Eg hadde ein samtale med ein kar om ulike stiar som vart nytta i gamle dagar. Denne stien vart nytta av bøndene når dei lauva i sidene på Melatoppen, Seljeskredfjellet til Bjørnshovden. Eg har lenka til eit kartutsnitt frå Norges-kart.
Stien startar ved den nederste høgresvingen på Hangsetevegen, kryssar Bogagrovi og skråar opp over mot teksten Seljeskredfjellet. Når du står i svingen, med ryggen mot vegen, kan du skimte kor på stien har starta. I dag er det nok berre hjorten som bruker deler av han. I bilete under har eg teikna inn slik eg oppfatta stien gjekk:
Ser du fjellområdet nedanfrå, ved Henjabrua eller heime på Njøs, kan du ikkje tru at det gjekk an å gå i fjellsida. Sjølv med nerver av stål er det lite sannsynleg at du kan gjennomføre turen i dag. Ein del av fjellsida, som du ser i venstre tredjedel av bilete over, lausna for ein del år sidan. Det tok med seg ein vesentleg del av hylla som stien gjekk over. Bileta under tek deg litt nærare inn på området (frå sør til nord) samt rasrenna:
På Hangsete startar du ved turpostkassen og går nordover, i retning av hytta som ligg ved granfeltet. Stien startar like under gransfeltet ved hytta. Du må først gjennom eit lite omårde med små sprakar. Etter det følgjer du stien mot ein bakke. Her er det like greit å gå stien som går mest oppover. Det er snakk om ca 30 meter opp før det flatar ut i retning Våkeldahaug. Du skal litt etter oppstiginga passere på oversida eit stort lauvtre som er knekt. Kiker du deg tilbake ser du stølsområdet på Hangsete. Passerer du på undersida av treet betyr det at du ikkje har gått høgt nok opp, men du vil kome inn på stien mot Våkeldahaug like etter. Stien vestover er merka med raude prikkar i begge retningar.
Etter ca 700 meter frå Hangsete kjem du inn på stien som går ut mot Kyrafossen, like over turpostkassen på Våkeldahaug. Gå ca 10 meter i retning Njøs, ned til turpostkassen, og ut på utsiktspunktet.
Njøsdalen rundt er ein tur på vel 20 km som er fullt mogleg å gjennomføre på ein helgedag eller langkveld om sommaren. Du må rekne med 5 til 7 timar alt etter tempo og pausar. Det viktigaste er at du ikkje set ut i eit forrykande tempo. Ikkje minst er det viktig å ha med seg nok næring i sekken, vatn og ekstra klede. Det er kjøligare på toppane.
Det er fritt val om du vil starte på Njøs eller på Kvålen. Eg gjekk turen heimanfrå via Kvålen, til Haoahaug og Skagasete. Frå Kvålen skal du til du er oppe på Rjupeskar (Plassen har same namnet som den i Kleppa-området.) gjere unna ca 800 høgdemeter. Frå Rjupeskar er det eit slakara parti før toppen Lusaskard. Går du tidleg på året, kan du drikke opp og fylle flaska i dette partiet. Friskt smeltevatn er godt som drikke og til å kjøle seg ned med. Oppe på Lusaskard passar det med første matpausen.
Etter matpausen går du i retning Øvstedalen og ned til Hottadalen, ei nedstiging på 270 høgdemeter. Dette er første gongen bremsane må skikkeleg på. Frå Hottadalen er det berre å følgje stien over Geitadalen til Tuftahaug. På Tuftahaug passar det med ein drikkepause slik at du kan fylle på flaska i Malinabekken. Bekken, eller oppkoma, finn du heimom det svarte selet/hytta. Ikkje fyll flaska frå bekken som renn forbi det eldste selet. Vatnet kjem frå ei tjørn og er ikkje tilrådeleg å drikke.
Etter at du har fylt flaska i Malinabekken, går du tilbake til det svarte selet/hytta. På baksida finn du starten på stien som tek deg i retning av Havrane. Etter kvart som du nærmar deg Havrane blir stien vanskelegare å følgje, men så lenge du held retningen mot Mjellhaugane og kryssar under lina kjem du til fremsta Havravatnet. I nordaust-enden, der vatnet renn ut i Øvstedalen, er det eit stort raudt merke på ein stein. Merket markerer starten på Moldbakken.
