alle som lovar mykje bør ein kontrollere om held ord. Ofte nyttar eg https://pagexray.fouanalytics.com/ til å få oversikt over kva som blir henta når ein vitjar ei side. Kontrollen av owncloud.online overraska meg:

Som du ser av kartlegging, vil du sjå at ein nyttar fleire amerikanske tenester:

  • Google Analytics
  • Cloudflare
  • Namecheap (jsdelivr.net)

Med tanke på at bruk av tenester som Google Analytics i fleire saker er klaga inn, synes det merkeleg at ein faneberar for GDPR vel å nytte amerikanske tenester som vil handsame informasjon om din nettaktivitet og einingen du nyttar. IP-adresse vert sett på å vere personidentifiserande, men om du sjekkar tenesta amiunique.org, vil du få ein indikasjon på kor unik din PC, nettbrett, telefon er.

For min stajonere PC fekk eg dette resultat:

Kombinasjonar av all informasjon som vert henta ut frå nettlesaren gjer meg unik. Berre det at eg køyrer Ubuntu 20.04 snevrar meg inn til kun 2,95% av datasettet, som omfattar alle som har køyrt testen. Det er enkelt for Google å følgje meg etterkvart som eg forflyttar meg rundt på nettet.

Kor unik er du?

Windows blir ikkje lenger standard

Windows 11 krev konto knytt til Microsoft og stiller store krav til maskinvare. Eldre maskiner kan berre gløyme å oppgradere. Chromebooks krev Google-konto. Apple Macs krev Apple-konto. Vel og bra for mange, men sett i lys av det siste året med Schrems II og CSAM stussar eg på kvifor vi skal lenkje oss til dei amerikanske selskapa lenger.

I tillegg har vi opplevd vel 4 år der USA har sokke lenger ned i ville fantasiar og fascistiske tendensar. Tiltrua til demokratiet som styreform er dalande. Kva dei kan vere truande til framover er ope. Det er på tide å sjå seg om. Eg ønskjer no å sjå om eg kan leve med Linux. Eg har køyrt Ubuntu 20.04 vel 1 månad på ein berbar PC. Til det daglege arbeidet har alt fungert. Må sei at eg ikkje har sakna noko. Til og med AirPods Pro fungerer utan problem mot Ubuntu 20.04. Eg må legge til at eg ikkje er fersk på Linux. Dei første forsøka gjorde eg rundt tusenårsskiftet med RedHat. Ubuntu har eg følgt med sidan nett før dei slapp Ubuntu 6.06 tilbake i 2006. Eg kan ikkje ting på rams, men eitt eller to søk og eg har løysinga på det meste. Med andre ord har eg noko meir kjennskap til systemet enn ein ordinær Windows-brukar.

No har eg sett opp Ubuntu 20.04 på ein av SSDane på arbeidsstasjonen. Her er det snakk om 16 GB RAM, AMD Ryzen 7 3700X og Nvidia RTX2060 samt 1TB NVME SSD og 1TB SATA SSD. Drivarane til grafikkortet er på plass og eg har fått gjort nokre mindre justeringar av skrivebordet. Eg har lagt til ein ferskare versjon Wine (frå WineHQ) for å kunne nokre få Windows-program. Hittil er IrfanView og WebSite Watcher installert og fungerer. Ubuntu 20.04 har ein eldre versjon av LibreOffice som eg skifta ut med den stabile kanalen for LibreOffice. Videoverktøyet Shotcut er på plass og kan bruke NVENC på Nvidia RTX2060, nett som på Windows. Mi personlege sky – Syncthing – er sett opp. Spotify spelar Iron Maiden si siste plate i bakgrunnen. Eg skal setje opp rclone for å kunne synkronisere mot GoogleDrive, OneDrive og andre skytenester. Informasjon som må sikrast blir kryptert med Cryptomator før krypterte filene blir synkronisert. Som på Windows har eg sett opp Firefox nettlesar samt Thunderbird. Sistnemnde er kopla med e-post, kalendar og kontaktar mot min norske leverandør. Evolution skal til vurdering for ei erstatning av Thunderbird.

