I slutten av november rauk ICCU etter ca 21800 km og sette ein effektiv stoppar for ein velfortent ferietur. Bilen vart fiksa og eg henta han i starten av januar, men hadde fått seg ein ulyd som viste seg å vere ei pumpe til kjølesystemet som hadde bestemt seg for å spele opp. Etter skiftet har bilen fungert heilt eksemplarisk fram til ca 28000 km.
Gjennom natta til 16.4 lada eg bilen til 100% og vi sette nasen austover i retning Hamar, Kongsvinger og enda opp med å overnatte i Karlstad. Eg tok med meg ladekabelen på turen. Sidan eg vakna tidleg torsdag 17.4, gjekk eg ut og plugga bilen i ein 22 kw Mer-ladar. Lading starta og alt såg ut til å fungere som det skulle, bilen mottok ca 11 kw. Rett før frukost sjekka eg appen til bilen att og såg at bilen lada ikkje lenger, men den hadde teke mot ca 11 prosentpoeng frå ladestart. Eg gjekk ut og såg at uttaket var daudt. Alt var svart, ikkje det minste teikn til liv. Kabelen sat fast i bil og ladar og både puls og blodtrykk steig litt. Etter litt tid til å finne fram til brukarstøtta til Mer i Sverige, fekk eg hjelp. Dei restarta heile stasjonen. Både uttak og bil gav slepp på ladekabelen kort etter. Stolpeuttaket som bilen min var kopla til framstod framleis som daudt, ingen tekst eller teikn til liv på displayet. Det andre uttaket viste diagnoseinformasjon som IP-adresse med meir i løpet av restarten.
Resten av turen lada eg på lynladarar og alt gjekk utan problem. Eg ville unngå at kabelen igjen skulle setje seg fast i både uttak og bil. Frå bilen kan eg alltid få kabelen fri, men frå stolpen kan det by på ei utfordring og sidan vi gjekk inn i påskehelga unngjekk eg å lade på vekselstraum.
Sidan veret slo om til kaldt og vått, valde vi å returnere heim, vestover på laurdag til sol og varme. Vi rulla inn i garasjen med 20% igjen på batteriet og sette bilen på lading. Ladaren starta lading på rett tidspunkt. På morgonen, søndag, sjekka eg appen på bilen og la merke til at bilen framleis stod på 20%. Med 10 amper lading i tidsrommet avsett til lading, skulle batteriet vore på rundt 40%. Eg gjekk ut og såg at ladaren min var daud. Sjekka sikringsskåpet og såg at sikringen var slått av. Eg slo på sikring og gjorde eit nytt forsøk. I appen til ladaren såg eg at ladaren gjennomførte lastbalansering, venta på bilen og akkurat når ladinga starta gjekk ladaren i svart.
Dette likna på det som skjedde i Sverige og eg byrja å stusse på om ladekabelen var problemet. Eg reiste ut på jobb der vi har ladarar med eigne kablar som eg har nytta før reisa utan problem. Kopla i bilen og når ladinga starta gjekk ladaren på jobb i svart. Eg kan konkluderer med at feilen må vere i bilen og ikkje i ladarane eller ladekabelen min.
Etterpå tok eg ein sjekk av hurtiglading på 50 kw Mer-ladar og det fungerer framleis som det skal. Bilen treng ikkje hentast på bergingsbil denne gongen. Men no byrjar det verkeleg å tære på tolmodet mitt. Årsaka er at det er ICCU som handterer lading med vekselstraum og syter for at den blir konvertert til likestraum for å lade batteriet. Den første rauk etter nesten 22000 km og no har eg sterke mistankar om at den nye ICCUen har feil, etter berre 6000 km.
Sidan eg planlegg ei lenger reise frå og med 17. mai på 5000+ km, er eg avhengig av at alt fungerer som det skal. Dessverre byrjar tilliten til kvaliteten som Hyundai leverer å få seg ein solid knekk. Ikkje i min villaste fantasi hadde eg sett føre meg dette, gitt den etablerte oppfatning av Hyundai som ein leverandør av kvalitet.