I sommar valde eg å oppgradera PCen min. I over 2 år har eg vore nøgd med ein Lenovo med Ryzen 7 5800u. Det utslagsgivande for oppgraderinga var ein PC med støtte for den nye, frie standarden innanfor videokomprimering – AV1. I motsetning til støtta for H.265, slepp produsentane av maskin- og programvare å betale lisens for bruk av AV1. Over tid vil støtta for H.265 forsvinne.
Intel Arc-grafikkortet har AV1-koding integrert. Det går det unna ved konvertering av gamalt videomateriale. Ryzen 7 5800u har ikkje AV1-koding på maskinvarenivå i grafikkdelen. Her må prosessoren ta alt arbeidet og det høyres godt når viftene går på maks.
Av erfaring veit eg at Intel QuickSync fører til vesentleg større filer enn referansekoding i programvare av AV1. Med ein Intel i7-12700H i PCen ville eg teste kor effektiv programvarekoding av AV1 var kontra å bruke AV1-koding frå Intel Arc.
Ikkje overraskande vart AV1-filene frå Intel QuickSync større enn programvaremessig koding. Eg stussa på kvifor programvaremessig koding med Handbrake tok veldig lang tid. Når eg tok opp ressursoversikta i Windows, virka det ikkje som prosessoren løyste sveitten. Han låg på under 50% av kapasitet, sjølv om eg fora han frå SSD. Overføringsfarten var ikkje flaskehalsen. Eg gjorde den same testen på Ryzen 7 5800u. Her låg prosessoren tett opp under 100%. Noko stemte ikkje Intel-prosessoren. Under ser du svaret:

Legg merke til at det er berre dei 8 siste kjernene som maksar ut når eg nyttar Handbrake. Dei 8 siste er det ein kallar for E-kjerner eller efficency cores. I bilspråket er dette 4-sylindra dieselmotorar som berre sniffar på dieselen.
Dei 12 første slottane, som er lite brukt, viser 6 «power cores» med «hyper threading». Kvar fysiske kjerne kan prosessere 2 trådar (6*2=12) samtidig. Omsett til bilspråk er dette V8-16-motorar med kompressor eller turbo som skal stå for det tunge arbeidet. Minner om Jeremy Clarkson sitt kjente ordtak: «Power, Speed!!!». På ein eller anna måte tildeler ikkje Windows 11 noko arbeid frå Handbrake til dei kraftigaste kjernene.
Her var det berre å børste støv av gamal erfaring. Med hjelp av affinity kunne eg styre kva for kjerner som skulle få arbeidet frå Handbrake. Eg hadde god hjelp av denne kalkulatoren for å finne rett verdi:
C:\Windows\System32\cmd.exe /c start "" /affinity 0x0000000000000FFF "C:\Program Files\HandBrake\HandBrake.exe"
Med affinity sett til 3 F-ar, ber eg Windows om at Handbrake nyttar dei 6 første kraftkjernene, totalt 12 trådar. Det er ikkje ei optimal fordeling, men betre enn at Handbrake putrar avgårde på 8 kjerner med låg effekt.
