Etter skifte av ICCU – nye problem

30.11.24 kortslutta Integrated Control Charging Unit (ICCU) og min Hyundai Ioniq 6 vart henta av bilbergar og levert til forhandlar i Førde. De kan lese meir om dette her: Gratulerer, Hyundai!

Mandag 6.1.25 henta eg Hyundai Ioniq 6 hjå forhandlar i Førde. I romjula vart eg forespegla at bilen først ville bli ferdig i slutten av januar. Kan ikkje legge skjul på at eg var glad over at det vart løyst raskare, men kort tid etter henting starta eg å legge merke til ting som ikkje var der før ICCU kortslutta.

Konstante sinustonar under køyring

På veg heim frå Førde la eg merke til at i lågare hastigheiter, men høgare fart enn «UFO-lyd», var det tonar som ligg i bakgrunn og «uler» heile tida. Eg lyttar mykje på lydbøker med berre ei stemme som les. Ein legg lett merke til lydar som ikkje skal vere der. Lyden er av type sinustone, noko a la det ein hadde på prøvebilete til NRK, men på litt lågare frekvensar.

Eg sende fredag 10.1 ein e-post til forhandlar som hamna i søppelpostmappa, men når eg ringde på tirsdag 14.1 fekk eg hjelp til å undersøke problemet nærare. Forhandlar har fått sendt over lydfil same dagen der eg hadde forsøkt isolere problemet lydmessig så godt eg kunne.

HEAT på og av

Etter råd frå forhandlar fann eg ut at når eg slår av «HEAT» forsvinn lyden. Slår eg på «HEAT», kjem tonen tilbake. «HEAT» av -> ingen sinustone. «HEAT» på -> sinustone.

Forhandlar nemnde at nokre Ioniq 5 hadde ei liknande forstyrring av lydsystemet. Eg køyrde ein ny testtur. Medier var av og ingen telefon var kopla til via Bluetooth, USB, Carplay eller Android Auto. Lyd vart både skrudd ned og slått av. I tillegg testa eg med å slå av mediesenteret/midtskjermen med å halde inne volumknappen i dashboardet. Eg har også restarta mediesenteret, med ein binders i reset-holet på dashboardet. Sinustonane var der uavhengig av tilstand på mediesenteret.

Påvirkning tone/frekvens og volum

Lyden er mest markant frå ca 50 km/t og ned. Ein kan variere tonen med ventilasjonsapparatet. Viftefart 2 har noko lågare frekvens enn viftefart 3. Eg synes det ikkje er endringar mellom andre hastigheiter. Tonane endrar ikkje lydnivå/styrke om eg skrur opp eller ned lyden på stereoanlegget. Dei ligg på sitt jamne nivå i bakgrunn og er lett identifiserbare.

Tonen endrar seg ved 64 km/t og ved 84 km/t opplever eg at han fell bort. I det minste er han ikkje høyrbar nok for meg til at eg vil setje pengar på at han er der. Senkar eg farten, merkar eg tonen kjem tilbake på 73 km/t og ein tydelegare tone under 53 km/t. Frekvensnivået er lågare på lågare fart. Når eg skal køyre bilen inn i garasjen, og bilen er i gangfart (<6 km/t), forsvinn tonen.

Til tider kan volumet auke vesentleg på sinustonane. På normalt lydnivå går det ikkje å drukne tonane med å slå på falsk motorlyd normalt nivå.

Andre hendingar som får meg til å tvile

Førardørhandtak sprett ut i fart

Tirsdag 14.1, under testane mine, skjedde det noko merkeleg. Eg har ikkje automatisk låsing av dørene når eg køyrer bilen. Handtaka feller seg inn langs bilen, men dørene låser seg ikkje.

Eg hadde svinga ned frå Sognefjordvegen ved Leikanger Auto AS og var på veg langs fjorden til Leikanger Hotell. Her må eg ta ein venstresving for å kome opp att mot hovedvegen. I denne venstresvingen spratt dørhandtaket ut på føradøra. I rein refleks opna eg og slo att døra. Er usikker på om eg såg noko samstundes i førardisplayet for åpen dør.

Eg har sjekka om nøkkelen kunne ha vorte trykt og utløyst dette. Når eg sit med nøkkelen i bilen og køyrer eller står i park, reagerer ikkje bilen på at eg trykke på nøkkelen. Ergo kan det ikkje vere eit trykk på nøkkelen som gjorde at handtaket slo ut. Uansett, eit trykk på nøkkelen vil ha slått ut handtaka på alle dørene, ikkje berrre på førardøra. Har også testa om døra ikkje hadde vore heilt igjen når eg starta ein tur. Men er ikkje døra lukka heilt, vil ikkje handtaket felle seg inn.

Førarstøtte sler seg av

Laurdag 18.1 var vi ein kort tur på 2 mil kvar veg. Bilen vart vaska torsdag ettermiddag og parkert i garasje. På fredag vart han brukt på ein kort handletur lokalt etter asfaltveg, ca 5 km. Resten av tida har han stått i tørr garasje og var tørr når eg rygga ut på laurdag.

Ned siste bakken mot hovedvegen, ca 1 km frå garasjen – same bakke som ICCU kortslutta i den 30.11, byrja all førarstøtte å slå seg av. Eg fekk opp varseltrekant og 5 meldingar og fleire oransje symbol i førardisplayet. Bilen klaga på kamera. Bilen slo av mellom anna filholderassistent og overvaking av merksemd. Eg har aldri opplevd ei slik samling av varsel og oransje symbol i førardisplayet før.

Bilen kom så godt som heilt rein frå tørr garasje. Det var ikkje noko regn eller tåke i lufta å nemne. Bilen klaga ikkje på kamera dei regntunge dagane tidlegare i veka. Eg trykte på kameraknappen på dashboardet, kamera i fronten såg bra ut. Det var fuktigheit på linsa, men eit heilt fint bilete. Eg stoppa ikkje sidan det ikkje gjorde meg noko at eg måtte styre på vegen innover i 2 mil.

Eg slo av bilen nokre minutt. Det var inn og ut kjapt på ein butikk. Eg tørka alle kameraene, men filla vart ikkje noko særleg skitten. Når eg starta opp att bilen, var varseltrekanten og dei oransje symbola framleis der. På veg utover, la eg merke til at bilen drog i rattet i tunellen etter eit par kilometer. Alle varsel og oransje symbol på førardisplayet var borte. Alt var tilbake til det normale.

Varme slutta å virke

Vi held fram turen 18.1. Varsel og oransje symbol på førardisplayet er borte, men no merkar vi at det ikkje kjem varme frå ventilasjonsanlegget, det bles berre kald luft. Eg var inne på styringsskjermen og kunne sjå at HEAT var på. Eg slo av og på HEAT samt stilte gradene opp på 27 grader utan at det endra seg. Heller ikkje å slå apparatet over på manuell styring var til hjelp. Eg måtte slå av ventilasjonsanlegget til vi stoppa på nærbutikken etter 2 mil. Vi kunne halde varmen med setevarmen. Bilen sto parkert, avslått og låst i gode 10 minutt. Når vi starta opp att og køyrde heim, fungerte ventilasjonen som normalt. Varmen og sinustonane var tilbake.

Kva skjer vidare?

Mot midten av februar skal bilen inn att til sjekk hos forhandlar. Eg vil halde dykk orientert om utviklinga vidare.

One thought on “Etter skifte av ICCU – nye problem

Legg att svar til Arild Bjørk Avbryt svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.