Eg har alltid hatt lyst til å sjå resten av Noreg, nord om Trondheim. Eg har vore i Bodø og Brønnøysund ved hjelp av fly, men det er noko anna å sjå Noreg frå landevegen. Etter lengre tid vurdering kom dagen. Målet var Nordkapp, men var usikker på om eg greidde det. Mykje spaning gjorde at eg stod opp før hanen gol. I 2022 oppdaga eg at eg kunne nytte bilkamera i min 2022 Byd Tang til å ta vare på minnene. Som du ser av videoane er kvaliteten under pari, men for meg friskar videoane opp minnet. Eg ser noko heilt anna for meg enn det du vil gjere. Kan til tider minnast det eg lytta på einskilde stadar.
Over Sognefjellet var det roleg med ein liten stopp på Lom for handle proviant. Sidan eg ikkje hadde vore over Ringebufjellet før, valde eg å legge turen om Ringebufjellet og Koppang før Røros. Det blei ein liten pause på Ringebufjellet for å ta inn utsikta. Her er det eit anna landskap enn eg er vant med. I Koppang vart det ein litt lengre ladestopp og vandring i sentrum. Veret var upåklageleg, sol og blå himmel. Opp over Rendalen til Røros for nok ei lading og planlegging. Valde å ta turen om Tydal, forbi Selbu og ut på E6 ved Hell for å følgje vegen nordover til Steinkjer. Det vart ein lang dag bak rattet til min 2022 Byd Tang. Takka vere flott ver, flott natur saman med jamne pausar og vandring medan bilen lada, vart belastinga minska. Eg saknar ikkje fosilbilane, med dei vart det for lite stopp og for korte pausar.