Tur: Engjasete-Dalsbotnen-Hest-Stav-Trodalseggi-Vassvarden-Hella

Ein flott haustdag, søndag den 13.09.2009, gjekk eg saman med eit par andre turen  Engjasete-Dalsbotn-Hest-Midteggi-Stav-Trodalseggi-Vassvarden-Hella. Det var ein god 7,5 timars marsj med fleire pausar for eting og fotografering. Turen er omtala i boka “Opptur 267 fotturar i Sogn og Fjordane” på side 200-201.

Turen startar ved garden på Engjasete. På veg mot fremste stølen Dalsbotnen passerer du utsiktspunktet Hedlesetnipa. Etter ca 1 time gange er du på Dalsbotnen. Her er det lurt å fylle opp vassflaskene før du begir deg opp mot Hest. Du følgjer sti frå Dalsbotnen opp til Fagervatnet. Her går du på austsida av vatnet og følgjer ein sti merka med små vardar opp til ryggen som går frå Fagraeggi og strekkjer seg mot Hest. Ryggen gir god utsikt ned i Gildal. Laurdag 12.09.09 vart det observert jerveherjingar her. Når du har kome deg opp på Hest, er det berre å sjå i retning nord/nord-aust. Varden som står på sørspissen av Stav er lett å få auga på. Vegen dit er enkel og det vil ta deg vel ein time å kome dit. Du må gå litt austover, frå varden på Hest, slik at du kan gå mot varden på Stav. Først må du ned i eit lite søkk som skil Hest frå Midteggi. Her står du i slutten av Gildal og ser rett ned dalen.

Når du har kome deg opp ved foten av Midteggi, skal du mellom denne og ein topp nord for ho. Du skal ikkje gå opp på toppen av Midteggi. Når du har kryssa snøfonna, vil du kome ut på austsida av toppane og sjå ned i Grindsdalen. Du må opp litt, i nordleg retning, før du skimtar nordspissen og sørspissen av Stav. Det er berre å sikte seg inn midt mellom dei. Du vil passere vasskilje mellom Grindsdalen og Kvinnadalen og gå over snøfonnene som forar Kvinna og Grindselva. Framme mellom dei to toppane på Stav, kan du velje å ta turen ned og over på nordspissen eller svinge vestover, opp til varden på sørspissen. Begge toppane litt på over 1455 moh. Sørspissen av Stav gir ei finare og meir omfattane utsikt på 360 grader frå Jotunheimen og Hurrungane i aust, til Jostedalsbreen i nord og fjella i Balestrand til Vest og Vik og Vangsnes i sør.

Frå Stav går du ut på Trodalseggi som skråar ned mot Syringaholten, noko nord for Vassvarden. Du har Fjærlandsfjorden på nordvest og Kvinnadalen på søraust og du kan sjå tilbake på mesteparten av turen du tok frå Hest til Stav. Breidden på Trodalseggi varierer, men det er berre å ta turen til ulike ytterpunkt for å nyte utsikta om det skal vere til Fjærland eller nedover Kvinnadalen. Trodalseggi endar ved Syringaholten. Her må du eit stykke ned før du kan byrje å gå opp att mot Vassvarden. Turen opp til Vassvarden kan følast som om varden flyttar seg for kvar gong du ser han. Det er litt lengre enn du trur. Frå Vassvarden startar ei bratt nedstigning på vel 1.000 høgdemeter til du står på ferjekaien Hella. Det var ikkje fritt for at vi var knemøyre når vi kom ned. Ei kald flaske Coca Cola, eller to, har aldri smakt betre enn etter ein slik tur.

Bilete frå turen er splitta i fleire album:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hedlesetnipa
  3. Hedlesetnipa til Dalsbotnen
  4. Dalsbotnen til Hest
  5. Frå Hest til Vassvarden (Bilete av underteikna og Kay Roger Haugen)
  6. Siste del av turen frå Vassvarden og ned til Hella

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.