Eg kan framleis velje å starte Windows 10 når eg (om)startar maskina. Inntil vidare treng eg det berre i dei få periodane i løpet av året eg spelar på gamle Call of Duty-serien, spela som kom for snart 20 år sidan. Det kan gå rundt året mellom kvar gong eg spelar.

Seagate USB 3.0-disk (igjen)

Ein liten oppfølgjar til postinga i september om problema med ytinga eg hadde med ein 2 TB Seagate-disk i Windows. Eg har kjøpt inn ein rimeleg Intel NUC som er sett opp som ein openmediavault-server. I maskin har eg installert nemnde 2 TB-disken og sett opp openmediavault på ein 8 GB-partisjon. I tillegg har eg kopla til eit par eksterne USB 3.0-diskar eg har hatt liggande. All ledig plass intern og eksterne diskar er sett opp som ved hjelp av LVM for å få samla all ledig diskplass i ei eining.

Når eg dreiv å kopierte data til mitt nye oppsett, la eg merke til at det lugga voldsomt etter at den interne disken på 2 TB var fyllt opp. Problema starta når data byrja å straume til ein Seagate 3 TB USB 3.0-disk. Eg sjekka systemloggen på serveren og la merke til at det med få minuttars mellomrom kom slike meldingar:

Dec 9 17:35:21 NUC kernel: [79979.708372] sd 2:0:0:0: [sdb] tag#29 uas_eh_abort_handler 0 uas-tag 10 inflight: CMD OUT
Dec 9 17:35:21 NUC kernel: [79979.708400] sd 2:0:0:0: [sdb] tag#29 CDB: Write(16) 8a 00 00 00 00 00 30 a2 a8 00 00 00 04 00 00 00
Dec 9 17:35:21 NUC kernel: [79979.711949] sd 2:0:0:0: [sdb] tag#28 uas_eh_abort_handler 0 uas-tag 9 inflight: CMD OUT
Dec 9 17:35:21 NUC kernel: [79979.711973] sd 2:0:0:0: [sdb] tag#28 CDB: Write(16) 8a 00 00 00 00 00 30 a2 a4 00 00 00 04 00 00 00
Dec 9 17:35:21 NUC kernel: [79979.715481] sd 2:0:0:0: [sdb] tag#27 uas_eh_abort_handler 0 uas-tag 8 inflight: CMD OUT
Dec 9 17:35:21 NUC kernel: [79979.715506] sd 2:0:0:0: [sdb] tag#27 CDB: Write(16) 8a 00 00 00 00 00 30 a2 a0 00 00 00 04 00 00 00
Dec 9 17:35:21 NUC kernel: [79979.718968] sd 2:0:0:0: [sdb] tag#26 uas_eh_abort_handler 0 uas-tag 7 inflight: CMD OUT
Dec 9 17:35:21 NUC kernel: [79979.718991] sd 2:0:0:0: [sdb] tag#26 CDB: Write(16) 8a 00 00 00 00 00 30 a2 9c 00 00 00 04 00 00 00
Dec 9 17:35:21 NUC kernel: [79979.722455] sd 2:0:0:0: [sdb] tag#25 uas_eh_abort_handler 0 uas-tag 6 inflight: CMD OUT
Dec 9 17:35:21 NUC kernel: [79979.722477] sd 2:0:0:0: [sdb] tag#25 CDB: Write(16) 8a 00 00 00 00 00 30 a2 98 00 00 00 04 00 00 00
Dec 9 17:35:21 NUC kernel: [79979.725956] sd 2:0:0:0: [sdb] tag#0 uas_eh_abort_handler 0 uas-tag 11 inflight: CMD OUT
Dec 9 17:35:21 NUC kernel: [79979.725978] sd 2:0:0:0: [sdb] tag#0 CDB: Write(16) 8a 00 00 00 00 00 30 a2 ac 00 00 00 04 00 00 00
Dec 9 17:35:21 NUC kernel: [79979.752362] scsi host2: uas_eh_device_reset_handler start

Google er som vanleg min ven. Eg fann fort ut at dette var eit kjent problem med visse chipset som Seagate har nytta på sine USB 3.0-kabinett som husar diskane. OpenSuse og mange andre har ei grei skildring på korleis du kjem rundt dette problemet.

