12. juni 2024: Mo i Rana til Saltstraumen og Bodø

Denne dagen tulla videokamera seg mykje. Fekk ikkje filma noko verd å ta vare på før vi køyrde i land på Esøya og då haldt det eit stykke. Heldigvis virka det på turen frå Saltstraumen Hotell, inn og rundt i Bodø og tilbake.

Ein tidlegast mogleg frukost i Mo i Rana vart det. Sette oss i bilen og gjennomførte første etappe på nesten 100 km til Kilboghavn ferjekai. Meinar vi sikta oss inn på ei ferje i 9-tida. Turen ut dit var fin, landskapet variert og sidan vi var tidleg ute var trafikken liten. På ferjekaien i Kilboghavn var det allere ein del campingbilar i det første feltet før vi kom, og etter oss kom fleire campingbilar til. Meinar vi venta i knappe timen, som sagt tidleg ute for å sikre seg plass. Det var ikkje mykje liv på ferjekaien, men vi vandra litt rundt og såg oss om. Såg det låg ei stor ferje over fjorden nordaust om oss. Var det noko slikt skulle ikkje det vere problem å ta med dei på kaia, tenkte eg.

Stor var difor overraskinga når ferja som gjekk der kom. Det var ei lita ferje med styrhus på ei side, utan overbygg over bildekket. Trur det var 3 rader med bilar som det var plass i breidden til. Eg starta å lure på om vi måtte stå over nokre timar. Å plassere campingbilar på ei lita ferje gjer at det kan bli lite plass att til noko anna. Vi kom med, men var siste bilen ombord. Det var plass til eit par personbilar bak meg i fila eg stod i. Du kan sjå bakdelen av bilen og starten på den ledige plassen i bilete nummer 2 under. Eg veit det stod at personbilar på ferjekaien. Ferjemannskapet hadde sikkert side prioriteringar. Det å få vinka ut og fram ei par personbilar slik at dei slapp å stå att i 2-3 timar, var nok ikkje ei av prioriteringane.

Veret var fuktig, men varierande. Ute på dekk, oppe ved førarhuset var det luftig. Vi fekk med oss at vi passerte polarsirkelen og såg ulik busetnad her og der i den ville naturen. Turen mot Jektvik tok omlag ein time. Når vi kom dit, kunne eg sjå her var det ikkje alle som kom med på returen. 4 felt var fyllt opp med for det meste campingbilar. Mange måtte nok bu seg på halve dagen i ferjekø og vel så det med den balja som frakta oss. Utover dagen høyrde vi på radioen at det var store problem med ferjekapasiteten på Jektvik – Kilboghavn. Har aldri vore så glad for at vi førebudde oss på noko slikt og kom av gårde før mange hadde vakna.

Jektvik til Årsgardet er eit lite transportstykke til ein ny ferjekai. Her var det betre med ferjekapasiteten. Turen over til Halsa var vesentleg kortare enn forrige. Vi satsa på Saltstraumen Hotell som vi kom til rimeleg tidleg. Vandra rundt i området og var nede ved Saltstraumen. Eit yrande turistliv og mange som fiska i den sterke straumen.

På kvelden tok vi ein tur inn til Bodø og såg oss rundt. Mellom anna ville eg sjå om det var realistisk å stille seg i kø på ferja ut til Lofoten på morgonen, utan å ha tinga å førehand. Håpet var ikkje stort sidan eg hadde sett at plassane som kunne tingast vart tidleg tekne. Framme ved ferjekaien var det grei konklusjon at vi heller satsar på Bognes – Lødingen neste dag. Heilt tydeleg at feriesesongen var godt i gang.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.