Tur: Dalhjedla

Henjadalen er ein rimeleg flat og lang dal som startar ved Kolabakken på Røysaleitet og fungerer som eit startpunkt for mange fine turar. Du kan parkere bilen ved Leikanger Barneskule (stadion) og gå derifrå. Dersom du vil kutte ned ca 2 km av turen, kan du køyre inn til bommen ved vassinntaket. Sjølv om bommen er open, er det ikkje lurt å køyre vidare. Berre er grunneigarar har nøkkel til bommen. Det vil vere kjedeleg å bli ståande fast på feil side av bommen på returen.

Dalhjedla er ein gamal støl som er til nedfalls. Mange av løene har kollapsa og det som står att av sel og løer har ikkje lenge att før dei takkar for seg. Barnålplantene har festa sitt grep om det rydda arealet og graset blir ikkje slått eller beita ned.

Turen til Dalhjedla er kort og ypperleg for ein rask kveldstur eller like etter jobb. Du rekk akkurat å bli sveitt. Ikkje er turen så bratt og luftig som turen til Bjørgahaug. Dei med høgdeskrekk vil ikkje få problem. Frå bommen ved vassinntaket i Henjadalen er det ca 1 km å gå før du kjem til stien, på ca 1 km, som fører opp til Dalhjedla. Han er markert med eit lite treskilt som står i grøfta på traktorvegen som fører til Flya.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.