Byd Tang etter 3 månadar

Tidleg i mai bytte eg ut diesel for stor, elektrisk bil, som eg har skrive litt om tidlegare:

Etter over 3 månadar og snart 5-sifra kilometer, kva er bra og mindre bra med Byd Tang.

Les alt eg har skrive om Byd Tang.

Mindre bra

Langlys: Det er ikkje noko anna å sei at dette er under pari. I min gamle bil lyste eg godt opp heile tunnellen framfor meg. Byd Tang lyser opp, men det er vesentleg dårlegare. Eg vurderer å få montert ekstra lys. Det står på om eg skal ha det felt inn i grill eller som del av skiltplata. Held ein knapp på det siste for å sleppe å kutte i fronten.

  • Sjekk lyset i ein mørk tunnel og vurder om du må kjøpe ekstra langlys/led-bar.
  • September 2022: Bilen har vore inne på oppdateringer. Eg synes langlys har blitt betre.

Programvare: Dette går på apputvalet, ikkje programvare for innstillingane til bilen og køyring.

Bilen har no ikkje eit økosystem med sentral app-butikk du kan hente applikasjonar frå. Det bilen har er det han har fått gjennom mindre oppdateringar, over telenettet, eller større oppdateringar hjå forhandlar. Er du musikkelskar, er det Spotify som gjeld. Har du Apple Music eller Tidal må du fikse det via bluetooth og telefonen din.

  • Sjå under bra, det er hjelp å finne.

Datakvote: Bilen kjem med 2 års abonnement med 1 GB per månad. Mindre oppdateringar går greitt, men store oppdateringar går ikkje. Siste storoppdatering, som inneheld navigasjon og oppgradert DAB-app, må gjerast av forhandlar. Nyttar du Spotify og lyttar mykje på musikk eller ser TV på ferjeturen via nettlesaren, går det hardt ut over kvota di.

Eg har mobilabonnement med romsleg datakvote og har installert ein liten 4G-nettverksrouter i midtkonsollen. Når bilen startar, koplar han seg opp mot nettverket og eg brukar ikkje datakvota til bilen.

  • September 2022: Datakvota har blitt dobla frå 1 GB til 2 GB.
  • Kjøp ein 4G-nettverksrouter og tvillingkort på abonnementet ditt og set opp nettverk.

509 hk: Makt korrumperer og stiller store krav til føraren. Du kan gjere kva du vil, bilen lystrar og slepp laus alle (farts)demonar på din kommando. Det kan fort sende deg ut i naturen, gjere deg til fotgjengar og gi solide innhogg i budsjettet.

  • Ikkje la makta gå til hovudet ditt.
  • Jamnleg gå over korleis og når du vil bruke makt.

Bra!

Dei to første finn du også under mindre bra, men det er to sider til dei.

509 hk: Sjølv med 2,5 tonn er det veldig bra å sleppe å oppleve at ein har underskot på ressursar. Bilen dreg deg opp eller forbi utan å tenke seg om eller bli kortpusta. Eit konstant skyv som pressar deg mot seteryggen.

Programvare: Android er operativsystemet. Med litt hjelp, fins det instruksjonar på korleis du kan få på plass applikasjonar du treng. Behovet vil minske over tid, men det er fint å ha moglegheita til å få plass det ein ønskjer/treng inntil eit økosystem for appar er på plass. Sidan eg ikkje har siste storoppdatering med navigasjon og oppgradert DAB, har eg innstallert ein alternativ og langt betre DAB-app samt ulike navigasjonsappar.

Systemet har vore dønn stabilt. Det er overraskande at det ikkje har oppstått eit behov for å bruke restart-knappen eller resette det til fabrikkinnstillingar. Stabilitet er eit klart pluss i margen.

Storleik: Bilen er stor. Eg er høg og sit godt i bilen. Alle som sit på med meg skal ha det godt. Hamnar du bak meg, skal du sleppe å sitje med knea opp etter øyra eller på skrå i baksete. Det var viktig for meg at bilen var i nærleiken av Skoda Superb i kupeen. Bagasjerommet er stort og eg har sett at ein får med seg vaskemaskin med god margin.

