Lusaskard er det høgaste punktet mellom Njøsadalen og Henjadalen. Ein kan nå toppen frå ulike kantar, men den mest brukte er nok turen frå Skagasete på 589 moh opp forbi Sjonarhaug, Rjupeskar, Stortistelen til Lusaskard på 1.004 moh.
Til Skagasete kan ein kome seg på ulike måtar. Den mest komfortable er nok å ta bilen og køyre fram Njøsadalen og opp til Skagasete, ein tur på 5 km. Har du ikkje bil eller ein låg bil kan du gå fram vegen, men det blir langt i forhold til å ta turen opp frå Kvålen til Haoahaug og vidare til Skagasete. Turen er går gjennom skogen med ei kraftigare stigning, men er er berre på ca 2 km. Ein føler seg betre når ein snur seg på nederste Skagasete og nyt den frie utsikta ned mot Hermansverk og over fjorden til Borlaug. Ho blir ikkje den same utan eit snev av mjølkesyre i beina.
På Skagasete finn ein skilt som peikar til Lusaskard. Stien går opp svaberga nord for skilta og boksen med turboka. Den første og brattaste biten går opp til ein foringsplass for sauer før stien går inn i småskog opp til ein nærmar seg myrene under Rjupeskar. Her går den offisielle stien i ein boge mot vest før den rundar nord og til aust att over ei større myr. Sjølv meinar eg at her må ein bruke kortaste veg mellom punkta bogen startar og endar i. Eg vel å gå tvert over og sparar 2/3 av distansen på dette. Mitt alternativ går gjennom ein liten skog og kryssar eit par små avrenningsgrøfter for myra. Du treng berre ta eit litt lengre steg for å kome over. Slike må du også passere på den lange turen i myra. Mitt alternativ er tørt eller i det minste garantert tørrare, noko som er ein klar fordel om du går i joggesko. Eg meinar stien burde på vore merka om slik at ein kan kome seg tørrskodd forbi myra.
Når du har kome opp ved Rjupeskar, går du ut av småskogen og får Lusaskard. Turen frå Rjupeskar til foten av toppen til Lusaskard er den slakaste av turen. På stien går du forbi ein liten bekk som kjem frå toppen av ryggen frå Skagasetfjellet til Lusaskard. Her pleier eg å ta meg ein slurk eller fylle vassflaska. Kjem du forbi på seinsommaren kan det godt hende at han er nærast tørka ut. Som eit alternativ, kan du gå opp på Skagasetefjellet når du har kome over skogen og følgje ryggen opp på Stortistelen før du går ned litt og opp att på Lusaskard. Det er nokre myrer i dette alternativet, men dei er ikkje vanskelege å ta seg rundt. Risikoen for å bli våt med joggesko er der, men du får i bytte utsikt mot Kjeringafjell, Kjeringi, Sevi, Stokksete og Voggebreen.
Ved foten av toppen på Lusaskard er det fritt fram å velje korleis du vil kome deg opp til varden. Du kan følgje stien, men du kan også velje å gå rett på eller ta runden og gå opp på baksida. Bileta som eg har lagt ut er når du følgjer den vanlege stien opp, men du ser sjølv at det ikkje er farlege heng eller noko anna som hindrar deg frå å gå opp kor hen du vil.
Turen til Skagasete er delt opp i tre deler:
- Kvålen til Haoahaug til og med bilete 25
- Haoahaug til Skagasete
Alternativ til 1 og 2: Skagesete inn Njøsadalen - Skagasete til Lusaskard
Hei
Einig med deg når det gjeld merking gjennom myra under rupeskard.Eg rydda litt i det vetle skogholtet du beskriv (trur det var i 2005),der finn ein og tydelege spor etter vegen. Satsar på å få hogge på nytt og merka vegen her i løpet av sommaren.
This was lovely too read