I mappa /etc/modprobe.d/ laga eg fila blacklist_uas.conf. I fila la eg inn options usb-storage quirks=0bc2:231a:u. Talkombinasjonen i blått er idVendor (Seagate RSS LLC) og idProduct (Expansion Portable). Du kan finne IDen ved å køyre lsusb -v | less. Endinga | less har eg lagt til for at du skal kunne trykke deg gjennom det som kjem frå kommandoen lsusb -v, som er side opp og side ned med informasjon frå alt som er relatert til USB. Til slutt køyrde eg initramfs -u og restarta maskina.

No har kopieringa stått på eit par timar, og systemloggen inneheld ikkje lenger meldingar som referert over. Endringa påverkar ikkje farten. I skrivande augeblikk ligg den på 102+ MB/sek og er dønn stabil.

Best yting – Windows eller Linux – AMD Ryzen

Eg har dei siste åra følgt med på AMD og deira «comeback». Eg minnes storheitsdagane frå årtusenskiftet og framover til dei rota seg vekk i dårleg val som resulterte i dårleg yting i forhold til Intel. Med Ryzen, Threadripper og Epyc er dei på god veg tilbake til storheit. Intel har slite lenge med å forminske produksjonsprosessen frå 14 nanometer til 10 nanometer som gir meir plass til transistorar, betre yting og moglegheit for lågare straumforbruk. AMD har knekt nøtta og er nede på 7 nanometer med Ryzen 5/7 3xxx og Epyc. Det minner meg litt om tusenårsskiftet og «hengemyra» Intel hamna i med valet av Rambus-minne for Pentium 4.

Eg kjøpte meg ei rimeleg AMD Ryzen-maskin med AMD Ryzen 7 3700u for å sjå litt nærare på AMD-plattformen. Sidan grafikkdelen av prosessoren la beslag på 2 GB av dei installerte 8 GB, oppgraderte oppgraderte eg like greitt til 16 GB med ein gong. Eg testa tidlegare forskjell i yting på min stasjonere med Intel Core i7-7700 mellom Windows og Linux. Her er resultata med AMD Ryzen 7 3700u. Legg merke til at dei 3 første testane er køyrt med 8 GB minne installert, medan resten er køyrt med 16 GB:

DatoTestPlatformRAM Single  Multi
Aug 09, 201910Windows2 x 8 GB4 11311 306
Aug 09, 20199Windows2 x 8 GB3 98111 449
Aug 03, 20198Windows2 x 8 GB4 00011 395
Aug 03, 20197Windows2 x 8 GB4 02511 249
Aug 03, 20196Windows2 x 8 GB4 01011 434
Aug 02, 20195Linux2 x 8 GB4 62013 681
Aug 02, 20194Linux2 x 8 GB4 61813 600
Jul 26, 20193Windows2 x 4 GB3 99011 068
Jul 26, 20192Windows2 x 4 GB4 00811 060
Jul 26, 20191Windows2 x 4 GB3 90211 020
PlatformRAM Single  Multi Forskjell
Windows2 x 4 GB3 96711 04916,45 %23,45 %
Windows2 x 8 GB4 02611 36714,73 %20,01 %
Linux2 x 8 GB4 61913 641Best yting

AMD Ryzen yter 15 til 20% betre i Linux (Xubuntu 19.04) kontra Windows 10.

Best yting – Windows eller Linux runde 2

I forrige test nytta eg gamal maskinvare. Eg tenkte det denne gong var greit å få testa nyare og kraftigare maskinvare. Min stasjonere arbeidsstasjon kjøpt for 2 år sidan har som prosessoren Intel Core 7-7700 og 16 GB minne. Eg valde å nytte ein nyare variant for Linux denne gong, Xubuntu 19.04 kontra 18.04 forrige test. Linux vart køyrt i minne frå USB minnepinne. Windows 10 er installert på PC. Testprogrammet Geekbench vart oppdatert til versjon 4.4.0.

