Det er over 1,5 år sidan eg gjorde meg fri Microsoft privat. Windows Recall var dråpen som fekk begeret til å renne over. Alt eg har jobba med har fungert glimrande med Ubuntu 24.04 på PCen. Meir enn nok kraft til videoredigering og eg har fått til å dra nytte av videokodinga med det dedikerte grafikkortet. Speling har eg også testa like etter byttet frå Windows til Ubuntu, men det blei med testen. Steam fungerte fint, men eg spela så sjeldan at eg fjerna det. Har ikkje savna det før dei siste vekene.
Eg installerte Steam og fekk på plass Proton som mellomlag, slik at eg kan spele Windows-spel på maskina. Er vel omlag 20 år gamle dei eg har liggande i spelebiblioteket og det seier litt om når eg gav meg. Valde å starte eit gjensyn med Serious Sam HD, ein førstepersons skytar som tek seg sjølv lite seriøst. Ingen problem å dra Serious Sam HD rundt skjermkortet som er Intel Xe Graphics på prosessoren, men eg ville gjerne dra nytte av det langt kraftigare, dedikerte skjermkortet Intel Arc A730M.
Eg starta med søking og sidan så mange skryt av kunstig intelligens (KI/AI), valde eg å teste svara eg fekk derifrå. Ingen av løysingane som vart foreslegne løyste problemet. Deretter gjekk eg over til å jobbe med tradisjonelle søketreff. Her såg det ut til å vere meir aktuelt å finne alt etter korleis eg spurde, i det minste var utvalet av framlegg og stadar ein kan starte å grave vidare betre. Gjorde fleire forsøk og det er godt mogleg eg rota nokre til.
Det er mange tips om du har Intel eller AMD-prosessor og eit sjølvstendig Nvidia-kort, men når begge korta er frå Intel høyrer du til dei «spesielle». Eitt framlegg fungerte, men ville permanent deaktivere det integrerte kortet, eg ønskte heller å kunne velje mellom grafikkorta.
Skifta til søkemotoren til Brave og søkte der. Las gjennom framlegget frå KI-delen og kom til at dette måtte vere betre enn det eg hadde funne tidlegare. Med framlegget ville kunne setje opp to oppstartsalternativ. Rulla tilbake første som fungerte og la til følgjande oppstartsparameter i fila /etc/grub:
i195.mod_probe=!46a6
46a6 er maskinvare-IDen for det integrerte skjermkortet på prosessoren. Utropsteiknet utgjer ei nekting. Kort sagt betyr parameteret at linux skal sjå bort ifrå denne maskinvare-IDen. Køyrde deretter ei oppdatering av oppstartfilene med:
sudo update-grub
Restarta PCen og sjekka systemmonitor. Det integrerte grafikkortet på prosessoren var no deaktivert, Intel Arc A730M stod for bilete.
Med hjelp av grub-customizer har eg laga til to oppstartsalternativ, eitt med Intel Arc A730M som styrer showet og eitt med Intel Xe Graphics. Det siste passar når eg ein sjeldan gang let maskina gå på batteri. Det blir sjeldant når det eksterne straumadapteret er dimensjonert til å levere 300 watt….