Eg er sjåføren!!! Førarstøtte eg vil ha slår eg på, men alt anna forblir avslege. Ingenting blir slege på med mindre eg gjer det. Eg gir blanke i autopilot og sjølvkøyring. Noko førarstøtte kan vere god, som fartsholdar som tek omsyn til bilen framfor, men ikkje kul om eg vil enda opp med å kjempa med tilfeldige korrigeringar til ein bil som ikkje forstår trafikkbildet. Når eg sit bak rattet, skal eg ha kontrollen.

Køyreeigenskapar: Til trass for sin storleik og 2,5 tonn, synes eg at bilen ligg godt på vegen. Han er presis i styringa, bremsar, aksellerar og tek ulike vegunderlag veldig godt. Ikkje forvent deg gocart, men for ein stor bil kan eg ikkje klage. Med eigen knapp for snø-/grus-/gjørmemodus kjem eg heilt sikkert opp på Kleppa skisenter i vinter.

Framseter: Etter tusenvis av kilometer må eg konkludere med at førarsete er godt å sitja i. Du har all mogleg elektrisk justering av rygg og sitjepute. Eg har aldri følt meg ekstraordinær trøytt eller sliten av lange køyreturar, som det har det vorte mange av denne sommaren. I tillegg har eg både varme og kjøling i setet. På nokre varme dagar var det godt å setje på kjølinga, når kupeen var litt for varm. Eg kunne kjølt kupeen i forkant, via appen, men når eg gløymer det er det fint med kjøling i setet. Passasjersete er like bra, sjølv om du der ikkje kan heve og senke sete, som følgje av komponententar under sete.

Bakkeklaring: Batteriet er mykje av undersida av ein elektrisk bil. Øydelegg du batteriet er bilen totalvrak. Vegane eg køyrer er av høgst varierande kvalitet og det å ha bakkeklaring er viktig. Med 19 cm greier bilen seg godt.

Rekkevidde: WLTP er gitt opp til å vere 400 km. Eg opplever det å vere litt konservativt, men eg køyrer veldig lite på motorveg. Mi oppfatning er at rekkevidda på vegane her ligg på opp mot 450 km frå fullada til tomt. Det har lite å sei sidan eg har for vane å ta pausar etter nokre timar køyring. Når eg tek pause, kan bilen få lade.

Lading: Bilen kan lade bra, men det er avhengig av at du vel ein ladar med 800 volt, f.eks. Ionity. Ladarar med mindre spenning/volt, gir tregare lading. Eg skulle sett at bilen brukte kortare tid på startfasen, som burde vore unna på maksimum eitt minutt, ikkje 3-5 minutt.

Bilen har eit LFP-batteri som skal tåle meir lading og utlading. Brannfaren, ved f.eks. skade på batteriet, er vesentleg redusert. Eg slepp å passe på å ikkje lade høgare enn 80% for ofte. LFP-batteriet skal, etter instruksjonsboka, minimum ladast til 100% ein gong i veka. Her er det berre å toppe opp.

Moglegheit for hengarfeste: Byd Tang kan dra 1500 kg, men du må ha førarkort klasse BE. Dersom behovet oppstår, har eg i det minste moglegheita til å kunne dra tung hengar.

Kva seier Bjørn Nyland, nestoren på elektrisk bil?

1 thoughts on “Byd Tang etter 3 månadar

  1. Min BT har nå snart passer 30 000km, og er akkurat ett år. Bilen er fantastisk å kjøre, men pass på da det drar voldsomt. Jeg har aldri kommet opp i 450km, men på sommeren 420km. Jeg har ettermontert LED-lys innfelt i grillen (hos RSA). Lyser voldsomt. Det samme med skvettlapper på alle fire hjul, da du slipper så mye steinsprut og søle på sidene. Dette er en 2022 modell, så det fulgte med navigasjon og Spotify integrert på bilens nett ( fungerer kjempefint). Bilen har veldig brede dekk, og derfor sporer den på slitt asfalt. Kjempefornøyd, men kjør og brems etter vask, da klossene kan sette seg fast.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.