Som plan B hamna vi i Mosjøen dagen før. Etter frukost sette vi avgårde vestover, i retning Sandnessjøen og Søvik ferjekai. Vi var tidleg og det var ingen problem med å ta ferja ut til Herøy. Kort sagt dagen der ute gjekk på å køyre rundt og sjå seg om, først på Herøy og så på den større Djønna. Eg trur det var knapt ein veg eller avstikkar som ikkje vart køyrt når vi rulla inn på ferjekaien på Djønna med retur til Sandnessjøen. Sidan det var så mange vegar vi køyrde ut på øyene, gav eg opp å illustrere ruta. Det avgrensingar på kor mange stadar ein kan legge inn i ruta på Google Maps.
I løpet av dagen fanga vi opp på nyhenda at eit frakteskip på veg inn til Mo i Rana hadde kvesta ferja som gjekk mellom Levang og Nesna. Igjen gjekk plan A i vasken, nett som dagen før. Vi hadde tenkt å overnatte i Sandnessjøen, men utifrå det vi høyrde på radio ville det ta tid før ferjesambandet kom i gang igjen. Nok ein gong måtte vi nytte plan B.
Vi bestemte oss for å køyre til Mo i Rana for å overnatte der. Då slapp i ein lang tur om Mo i Rana i morgon for å kome oss til Kilboghavn. Vi frykta at dette ferjestykket kunne fort bli fullt i løpet av dagen og om vi kom oss tidlegare til Kilboghavn, kunne vi sleppe å stå over ei ferje eller to. Det fekk vi rett i, men det kjem i neste dags historie.