ICCU stadfesta, ingen dato på levering

I dag var bilen 30 000 km service. Ny ICCU vart av forhandlar tinga 23. april, i håp om at han kom fram til servicen og kunne skiftast same dagen. Det gjekk ikkje, alle restordrar på ICCUar av typen til Ioniq 6 har ingen estimert leveransedato. Her kan det bli snakk om at det er «høgt opp og langt fram» til bilen blir reparert. For min del nærmar det seg ein lang bilferie. Forhandlar jobbar med å gi meg ein lånebil turen, men når ein kjøper ny bil var det ikkje dette eg forventa. To havari av ICCU, kva er sannsynet?

Hyundai har store problem med ICCU

Plukka opp denne artikkelen som baserer seg på funn av ADAC i Tyskland, dvs. søsterorganisasjonen til NAF i Noreg. Statistikken viser at Hyundai Ioniq 5 har mest stopp med 22,4 stopp per 1000 køyretøy. Årsaken er feil på ICCU, slik som eg har opplevd med min Ioniq 6 i slutten av november og no i påsken. Same plattform gir same feil på desse modellane. ADAC dreg fram problema ICCU i denne oppsummeringa av deira undersøking:

I den andre enden av skalaen finn du Tesla Model 3 med 0,5 stopp per 1000 køyrtøy. Det vil sei at ein Hyundai Ioniq 5 har 45 gonger større sjanse for å stoppe enn ein Tesla Model 3. Om ein samanliknar Hyundai med fosilbilar, har den meir enn dobbelt så mange stopp per 1000 køyretøy.

Kort og godt gjer feil på ICCU Hyundai til dei mest upålitelege elektriske køyretøya.

Hyundai Ioniq 6 – ICCU igjen?

I slutten av november rauk ICCU etter ca 21800 km og sette ein effektiv stoppar for ein velfortent ferietur. Bilen vart fiksa og eg henta han i starten av januar, men hadde fått seg ein ulyd som viste seg å vere ei pumpe til kjølesystemet som hadde bestemt seg for å spele opp. Etter skiftet har bilen fungert heilt eksemplarisk fram til ca 28000 km.

Gjennom natta til 16.4 lada eg bilen til 100% og vi sette nasen austover i retning Hamar, Kongsvinger og enda opp med å overnatte i Karlstad. Eg tok med meg ladekabelen på turen. Sidan eg vakna tidleg torsdag 17.4, gjekk eg ut og plugga bilen i ein 22 kw Mer-ladar. Lading starta og alt såg ut til å fungere som det skulle, bilen mottok ca 11 kw. Rett før frukost sjekka eg appen til bilen att og såg at bilen lada ikkje lenger, men den hadde teke mot ca 11 prosentpoeng frå ladestart. Eg gjekk ut og såg at uttaket var daudt. Alt var svart, ikkje det minste teikn til liv. Kabelen sat fast i bil og ladar og både puls og blodtrykk steig litt. Etter litt tid til å finne fram til brukarstøtta til Mer i Sverige, fekk eg hjelp. Dei restarta heile stasjonen. Både uttak og bil gav slepp på ladekabelen kort etter. Stolpeuttaket som bilen min var kopla til framstod framleis som daudt, ingen tekst eller teikn til liv på displayet. Det andre uttaket viste diagnoseinformasjon som IP-adresse med meir i løpet av restarten.

Resten av turen lada eg på lynladarar og alt gjekk utan problem. Eg ville unngå at kabelen igjen skulle setje seg fast i både uttak og bil. Frå bilen kan eg alltid få kabelen fri, men frå stolpen kan det by på ei utfordring og sidan vi gjekk inn i påskehelga unngjekk eg å lade på vekselstraum.

Sidan veret slo om til kaldt og vått, valde vi å returnere heim, vestover på laurdag til sol og varme. Vi rulla inn i garasjen med 20% igjen på batteriet og sette bilen på lading. Ladaren starta lading på rett tidspunkt. På morgonen, søndag, sjekka eg appen på bilen og la merke til at bilen framleis stod på 20%. Med 10 amper lading i tidsrommet avsett til lading, skulle batteriet vore på rundt 40%. Eg gjekk ut og såg at ladaren min var daud. Sjekka sikringsskåpet og såg at sikringen var slått av. Eg slo på sikring og gjorde eit nytt forsøk. I appen til ladaren såg eg at ladaren gjennomførte lastbalansering, venta på bilen og akkurat når ladinga starta gjekk ladaren i svart.

