Storuman – Sirkka

Vakna til ein fin køyredag nordover. Med ein lynladestasjon frå Ionity rett utfor dørene, var det enkelt å fylle opp bilen før eg sette avgårde. Nordover endrar terrenget seg. Det blir meir kuppert, men ikkje tilsvarande vestlandet i Noreg. Ein kan skimte fjell og haugar i horisonten mot nordvest. Nokre stadar passerer ein demningar og kraftverk. Skog er det nok av, men den blir kortare og tynna ut.

Første stopp vart i Jokkmokk. Satsa på ein Tesla-ladestasjon slik at eg kunne gå litt rundt i byen. Greitt å bruke ein 400 volt-stasjon når ein treng litt lenger tid til få få gjort unna handling av snacks og lunsj. Jokkmok er ei lita bygd ute i ødemarka i Nord-Sverige. Knappe 3000 sjeler har tilhøyr her. Sjølve kommunen er den nest største etter Kiruna.

Etter Jokkmokk var neste planlagde stopp Kiruna. Ein lang transportetappe som tek meg forbi Gällivare over på E10 i retning mot Kiruna og Narvik. Veret mørkna og regnet tok til. Køyrde rundt i det nye sentrumet før eg køyrde mot gruva. Etter kvart som eg nærma meg skjønte eg kvifor dei flytta byen. Grunnen hadde sokke saman og der det før var veger og områder, låg dei no nede i søkk. Du kan sjå det på videoen min heilt tydeleg når eg svingar av mot gruva. Etter å ha vore rundt i Kiruna, var det tid for ny ladeøkt og planlegging av kor dagen skulle enda ut.

Målet vart å kome seg til Finland. Sikta meg inn på Tesla i Kaaresuvanto for neste planlegging. Returen går etter E10 til Svappavaara før eg svingar til venstre, nordaustover mot den finske grensa mellom Karesuando (Sverige) og Kaaresuvanto (Finland). Sette meg ned på kafiterian med ein kopp kaffi og såg på alternativ til hotell. Muonio var eg innom i 2023 og visste det var ein overnattingsstad der. Køyrde dit og fann ut at hotellet var oppbooka denne natta. På meg virka det som om det var eit motorsykkelfølgje som vitja Muonio.

Sidan eg skulle til Inari dagen etter, fann eg ut at eg skulle prøve meg i Sirkka. Stor var overraskinga når eg nærma meg Sirkka og ut av skogen voks det ein stor ås/haug med snø under presenning. Heilt tydeleg at dette var ein vintersportstad som kunne tilby slalombakkar. Ein samfunn samla rundt ein stor «haug». Tippar det er bra liv her på vinteren her. I august var det sparsomt med folk i Sirkka.

Hermansverk – Storuman

I august 2025 hadde eg sett av tid for ein tur opp gjennom Sverige etter E45 med ein avstikkar innom Kiruna før Finland. Planen var ein rundtur frå Inari, ned langs austlege Finland, til tider nær russargrensa, til Finskebukta og opp att Bottenvika med retur gjennom Nord-Sverige. Ja, det er langt å køyre, men eg likar roa, lytte på bøker, radio og musikk samt ta inn naturen og omgivnadane. Har lite til overs for storbyar, held meg i utkantane og stoppar der eg finn det interessant.

Første dagen var ein grei køyredag. Veret var ikkje det beste, men heller ikkje det verste. Noko nedbør på turen, men også periodar med opphald. Hadde sikta meg inn på å køyre til Trondheim og Stjørdal, for å ta rett austover mot Östersund og nordover langs E45 midt i Nord-Sverige. Austover frå Stjørdal har eg ikkje køyrt tidlegare og fekk med meg skiplassane som Åre.

Som vanleg starta det med tur over Sognefjellet, Dombås og nordover. Sidan eg har posta det meste tidlegare, har eg denne gongen valt å starte turen frå Berkåk. Mot Stjørdal går det greitt, men trafikken var stor. Han vart nokon mindre når eg svinga austover i Stjørdal, men det var først når eg var over i Sverige at ting avtok. Vegane vart også betre med tanke på forbikøyring av dei som valde å køyre sitt eige løp. På den andre side var det mindre å sjå og meir skog.

Første stopp i Sverige vart i Krokom. Sidan eg har ein bil 800 volt-arkitektur hadde eg sikta meg inn på ein Ionity-stasjon litt før. Dessverre var ikkje stasjonen opna enno, så det vart eit kortare stopp på ein Tesla-stasjon, der bilen ladar tregare før eg haldt fram nordover mot Hoting, langs E45. På dette tidspunktet byrja eg å sjå etter hotell. Dessverre var eg ikkje imponert av tilbodet der og satsa på Vilhelmina. Vart ei stund til bak rattet før eg kom dit.

Rulla inn i Vilhelmina, men utifrå parkeringsplassen til hotellet, var eg rimeleg sikker på at her var det ikkje rom. Rusla inn og spurte, men var ikkje overraska at det ikkje var ledig rom. Neste plan vart Storuman, litt lenger nordover. Det var to hotell der, men etter ein runde i sentrum valde eg det største på austsida av E45.