Som følgje av turen året før med den markante turistrafikken, valde vi å starte ferien tidleg. Tanken var å sleppe det verste trykket som kjem i fellesferien. Samtidig gir det oss litt meir rom til å ta dagane som dei kjem og ikkje planlegge i detalj og låse oss fast til planen utan moglegheit til avvik.
Målet med årets reise var å ta kystvegen frå Fosen opp til Saltstraumen før vi sette nasen mot Lofoten. Første etappe var å kome seg til Fosen og som vanleg kryssar vi Sognefjellet. I dagane og vekene før hadde det vore greitt ver der, men dagen vi kryssa over var det snø i lufta. Men sidan det ikkje var kulde i bakken, gjekk det greitt på sommardekk. Eit lite melisslør ute i landskapet, men berre våt veg. På austsida av fjellet var veret lettare. Fint å få sleppe fuktig vestlandsver.
Turen går som vanleg til Lom over fjellet til Sel, Dombås og Hjerkin og nordover. Litt før Berkåk svinga vi av mot Orkanger. Vi følgjer dalen ut til Orkanger før vi endrar retning til Valset for å ta ferja til Brekstad. I land på Brekstad valde vi å køyre så langt sør vi kom på Fosen mot Rabbsjøen før vi snudde tilbake mot Ørland og vitja Hoøya kystfort. Valde å enda dagen på Bjugn hotell i Botngård.