Dette likna på det som skjedde i Sverige og eg byrja å stusse på om ladekabelen var problemet. Eg reiste ut på jobb der vi har ladarar med eigne kablar som eg har nytta før reisa utan problem. Kopla i bilen og når ladinga starta gjekk ladaren på jobb i svart. Eg kan konkluderer med at feilen må vere i bilen og ikkje i ladarane eller ladekabelen min.

Etterpå tok eg ein sjekk av hurtiglading på 50 kw Mer-ladar og det fungerer framleis som det skal. Bilen treng ikkje hentast på bergingsbil denne gongen. Men no byrjar det verkeleg å tære på tolmodet mitt. Årsaka er at det er ICCU som handterer lading med vekselstraum og syter for at den blir konvertert til likestraum for å lade batteriet. Den første rauk etter nesten 22000 km og no har eg sterke mistankar om at den nye ICCUen har feil, etter berre 6000 km.

Sidan eg planlegg ei lenger reise frå og med 17. mai på 5000+ km, er eg avhengig av at alt fungerer som det skal. Dessverre byrjar tilliten til kvaliteten som Hyundai leverer å få seg ein solid knekk. Ikkje i min villaste fantasi hadde eg sett føre meg dette, gitt den etablerte oppfatning av Hyundai som ein leverandør av kvalitet.

Trådlaus Android Auto og Apple Carplay i Ioniq 6

Første versjonen av Hyundai Ioniq 6 (2023-) har berre kabla Android Auto og Apple Carplay. I fjor kjøpte eg Carlinkit 4.0 CPC200-CP2A. Det virka med min Pixel 8, men problemet var at skjermforholdet stemde ikkje. Adapteret forholdt seg til 16:9 og dermed vart bilete strekt i breidda på skjermen i bilen. Eg prøvde ulike innstillingar, som mellom anna setje oppløysinga manuelt, men ingen forsøk førte fram. Sidan eg ikkje taklar å sjå bilete i feil skjermforhold, selde eg adapteret.

Gjennom sommaren og vinteren har eg nytta USB-kontakt, men det er litt knote. Du må alltid grave fram telefonen og kople han til USB-kontakten. Ladeplata i bilen blir også meiningslaus sidan telefonen ladar via kabelen. Eg undersøkte meir på nettet og fann ut at Carlinkit 5.0 2Air ville gi korrekt bilete på skjermen. Adapteret er enkelt å sette opp og fungerte aldeles glimrande. No er det ikkje så nøye om telefonen ligg i lomma eller sekken, Android Auto er tilgjengeleg når som helst.

PNY Attache 4 – feil på 3 av 3!!

Eg kjøpte tre stk minnepinnar på 128 GB i januar 2025. Dei skulle brukast til  foto-/videoalbum som ungane kunne kike gjennom på smart-TVane deira. Minnepinne nummer 1 rauk etter nokre dagar. Han var full av bilete og video, men brått såg ingen av maskinene han. Minnepinnen vart ikkje registrert som maskinvare i det heile. Sidan minnepinnen var full av private videoar og bilete, var det ikkje noko alternativ å levere han tilbake til Elkjøp. Den fekk ein god omgang med hammar for å unngå at nokon kan hente noko frå han.

No har det gått nokre månadar og det har vore problem med visning av bilete og avspeling av video frå dei to andre minnepinnane. Minnepinne 2 og 3 vart henta tilbake og no har eg nytta eit verktøy som fortløpande kalkulerer sjekksummar for å finne avvik. For å vere sikker på at filene vart kopierte korrekt, køyrde eg synkroniseringa fleire gonger. Sjølv etter gjentekne synkroniseringar, var det alltid nokre filer som ikkje var ok.

