Turen til fjellet Smørkletten startar på parkeringsplassen på Kleppa, ca 5 km køyretur opp frå Sognefjorden og går gjennom skiområda på og over Kleppa.
Når du har parkert går du til botnen av slalombakken for å byrje oppstiginga, i venstre kant a bakken mot granfeltet, til Øvstestølen. Alternativt kan du gå skogsløypene opp som går gjennom granfeltet. Den lengste tek deg ut mot der du kan gå til Eggja via Vålamyri for så å svinge tilbake mot Øvstestølen.
Frå Øvstestølen følgjer du skiløypa halvveges mot Damefall før du tek av på ein sti som går vestom skiløypa. Denne kan ta deg i fleire til plassar, alt frå Eggja over Smørkletten, Rjupeskar og Kjeringi i nord og Stokksete i nordaust.
Etter eit kort stykke frå du forlot skiløypa for å gå på stien, kjem du til eit kryss der stien mot Eggja og Smørkletten tek av i retning nordvest. Mesteparten av tida følgjer du ei kraftline før du går opp på Smørkletten på ca 815 moh. Terrenget er lyng og litt myrområder. Ingen fjell eller bratte parti skal forserast. Kven som helst kan gå turen. Om sommaren kan du nyte snacks som blåbær, blokkebær og molter. Ein kan fint gå turen med joggesko dersom det ikkje har regna eit par dagar.
[…] er fleire startpunkt for turen. Frå Kleppa følgjer du sti til Stokksete til du kjem til lina som kryssar under Damefall. Følg lin…. Boksen står på staur på den vestlege […]