Etter ein god frukost, vasking av frontruta og handling, forlot eg Kautokeino til Finland. Utgangspunktet var at eg skulle køyre ned midt i Sverige mot Østersund, men den planen endra seg fort. Dei siste dagane hadde eg overdosa på skog. Eg var meir nysjerrig på å ta turen ned til Torneo og Haparanda, nord i Bottenvika. Første stopp var Muonio for ein is og litt lading. Deretter følgde eg for det meste vegen sørover i Finland, men for litt variasjon stakk eg over i Sverige nord for Valkeaskoski og returnerte til Finland litt nord for Aavasaksa.
Stoppa ikkje Torneo, men køyrde rett over i Haparanda. Det var ikkje vanskeleg å sjå at dette var ein stor handelsstad med mange gigantiske handelssenter. Bilen fekk straum og eg strakk på beina og handla for neste økt. Synes køyringa gjekk bra og det som i utgangspunktet var tenkt som ein retur heim med to overnattingar byrja å sjå ut som om det kunne gå på ei overnatting. Eg bestemte meg for å følgje motorvegen sørover og sjå kor langt eg kom.
Neste stopp var Skellefteå, sikta meg derifrå inn på eit hotell i Umeå. På vegen dit var det vegarbeid og noko stopp. Fann ut at i stadenfor å stå i stampe på motorvegen, tok eg av og køyrde småvegane forbi små bygder litt meir inne i landet. Stoppa på ein liten landhandel i Bodbyn før siste etappen til Umeå.