Opp Moldbakken har du meir enn nok med å studere vegetasjonen. Det er bratt. Eit stykke oppi skråar stien bortetter, over Havravatnet. I starten rasa yste del av stien ut vinteren 15/16, men det går greit å forsere. Stien går på kanten, over vatnet, så her er tipset å halde fokus rett fram. Pass på å ikkje stylke i småbusker som heng over kanten, men som har rota på andre sida av stien. Når det verste partiet er unnagjort, går du opp og ut av skogen. Det er like greit å halde retningen mot sør, like under Mjellhaugane. Bak horisonten finn du restane av Bergsete, ein støl som vart gitt opp. Ta ein god rast og matpause før du går sørover.
Det er sett opp skilt og merka med raudt på tre heilt til Hangsete. Første halvdelen av turen dit er i slakt terreng før du byrjar nedstiging i skogsgrensa. Det er her den lange bremseetappen byrjar og det er ikkje slutt før du står på Njøs. Om sommaren kan du helse både på sau og kyr på Hangsete. Rastar du der kan hestane etter ei tid verte litt nysjerrige på om du har noko godt med deg.
Frå Hangsete følgjer du stien ned på Bjørgahaug og tek Kidlestigen ned på Njøs. Bjørgahaug er vel verd ein stogg for å ta flotte utsiktsbilete og «sjølvies». Det kan vere lurt å tøyge ut litt før Kidlestigen og 300 høgdemeter ned på litt over 1 km distanse. Etter nesten 20 km på tur i varierande terreng, vil du merke den nedstiginga.
Det som skulle vorte ein støl, Bergsete, ligg like under Mjellhaugane, over Havrevatna. Dei byrja å bygge opp sæl av stein for fleire mannsaldrar sidan, men gav opp sidan det var for lite ved i nærleiken. I dag trur eg det skulle vore fullt mogleg å hatt støl der. Tregrensa har drege seg oppover og det er ikkje langt til veden. Drikkevatn var ei anna utfordring på Bergsete. Det er fleire måtar å kome seg dit på:
Per Norvald Henjesand merka stien frå Hangsete til Bergsete med små raude skilt og raude merke. Når du står på stølsplassen, ved trimpostkassen, skal du gå vidare inn over Hangsetedalen. Eit par hundre meter frå stølsområde står det skilt med to anvisningar, innover dalen til Skrik og nordover til Bergsete. Du tek av og går opp lia, gjennom skogen til du passerer ca 800 høgdemeter og kan sjå ryggen til Mjellhaugane røyse seg opp. Du vil sjå ein staur med skilt på mot horisonten i starten av ryggen. Skiltet som peikar deg i retning Bergsete, som du òg vil sjå frå dette punktet. Samla sett er denne ture på 5,2 km så du kan forvente at det tek 1,5 – 2 timar.
Eg kan tilrå den som ein del av ein rundtur. Personleg likar eg å gå opp Kvannskar til Bergsete og så heim via Hangsete og ned på Njøs. Kanskje har det noko med at eg likar best å gjere unna oppstiginga så rask som mogleg.
PS! Albumet er ikkje komplett då eg gjekk Bergsete til Hangsete og i ein liten periode mista stien. Skulle du gjere det same, er det berre å sikte seg mot kløfta der Fatleelva renn utover eller høgspentmastene på kanten av fjellveggen på andre sida av fjorden, over tunnellen ved Borlaug.
I bilete til høgre ser du Kyrafossen ein vårdag. Til venstre for fossen, i den graskledde, bratte lia snor det seg ein sti. Har du høgdeskrekk blir du frårådd å gå denne turen.
Du følgjer traktorvegen mot Hangsete. Etter å forsert det brattaste partiet av vegen, kjem du til skiltet som merker starten. I midten av bilete ser du ein del gran. Frå traktorvegen går stien opp til desse. Du går gjennom granfeltet og her vert det vesentleg brattare. Legg merke til hylla på skrå nedover i retning fossen frå granfeltet du ser mot himmelen, denne kjem du til å gå på. Stien er lite oppgått, men du har god hjelp av raudmerking.
