Tur: Traktorvegen mot Hangsete

I staden for å gå den tradisjonelle stien Kidlestigen, kan du fylgje ein traktorveg oppover mot Hangsetegrinda, som står mellom Ste og Kyrkja, eit kort stykke før Hangsete.

Når du står ved transformatorstasjonen på Njøs, skal du snu nasen i nord-austleg retning og sjå opp mot fjellet. Legg merke til den vesle fossen som renn ned fjellsida, frå toppen. Han heiter Kyrafossen og i løpet av turen skal du gjentekne gonger krysse vatnet frå han før du passerer like under han.

Traktorvegen startar med bra stigning, men allereie etter første passering av vatnet frå Kyrafossen blir det brattare. Etter at vegen svingar tilbake og går i sørleg retning, mot foten av Bjørgahaug, og over elva att, kjem den brattaste stigninga. Du kan skimte ho like over tretoppane på Njøs.

Den kraftige stigninga held fram heilt til du er godt opp i gjelet med ein granskog. Inne i skogen kan du finne ein sti som tek deg tilbake til Bjørgahaug, om du vil ha ein kortare rundtur. Etter mine erfaringar er stien vanskeleg å finne frå denne retninga. Første gongen kan det vere lurast å finne stien frå Bjørgahaug. Starten er merka nett etter Bjørgahaug, på stien til Hangsete.

Utsikta frå stigninga er god, men ta deg gjerne ein liten sidetur, til dømes ut på ryggen som fører opp mot Kyrafossen, for å få ei betre utsikt ned mot Hermansverk og oppover ytre del av Henjadalen mot Kleppa og over.

Eit stykke før du kjem under Kyrafossen er det ein sti som vil kunne ta deg opp på vestsida av Kyrafossen for å føre deg tilbake over Kyrafossen til eit utsiktspunkt. Det same utsiktspunktet kjem du til ved å følgje vegen til endes og følgje skiltinga frå Hangsetegrinda.

Den verste stigninga er unnagjort når du passerer under Kyrafossen. Vegen går i nokre slynger til oppover. Utsikta er på sitt beste ut fjorden. Ta deg gjerne ein pause på eit svaberg eller ein knaus her.

Vegen endar opp ved Hangsetegrinda, mellom Kyrkja og Ste. Det er så kort att til Hangsete at du like godt kan gå fram dit for å returnere til Bjørgahaug og ned att på Njøs via Kidlestigen.

Om du synes vegen blir for bratt og lang, kan du heller ta turen bortom Bjørgahaug:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.