
Henjadalen er ein rimeleg flat og lang dal som startar ved Kolabakken på Røysaleitet og fungerer som eit startpunkt for mange fine turar. Du kan parkere bilen ved Leikanger Barneskule (stadion) og gå derifrå. Dersom du vil kutte ned ca 2 km av turen, kan du køyre inn til det gamle vassinntaket. Sjølv om bommen er open, er det ikkje lurt å køyre vidare. Berre er grunneigarar har nøkkel til bommen. Det vil vere kjedeleg å bli ståande fast på feil side av bommen på returen.
Stølen Flya ligg berre 500 meter lenger inn dalen frå Fivelhola. Har du kjøpt fiskekort, hjå den lokale sportsbutikken, kan du ta ein dag med å fiske etter aurekjøer på begge plassane.
Frå bommen må du rekne med ca 1 time gangtid langs grusveg til Flya. Vegen er ikkje bratt og passar ypperleg til dei første trimturane før du gyv laus på dei brattare turane, som t.d. Skagasete, Lusaskard m.m. Det går fint å sykle. Starten og slutten på lengre turar til Kjeringafjell, Trastadalen, Friksdal og Fjærlandsete bli meir behaglege. Det er knapt noko betre enn å setje seg på sykkelen etter 5-6 timar og rulle heim den siste, men dryge, halve mila.
Frå Flya kan du velje å gå på vestsida av dalen fram til Friksdalen eller på austsida og anten gå opp Reiseta til Fjærlandsete eller halde framover dalen til Åsenosi og koma opp i Trastadalen eller i Myrdalen.
Historiske bilete frå før kraftutbygginga































