Frå du går opp gjennom granfeltet i midten av bilete til du går inn i det øvste granfeltet, må du være budd på å takle høgder. Lauvskogen tilbyr berre svært varierande skjerming så du vil garantert kjenne suget frå “avgrunnen”. For meg er dette den mest utfordrande stien eg hittil har gått i Leikanger. At han er bratt er ikkje noko fysisk problem i motbakken, men tittar eg ned på dei rette stadane kjem ubehaget. Her gjeld det å halde rett fokus så går det bra, men eg veit ikkje om eg kjem til å gå han ned. Stien i bratta vert kalla «Bjødnastien», men kvifor har eg ikkje fått klarheit i. Sidan eg til tider er mest komfortabel med å bruke alle fire, synes eg namnet er passande. Eg kjem oppover, som ein bjørn. Om ein studerer kartet vil ein sjå at høgda til venstre for biletkanten heiter Bjørnshovden og då har ein nok forklaringa på namnet.
Inne i granfeltet på toppen er det eit utsiktspunkt der stien snur tilbake, i retning Kyrafossen. Du vil finne fleire høver til å sjå bygda, men eg synes utsiktspunktet litt aust for fossen, Våkeldahaug, er langt betre. I tørre og varme periodar om sommaren er det ikkje vasseføring i Kyrafossen. Ver ikkje overraska om du ikkje legg merke til elva.
Det som skulle vorte ein støl, Bergsete, ligg like under Mjellhaugane, over Havrevatna. Dei byrja å bygge opp sæl av stein for fleire mannsaldrar sidan, men gav opp sidan det var for lite ved i nærleiken. I dag trur eg det skulle vore fullt mogleg å hatt støl der. Tregrensa har drege seg oppover og det er ikkje langt til veden. Drikkevatn var ei anna utfordring på Bergsete.
Du kan velje traktorvegen eller gå via Bjørgahaug mot Hangsete. Begge alternativa har flott utsikt. Traktorvegen er best dersom du ikkje likar deg på kanten av fjellknausar. Når du er komen til enden av traktorvegen, frå ei av rutene, skal du ta deg opp til Våkeldahaug. Du skal passere bak ein kjempestor stein i bakkant av Våkeldahaug og like etter kjem du til eit sti-skilje. På dette punktet er du cirka halvveges til Bergsete tidsmessig.
Snu ryggen din til Kyrafossen for å runde foten av ein liten rygg, som kjem ned nokre få meter borti stien. Kryss søkket og ta til på motbakken nord-austleg retning. I praksis betyr det at du, grovt sett, må ha Borlaug på sørsida av Sognefjorden i ryggen på turen til Bergsete. I forhold til stigninga du har vore gjennom opp til Våkeldahaug, er dette greie stigningar avbrotne av flate myrer. Turen er ikkje merka, men bileta gir deg eit godt inntrykk av terrenget du vil møte. Du skal berre hugse å ikkje gå for mykje vestleg/venstre, for å unngå å gå ned i søkket som bekken/elva som renn ut over Kyrafossen renn i. Hald deg langs/på høgdene på austsida.
Som du ser av bileta er det rimeleg ope mellom lauvtrea. Her er det ingen granfelt du må rundt eller gjennom. Du treng ikkje gå opp på kvar ein haug du går i retning mot. Følg skråningar som gradvis tek deg opp, i rett retning, men gjerne forbi toppen på ein haug slik at du unngår å gå på toppen for så å gå ned frå han på baksida. Eg trur du vil sjå nokre døme i mine bilete.
Ca halvveges frå Våkelda dukkar Skriki og toppane av Mjellhaugane opp. Det er berre å sikte seg inn på Mjellhaugane. Bergsete ligg nede ved foten, i nord, på vestsida. Etter ca 2/3 av turen frå Våkeldahaug vil du kunne skimte steinmurane på Bergsete. Eg vel å gå litt opp, langs Mjellhaugen for å sleppe å gå over myrene. Der kjem du inn på ein sti/dyretrakk som tek deg mot Bergsete.
