I august 2025 hadde eg sett av tid for ein tur opp gjennom Sverige etter E45 med ein avstikkar innom Kiruna før Finland. Planen var ein rundtur frå Inari, ned langs austlege Finland, til tider nær russargrensa, til Finskebukta og opp att Bottenvika med retur gjennom Nord-Sverige. Ja, det er langt å køyre, men eg likar roa, lytte på bøker, radio og musikk samt ta inn naturen og omgivnadane. Har lite til overs til storbyar og held meg i utkantane og stoppar der eg finn det interessant.
Første dagen var ein grei køyredag. Veret var ikkje det beste, men heller ikkje det verste. Noko nedbør på turen, men også periodar med opphald. Hadde sikta meg inn på å køyre til Trondheim og Stjørdal, for å ta rett austover mot Östersund og nordover langs E45 midt i Nord-Sverige. Austover frå Stjørdal har eg ikkje køyrt tidlegare og fekk med meg skiplassane som Åre.
Som vanleg starta det med tur over Sognefjellet, Dombås og nordover. Sidan eg har posta det meste tidlegare, har eg denne gongen valt å starte turen frå Berkåk. Mot Stjørdal går det greitt, men trafikken var stor. Han vart nokon mindre når eg svinga austover i Stjørdal, men det var først når eg var over i Sverige at ting avtok. Vegane vart også betre med tanke på forbikøyring av dei som valde å køyre sitt eige løp. På den andre side var det mindre å sjå og meir skog.
Første stopp i Sverige vart i Krokom. Sidan eg har ein bil 800 volt-arkitektur hadde eg sikta meg inn på ein Ionity-stasjon litt før. Dessverre var ikkje stasjonen opna enno, så det vart eit kortare stopp på ein Tesla-stasjon, der bilen ladar tregare før eg haldt fram nordover mot Hoting, langs E45. På dette tidspunktet byrja eg å sjå etter hotell. Dessverre var eg ikkje imponert av tilbodet der og satsa på Vilhelmina. Vart ei stund til bak rattet før eg kom dit.
Rulla inn i Vilhelmina, men utifrå parkeringsplassen til hotellet, var eg rimeleg sikker på at her var det ikkje rom. Rusla inn og spurte, men var ikkje overraska at det ikkje var ledig rom. Neste plan vart Storuman, litt lenger nordover. Det var to hotell der, men etter ein runde i sentrum valde eg det største på austsida av E45.