Eg bestemte meg for å gå nøyare til verks. I Linux køyrde eg dd-kommandoen og fylte minnepinnane med 0 (null). Deretter køyrde eg hexdump for å lese av om innhaldet på minnepinnane var berre nullar. Rapporten frå hexdump skal berre gi deg ei første line med første minneadresse etterfølgt av 8 “firlingar” med 0 dersom alt er nulla ut og OK: 

0000000 0000 0000 0000 0000 0000 0000 0000 0000 
* 

Til venstre ser du at rapportane frå hexdump er store. Det er masse feil på minnepinne 2 og 3, spesielt den siste. Eg har gjennomført dei same testane på to forskjellige maskiner, i tilfelle ei av dei var “allergisk” mot modellen av minnepennar, men det er same problemet. Her må det vere ein eller anna feil på alle tre. Noko liknande har eg aldri før opplevd.

Sidan eg har drive med digital etterforskning, sjekka eg om noko av feila på minnepinnane kunne medføre at bilete eller video kunne gjenopprettast. Testen visste at programmet ikkje kunne finne starten på slike filer og gjenopprette første delen. Men sidan det låg bilete der, kan ein teoretisk finne fram deler av det når ein forutset at det JPG-koding. Eg set personvern høgt og lagringsmedia blir destruert dersom eg ikkje kan nulle dei heilt ut.

Det vert ikkje kjøpt fleire PNY-produkt. Eg satsar heller på ein gamal og velkjent «travar» innafor lagring – Kingston.

Du gløymde noko, Donald!

Toll inn til landet er vel og bra meinar du. Men det er ein ting du har heilt gløymt, Donald. Eg skjønar ut ifrå kor imponert du over at sonen kan slå av og på ei datamaskin, at du ikkje er digital. Men eg skal avsløra ein stor løyndom for deg.

Tre store selskap leverer tenester vi i Europa og verda rundt ikkje har noko alternativ til. I praksis selskapa monopol på kontorstøtte- og mobilkommunikasjonsverktøy. Eg snakkar om Microsoft, Google og Apple. Om du i tillegg til tollen du har lagt på varer inn til USA, legg på ei eksportavgift på tenestene deira, vil du få inn mange fleire trillionar. Gløym for all del ikkje å legge avgifta på sal av applikasjonar og spel i butikkane deira.

PS! Ikkje gløym Steam, det er den største plattformen for distribusjon av spel.

Qobuz – europeisk alternativ

Mi reise for å erstatte amerikanske tenester og programvare held fram. Fram til no har musikk-tenestene eg har brukt hatt eit amerikansk rotfeste. I går fekk eg eit tips frå ein kollega, som også hadde teke val om å slutte å nytte amerikanske tenester. Han hadde funne eit fransk alternativ i Qobuz.

Eg sette meg ned i går kveld og sjekka ut tenesta. Raskt kom eg til at dette var eit like bra eller betre alternativ til tenestene eg har nytta hittil. Dei eg har nytta har ikkje tilbydd høgare kvalitet enn ein eller anna form for komprimering med tap (MP3, AAC osv.). Qobuz tilbyr strømming i tapsfri kvalitet i ei oppløysing på 24-bit og 192 khz. Prisen er heller ikkje avskrekkande med kr 133 per månad (12 månadars binding).

I tillegg til god lydkvalitet er har dei lagt til rette for at ein enkelt kan overføre sine spelelister frå andre tenester. Eg overførte mine spelelister via deira tilrettelegging. Basert på ein kjapp stikkprøve såg det ut til at eg fekk med det meste i det. La merke til at to songar i Fish-spelelista på Marillion-plata Fugazi ikkje hadde vorte med, men det var enkelt å rette. Skulle det vere andre feil er det lett å endre på listene enn å bygge alle opp att.

Du finn appen i Google Play Store og Apple Store. Skal du spele av på PC, har Qobuz ein nettlesar-spelar, nett som Youtube Music.

6 månadar seinare

No er det eit halvt år sidan eg tok steget bort frå Microsoft Windows. Ingen av mine private maskiner køyrer Windows. Det som fekk meg til å til å forlate Windows var Copilot på PC, men det var berre dråpen som fekk begeret til å renne over. Microsoft har lenge jobba med å flytte sin plattform frå ordinære kjøp til abonnement. Det er omtrent umogleg å installere Windows 11 i dag utan å bruke ein Microsoft-konto. I tillegg har vi all telemetrien/bruksdata som Windows sender til Microsoft, spesielt for private brukarar. Verksemder kan (tilsynelatande) avgrense denne.