Turen til Bergsete er delt i tre eller fire deler:
Terrenget over Njøs skjuler ei godt gøymd perle med ei langt betre utsikt enn det Bjørgahaug kan gi. Utsiktspunktet blei av dei gamle kalla for «Våkeldahaug». Årsaka er at plassen er godt synleg frå bygda og det gjorde seg difor godt å tenne bål/varde der når ein skulle f.eks. feire noko.
Er du på veg til Hangsete, er det vel verd å ta ein avstikkar på noko over 500 meter opp frå slutten av traktorvegen mot Hangsete. Når du står på slutten av traktorvegen mot Hangsete, ved Hangsetegrinda, skal du legge merke til det vesle granfeltet på nordsida av vegen. Gå gjennom grinda og følg gjerde opp over til stien knekk vekk frå gjerde etter ca 30 meter.
Når du har gått halveges, kjem du til eit parti med eit svaberg bak nokre furuer. På svaberg er det vanskelegare å sjå kor stien går, men det er berre å halde fram opp, bak furuene. Etter i overkant av 500 meter gange kjem du til berget med utsikta. Stien går i bakkant av nokre einer. I motsetning til Bjørgahaug forstyrrar ikkje einer eller busker utsikta frå Våkeldahaug.
Turen til utsiktspunktet er delt i to eller tre deler:
I staden for å gå den tradisjonelle stien Kidlestigen, kan du fylgje ein traktorveg oppover mot Hangsetegrinda, som står mellom Ste og Kyrkja, eit kort stykke før Hangsete.
Når du står ved transformatorstasjonen på Njøs, skal du snu nasen i nord-austleg retning og sjå opp mot fjellet. Legg merke til den vesle fossen som renn ned fjellsida, frå toppen. Han heiter Kyrafossen og i løpet av turen skal du gjentekne gonger krysse vatnet frå han før du passerer like under han.
Traktorvegen startar med bra stigning, men allereie etter første passering av vatnet frå Kyrafossen blir det brattare. Etter at vegen svingar tilbake og går i sørleg retning, mot foten av Bjørgahaug, og over elva att, kjem den brattaste stigninga. Du kan skimte ho like over tretoppane på Njøs.
Den kraftige stigninga held fram heilt til du er godt opp i gjelet med ein granskog. Inne i skogen kan du finne ein sti som tek deg tilbake til Bjørgahaug, om du vil ha ein kortare rundtur. Etter mine erfaringar er stien vanskeleg å finne frå denne retninga. Første gongen kan det vere lurast å finne stien frå Bjørgahaug. Starten er merka nett etter Bjørgahaug, på stien til Hangsete.
Utsikta frå stigninga er god, men ta deg gjerne ein liten sidetur, til dømes ut på ryggen som fører opp mot Kyrafossen, for å få ei betre utsikt ned mot Hermansverk og oppover ytre del av Henjadalen mot Kleppa og over.
Den verste stigninga er unnagjort når du passerer under Kyrafossen. Vegen går i nokre slynger til oppover. Utsikta er på sitt beste ut fjorden. Ta deg gjerne ein pause på eit svaberg eller ein knaus her.
Fjellet Skriki på 1.227 moh ligg ikkje i Leikanger kommune, men i Sogndal kommune. Toppen ser du lettast når du nærmar deg Fardal frå Sogndal, etter bilvegen. Skriki ligg over Ølmheim og mot Fardal. Det er blir eit godt stykke å gå frå Leikanger. 4 – 5 timar bør du rekne på turen. Naturlegvis vil du også sjå han på turar som til t.d. Lusaskard eller Kjeringafjell.
Utgongspunktet for min tur var transformatorstasjonen på Njøs. Etter eit lite stykke på traktorveg startar den bratte stien kalla Kidlestigen (Geitekillingstien) opp til Bjørgahaug. Eit mindre bratt og luftig alternativ er å parkere ved rasteplassen på Sanden, like ved der 80-sona startar mot Fatla og Sogndal. På Bjørgahaug, 362 moh, kan det vere greitt med ein liten pause før ein stig vidare opp til Andhovden.
