Nærare adjø til Windows

Som mange andre private og ikkje minst verksemder, offentlege og privat, abonnerer eg på Microsoft 365. Knappe kr 1 200 er rimeleg med 6 TB med lagring. På «papiret» ser alt gulle godt ut og mine data skal vere godt ivaretekne samt sikra mot uvedkommande, inkludert dei som driftar løysinga. Noko har eg sikra ved hjelp av Cryptomator.

Problemet over tid er at separasjon mellom Windows-maskin og sky blir viska vekk. Du kan ikkje, utan vesentlege utfordringar, installere Windows utan samstundes å logge på med eller opprette ein Microsoft-konto. Vanlege brukarar følgjer standard oppsett slavisk og endar opp med ein Microsoft-konto knytt til maskina. Ein Windows-PC er no like knytt til skya som ei Chromebook til Google.

Sett i lys av komande val i USA og spesielt ein kandidat med prosjekt 2025, står vi no ved eit vegskilje. Går det i retning av eit autoritært USA, kan vi ikkje lenger ha tillit til selskap i USA som Google og Microsoft. Brått er USA i same klasse som Kina.

Linux har eg leikt med heilt frå før tusenårsskiftet. Eg minnes godt RedHat Linux-CD på omslaget til eit PC-blad, meiner det var rundt 1998. I forhold til Windows 98SE, var det eit steg opp og utfordrande. Utover dei siste 20 åra har eg blitt godt kjent med Ubuntu, som baserer seg på Debian. Fordelen med Ubuntu er eit stort miljø som nyttar denne distribusjonen. Det er enkelt å finne eller få hjelp når ein «stangar hovudet i veggen».

Den siste månaden har eg testa ut fleire variantar av Linux. OpenSuse Tumbleweed fatta interessa sidan det er ein versjon som tek med det nye veldig raskt. Har du nyare utstyr, er det som ofta støtta. Konfigurasjonssystemet vart for framandt for meg. Det vart komplisert å få på plass skrivaren. OpenSuse Tumbleweed blir det ikkje.

Eg vende tilbake til Debian-universet og har testa ut Linux Mint Debian Edition 6 (LMDE). Her finn du det beste grensesnittet for den som vil ta steget frå Windows. Basen, Debian, er ansett til å vere noko av det mest stabile. Her skundar ein seg ikkje fram med det aller siste, sakte men sikkert er mantra. Eg fekk testa ut det meste og fann all programvare til å erstatte mine Windows-program.

Steam og Proton var installert for å kunne spele Windows-spel. Quake II i oppussa versjon fungerte upåklageleg, skulle tru eg køyrde det på Windows. Den store ulempa med LMDE var at batteritida var dårleg. Eg testa med ulike straumprofiler, utan at det var til vesentleg hjelp. Eg bytte ut 6.1-kjernen med den nyare 6.8-kjernen, men heller ikkje det gav nokon markant betring. Skal eg ha Linux på berbar, er førsteprioritet god batteritid.

Eg vende tilbake til Ubuntu 24.04. Grensesnittet er meir tradisjonelt Gnome, men ikkje framandt for meg. Ei lita justering og no liknar det på MacOS, som eg er kjent med. Battertida er som dag og natt i høve LMDE. I skrivande stund er betteriet på 93% med 10 timar til tomt. Maskina er stille, som er slik det skal vere når ein skriv.

Årsaka til at eg gav LMDE eit forsøk, var valet Canonical har gjort med tanke på levering av programvare. Dei har etablert Snap til distrubering av programvare, medan mange andre satsar på Flatpak. I mine første spede forsøk med Ubuntu 24.04, la eg merke til at Snap hadde utdatert versjonar av flere program eg nyttar. Siste offisielle versjonar var på plass i Flatpak. Løysinga er likevel enkel for Ubuntu 24.04. Det er berre å installere Flatpak og eg kan no fritt velje mellom installere frå Snap eller Flatpak. Så lenge batteritida er god, kan eg leve med andre «skavankar». At Ubuntu 24.04 er sikra støtte i 12 år er heller ikkje noko å kimse av.