Dei første testane viste at Windows 10 scora ein del lågare enn eg forventa. Eg starta om maskina, pausa både OneDrive og antivirus og såg eit byks på mellom 1000 og 2000 poeng eller 5-10% i multi core (fleirkjerne). Ved den endelege testinga i Windows 10 pausa eg OneDrive og antivirus. Deretter gjekk eg gjennom alle tenestene som køyrer i bakgrunn i Windows og slo av fleire, mellom anna Windows Search Indexer som går i bakgrunn og indekserer filer. Kort sagt Windows 10 er spesialtilpassa testen. Xubuntu 19.04 vart laste ned frå xubuntu.org og køyrt i minne utan noko spesialtilpassingar.

Resultatet baserer seg på snittet av 4 køyringar under Windows 10 og 3 i Xubuntu 19.04. Tabellen viser kor mykje betre eller dårlegare Linux er i forhold til Windows 10:

 WindowsLinux
 Single CoreCryptoIntegerFloat. P.MemoryMulti CoreCryptoIntegerFloat. P.Memory
Poeng370,25-138,5590,833527,667-229,3331441-39,4171878,922061,33-104,583
Prosent7,05 %-2,86 %11,09 %10,36 %-4,23 %8,04 %-0,25 %8,66 %9,99 %-1,78 %

Som de ser kjem eg til mykje det same resultatet som i forrige test. Stussar i det minste på kvifor crypto og memory scorar dårlegare i Linux enn i Windows, når Linux leiar med rundt 10% i heil- og flyttalsoperasjonar.

Som nevnt over vart Windows 10 spesialtilpassa for testen. Tenester vart pausa og stoppa. Skilnaden ville vorte større.

Best yting – Windows eller Linux?

Eg har dei siste dagane sett på ytinga som Apple Macbook Pro 13 tommar (2019) i f. eks. Geekbench 4. Nivået er ikkje langt unna min Intel Core i7-7700 i ein Lenovo Y720 Cube. Mange hevdar at OS X er meir optimalisert enn Windows sidan Apple har full kontroll på maskin- og programvaren. OS X er ein Unix-variant, Linux same utspring. Er det noko vesentleg å tene på å skifte over til Linux for meg?

Til testen min nytta eg to identiske maskiner av typen Lenovo X230 med Intel Core i5-3210m, 8 GB internminne og 256 GB SSD-lagring. Den eine køyrer oppdatert Windows 10 og den andre oppdatert Xubuntu 18.04 (Linux). Før siste testrunde oppdaterte eg BIOS/firmware på begge maskinene til siste versjon. Testar før og etter synte at omkoding av video under Windows 10 tener 2 til 3 prosentpoeng. Med eldre BIOSar var Windows-maskina nesten 9% tregare mot 6% med siste BIOS-versjon.

Omkoding av video

Eg nytta ei 4k, H264-koda videofil av Shotcut til Youtube-standard. I Handbrake 1.2.2 var denne omkoda til full HD med innstillinga Super HQ 1080p30 Surround. Testen var køyrt 3 gonger på kvar maskin og snittet vart:

Windows: 45 minutt 10 sekund
Linux  : 42 minutt 34 sekund

Linux var 2 minutt og 36 sekund raskare enn Windows 10. Omrekna i prosent utgjer det 6% favør til Linux.

Geekbench 4

Single Core Crypto Integer Float. P. Memory Multi Core Crypto Integer Float. P. Memory
Poeng 278,2 99,4 450,8 199 54,2 415,6 377,8 608,2 392 26,2
Prosent 9,00 % 3,68 % 14,68 % 7,10 % 1,48 % 7,03 % 7,42 % 8,97 % 6,64 % 0,63 %

Tabellen viser kor mykje Linux var betre enn Windows 10. Hovedkategoriane er ein enkelt kjerne (Single Core) eller fleire kjerner (Multi Core). Tala etter dei utheva er delkategoriane. Geekbench 4 er ikkje langt frå resultatet i Handbrake med 7% kontra 6%.

Resultatet viser at det er ei viss forbetring med å velje Linux, men er det nok?