Vi tok ein tidleg ferietur i år og køyrde ned Sverige over Storebelt via Kolding og Tyskland. Autopass-brikken fungerer på Storebelt-brua, men på Lillebelt må du fram med kredittkortet. Andre overnatting vart i Büsum for deretter å følgje kysten av Tyskland, Nederland, Belgia og Frankrike nedover til Carentan. Vi var innom tallause landsbyar langs landevegen på turen ned og heim. Det gir eit heilt anna inntrykk enn å følgje dei store motorvegane.
På turen ned var vi innom området der slaga om Ypres stod. Vi besøkte museet i Zonnebekke og fekk formidla grusomheitene i perioden 1914-1918. Ein halvmillion drept og skada langs ei frontlinje som flytta seg att og fram 5-8 km i løpet av åra.
Vi vandra på stranda i Dunkirk, der engelskmennene hadde ryggen mot havet i starten av andre verdskrig. Nede i Carentan nytta vi tida til å vitja strendene for D-dagen i 1944, frå Utah Beach i vest til Sword Beach i aust, nær Ouistreham.
Returen heim gjekk via Paris, Verdun, Ardennes og motorvegane i Belgia og Tyskland tilbake til Danmark og over Storebelt igjen. Ikkje overraskande stoppa vi ved minnesmerka i Verdun til minne om slaga under første verdskrig. Nok ein stad med opp mot ein halv million døde og skada. Vi opplevde området der tyskarane hadde ein siste motoffensiv i slutten av andre verdskrig. Men kva med bilen, spør du?
Lading: Eg valde å basere meg på Tesla og Ionity-abonnement. Dei er klart rimelegast, omlag halv pris i høve andre. Sidan eg køyrde mykje utanfor dei store transportårene, måtte eg også nytte andre ladenettverk. Sidan Tesla ikkje tilbyr 800 volt lading, maksar ladinga med 97 kw. Det er fint når du treng ein matbit og ein tur på «det lille kontoret». Ein slepp å svelge maten heil medan ein «gjer sine forretningar». Pausar er gull etter 3-4 timer på motorvegen i til tider tett trafikk i opp til seks felt. Sidan eg har hatt to ICCUar som har teke kvelden, valde eg å ikkje ta med ladekablar for vekselstraum/AC. Det var like greitt sidan hotella vi overnatta på ikkje tilbaud lading.
Førarstøtte: Om det er noko som overraska meg stort er det førerstøtta til bilen. Tillit er noko man byggjer, ikkje noko man har. Her må eg sei at eg aldri har opplevd at førerstøtta feila. Bilen har full oversikt over det som skjer rundt han. Veldig avslappende å la bilen køyre seg sjølv. Kunne tenkt meg at bilen kunne kjenne at eg holdt i rattet, ikkje at det var motstand i styringen. Kjedeleg å ofte svakt røske i rattet når bilen kjeftar på meg fordi han meiner eg ikkje har hendene på rattet på dei laaaaange, rette strekkene.
Navigasjon: Det er lite tilfredsstillande at Tesla Superchargers ikkje er inkludert i navigasjonen til Hyundai. Det andre er at stemmestyring ikkje er tilgjengeleg på norsk språk. Du må skrive med tastatur og det er ikkje smart når du køyrer. Eg testa engelsk språk på navigasjonen i 2024, men bilen forstod ikkje mi uttale av namna på dei norske stadane. Orka ikkje å teste uttala mi av flamske og franske stadar. Lista over dei geografisk næraste ladarane i bilen sin innebygde navigasjon er smart når det nærmar seg lading. Opplevde at Ionity til tider var full med ladekø og plan B må ein alltid ha om ikkje Tesla er i nærleiken.
På sommaren er ikkje trongen til å forvarme batteriet før lading stor. Bruk av innebygd navigasjon er ikkje nødvendig. Du kan bruke Android Auto eller Apple Carplay. Google Maps har ingen problem å forstå meg, sjølv om mi uttale av franske og flamske stadnamn til tider kan bli feiltolka.
Motorveg i høg fart: På Autobahn med fri fart var det heilt greitt å legge cruisekontrollen på 140 eller 150 km/t. Eg testa ein periode i 175 km/t, men det vart litt for fort i mengda med trafikk på turen. Forbruket aukar vesentleg med høgare fart. Det kan vere like greitt å legge bilen på det som blir tilrådd, 130 km/t. Berre hugs å følgje godt med i spegelen når du skal køyre forbi. Det hender at bilar med god fart nærmar seg fort. Minst to blikk må til for å bedømme farten på slike.