Den politiske utviklinga i USA går raskt i ei skremande, men ikkje overraskande, retning. Vi veit kva slags moglegheiter USA har med tanke på overvaking. Snowden slapp den katten ut av sekken. Personvernet i amerikanske tenester har fleire gonger vorte vurdert under pari i Schrems-domane. Bakgrunnen for at personvernet i amerikanske tenester i dag vert sett som tilstrekkeleg heng på ei presidentordre frå Biden. Vi veit alle kva som skjer med presidentordrane som Biden gav, dei blir nulla ut. Eg ventar på dagen presidentordren blir riven sund, hittil må nokon ha gøymt ho godt.

Men det kan vere at han ikkje treng rive presidentordren sund, han har lagt ned tilsynsorganet «Privacy and Civil Liberties Oversight Board» (PCLOB). Alle medlemmer er sparka. Tilsynet sitt arbeid var/er å sikre at amerikanske etteretning ikkje har innsyn i persondata som vert overført mellom kontinenta når EU- og EØS-virksomheter nyttar amerikanske IT-leverandørar.

Med så godt som alle mennesker, verksemder og offentlege etatar på ein eller anna måte knytt til store amerikanske tenesteleverandørar, som Microsoft, Google, Amazon og/eller Apple, har USA store moglegheiter til å overvake heile – i det minste den vestlege – verda. Eg har ikkje den minste tvil om at dagens president og det lojale følgjet vil gjere dette til eit våpen eller pressmiddel alt etter korleis ein ser det. Vi får ikkje vite når dette skjer sidan ei slik ordre blir gitt med teieklausul. Det vil vere ulovleg og straffbart for tenesteleverandøren å opplyse kundane sine.

Det er viktigare enn nokon gong at dei som kan finn andre måtare å handsame sine personlege eller verksemddata og ikkje minst data i tenester dei leverer til innbyggarar og kundar. På same måte som vi/Europa må satse på å stå på eigne bein militært, må vi bruke det neste tiåret på sørge for at vi også blir digitalt uavhengig. Ut er Microsoft Azure, Amazon Web Services med meir. Tenestemarkedet er stort og kvifor skal ikkje norske/europeiske verksemder tene på det? For lenge har vi vore nonchalante og no må vi vere budd på å betale prisen for haldninga.

Kva gjer eg vidare?

Etter å ha fririve meg på PC er det neste store prosjektet å fririve meg på telefon. Det virkar som eit vanskelegare steg. Problemet er at Apple og Google sine løysingar er de facto standard. Android og iOS alltid vore knytt mot ein sentral aktør. I dag er mobilane ofte den einaste eininga ein har eller brukar aktivt. PCen ligg og samlar støv i skapet.

Eg ser etter alternativ for å fri meg frå Android og innlåsinga mot Google. Det første eg har gjort er å sørge for å slå av all type logging i tenestene til Google. Det neste er å få oversikt over alternativa med tanke på å kjøpe eller setje opp ein telefon som er DeGoogled. Utfordringa er at det kan skape problem for nokre type appar. Bank-appar har ofte ei restriktiv halding til OS dei kan køyre på, men eg tenkjer at eg får kryssa den bekken når eg kjem til han.

  • Er du framleis godtruande og nonchalant?
  • Kva gjer du eller vil du gjere?

Dei store bøllers tid er her

Samhold, diplomati og alliansar er ut. Har du intet å kome med, synd på deg. Tida der dei store nasjonane vil fordele verda mellom seg er her. Dei store bøllene gjer som dei vil.

Eg har peikt på historiske samanfall tidlegare i Historie gjentek seg. 28. februar vart det store vendepunktet. I dag, 4. mars, får vi melding om at USA let Ukraina og Europa i stikken. All militær hjelp til Ukraina blir stoppa. Det aukar sannsynet for at krigen, som Russland starta, endar med at Ukraina kapitulerer. Det neste som vil stå på menyen for Russland er dei baltiske statane. Det vil sikre Russland betre tilgang til Østersjøen samt sørge for at enklaven Kalingrad blir landfast med eit Stor-Russland.

NATO-traktaten artikkel 5 vil redde oss, seier du. Ikkje hald pusten, seier eg. Traktaten ligg på sotteseng. All tillit til dagens leiing i USA er borte. Dei sel deg til høgstbydande.