Frå Andhovden mot Hangsete og inn Hangsetedalen til Kalvavatnet, ved foten av Skriki, er det eit langt stykke å gå på god sti. Heldigvis er ikkje stiginga like kraftig som på den første biten. Du må ha tolmod og rekne med 2 til 3 timar frå Andhovden. Sørg for å ta pausar med jamne mellomrom og fyll på med mat. Etter cirka halvveges vil det vere mange alternativ til å bryte av mot nord og gå i retning av Mjellhaugane.
Framme ved Kalvavatnet kan du gå ei sløyfe mot aust/søraust og kome inn inn på stien som kjem opp frå Norane. Eg likar å gå direkte på og siktar meg inn på ein stein, kalla Novstein, som ein ser, litt oppe, på sørlege del av vestre veggen til Skriki. Når du kjem opp til Novsteinen, er det berre å følgje stien mot toppen og varden som ligg på 1.227 moh.
Ved varden vil du legg merke til at du er opp på eit vidt platå. Ta turen rundt for å sjå deg om. Det er vel verd den ekstra spaserturen. Utsikt i aust over Sogndalsdalen, Slakkafjellet, Skardsbøfjellet, Kjørnes, Eidsfjorden. Skyene sperra for utsikta til Storehaugen og TV-sendar. Mot sør ser du Fimreite og Fresvik. Skyene sperra for utsikta mot Frønningsåsen, bak Fimreite. Under Skriki ser du stølane Breisete og Orrabu. Ser du meir vestover ser du over Honnsetevatnet, Kalvavatnet, ned mot Hangsete og Leikanger, Feios, Vangsnes og Balestrand.
Den nordvestlege toppen, Veten, gir best utsyn mot vest, nord til aust; frå fjorden og bygdene langs han, samt Skriksvatnet, Kalvavatnet, Mjellhaugane, Lusaskard, Furusete, Fjærlandssetevatnet. Mot himmelen skimtar fjelltoppane i Leikanger som Mælen, Hest, Kjeringafjell, Myrdalsbreen, Synnavaskjer og Sogndals skitopp Blåfjell. Tek du turen seinare på dagen, vil tinderekka vera i utsikta vere mindre utsett for skyer. Du ser også ned i fremste del av Øvstedalen med Svartavatnet og stølane rundt, samt over i Sogndalsdalen. På Skriki kan du også oppleve skyene stryk forbi deg.
Eit alternativ nedatt er å følg merka sti ned til store steinen. Ikkje sving inn under steinen på den første stien/dyretrakk. Neste sti er merka med raude prikkar. Følg den nedover til du kjem til den store, mørke kampesteinen ca 1 minutt og 30 sekund ut i videoen under. Den skal vere grei å sjå når ein er oppe på haugane aust for Kalvavatnet på veg opp.
Når eg braut av ved steinen, valde eg å halde meg litt for mykje til nord. I stadenfor å kome rett på Kalvavatnet vart det meir ein boge, men det er ingen problem å korrigere kurs i dette terrenget.
Har du teke turen til Bjørgahaug, bør du vurdere om du vil gå til Hangsete. Hangsete er ein støl som ligg eit stykke over der Fatla-elvi stuper ut over fjellet. Stien er lett å følgje og er ikkje så bratt som første delen opp til Bjørgahaug. Frå Bjørgahaug går du innover og i sikk sakk opp til Anhovden. Dette er den brattaste delen. Etter Anhovden går turen innover mot Fatlaelva i slak motbakke. Ved Ste kan du, like ved skiltet, ta turen opp på den vesle høgda og nyte utsikta over fjorden. Har du med deg kikkert, og er der på det rette tidspunktet, kan du studera nærare på cruiseturistane som kjem inn og ut frå Flåm.
På Hangsete er det god tilgang til vatn, så du treng ikkje ta med drikke. Frå Njøs bør du rekne med at turen tek 1 time og 30 minutt. Hangsete treng ikkje vere endestasjon for ein turgåar. Du kan gå over til stølen Kråkesete, på motsett side av Fatleelva, i Sogndal kommune. Frå Kråkesete skal det vere ein sti ned til Slinde.