Tidleg start frå Sommarøy. Like greitt å bruke tida på ferjekaien enn å miste ferja. Veret var ikkje det store første del av dagen. Men vi kom i land på Senja og tok første turen innom Husøy. Deretter følgde vi vegen motsett veg av då eg var her i 2023 forbi Senjahopen og heilt til Gryllefjord. Sjølv om nokon av toppane var litt beskjedne og stakk toppen i skyene, fekk vi meir enn nok inntrykk av Senja. Ein liten stopp i Finnsnes for lunsj passa bra.
Veret tok seg opp og vi køyrde via Sørreisa forbi Bardufoss til Setermoen. Sistnemde hadde hatt ei utvikling i løpet av dei tre åra sidan eg sist var der. Vi stoppa ved Ionity for å lade og planlegge neste del av turen. Plasseringa av Ionity-ladarane var ikkje heilt optimal. Det vart for trang med parkeringa like ved og skapa ein del frustrasjon sidan den eine ladaren eg hadde blinka meg ut ikkje var «frisk». Enda med eg flytta meg til ein anna ladar og då virka alt. Det vart nemnt i etterkant, like før eg reiste, at ladaren eg sleit med hadde andre også slite med.
Heimturen stod om to alternativ, ned gjennom Noreg eller gjennom Nord-Sverige. Sidan vi hadde teke turen nedover Noreg i 2024, gjekk vi for å køyre ned Nord-Sverige. Vi var budd på eit meir einsformig landskap. Eg kjente det frå turen rundt Finland i august 2025. Sjølv om det er 300 km lenger er vegane i Sverige langt betre og trafikken mindre. Her treng du ikkje kjempe med campingbilar og turistar gapande på omgivnadane i sitt eige tempo. Valet var enkelt. Vi ville sjå Bjørnefjell og fjellområda mellom Sverige og Noreg og køyre på gode vegar med lite trafikk.
På vegen nedover til Bjerkvik passerte vi den store utbygginga av datasenter, eit stor område nordom Bjerkvik. Rett før vi kom til brua svinga vi austover og oppover mot riksgrensa til Sverige. Trafikken tok seg opp og etter at vi passerte grensa og Abisko skjønte vi at nordmennen skulle eller hadde vore på handling. Etter Abisko tok trafikken av og vi heldt fram mot Kiruna. På nordsida av vegen var det eit stort vatn og lågare fjell, på sørsida høgare fjell opp mot vegen. Kebnekaise ligg ein del sørom Abisko nasjonalpark, men er ein del av Kiruna kommune. Dessverre kan ein ikkje sjå fjellet frå E10. Etter kvart endra terrenget seg til meir vid og open vidde med slake åsar/fjell. Varierande natur denne dagen frå dei spisse toppane på Senja til meir eller mindre vidde når vi nærma oss Kiruna.
Framme i Kiruna tok vi ein tur rundt i gamlebyen, som vil vere historie om ti års tid. Er rimeleg sikker på at grunnen nærast avkøyringa mot gruva har gitt etter sidan sist. Det var store sprekker i vegen og bakken som var fyllt att nær dei gamle blokkene. Vi tenkte at vi skulle overnatte i den nye delen på Scandic. Dessverre er den delen ikkje planlagt for bil. Vi leita etter parkeringsplassar. La merke til ein grusplass på motsett side av vegen, men fann vi ikkje tydleg merking at dette var ein offentleg parkeringsplass. Mange av plassane var merka som utleigde. Vi tok ikkje sjansen. Surt å ende opp med å få bilen taua bort eit par dagar før ein er heime. Vi returnerte til gamlebyen og eit Best Western-hotell. Greitt nok for ei overnatting, men hotellet bar meir preg av å vere ein brakkerigg for arbeidarar i gruva.