I juli 2014 kulminerte min irritasjon med at stilte Google spørsmål om når Google Docs fekk støtte for nynorsk. Det er ikkje nøye om menyar er nynorsk, men ein god stavekontroll kan til tider vere til god hjelp. Eg påpeika at deira konkurrent Microsoft Office Online støtta nynorsk og var einaste alternative for 1/2 til 3/4 million brukarar. Svaret eg fekk frå Google var at det var på planen, men dei hadde ikkje noko tidspunkt for når nynorsk vart implementert.
Reint tilfeldig oppdaga eg for eit par veker sidan at nynorsk hadde snike seg inn som språkalternativ hjå Google. Eg tenkte ikkje meir over det før eg i dag kom på at eg burde teste om nynorsk stavekontroll var tilgjengeleg i Google Docs.
Det er med stor glede eg kan stadfesta at no er Google Docs jamnbyrdig språkmessig med Microsoft Office Online. Google Docs har fått nynorsk stavekontroll:
Det kan være fordi Trondheim kommune har valgt GAFE som sin løsning for elever. Vi vet det ikke, men dette var en mangel vi har videreformidlet til Google.
Eg har berre ordinær Google Docs, men kan stadfeste at nynorsk stavekontroll fungerer. Det kom på plass ein eller to månadar før eg oppdaga det, med andre ord hausten 2015.
Eg ser ingen grunn til at Google tilbyr mindre funksjonalitet i GAFE og reknar med at GAFE har nynorsk stavekontroll. Berre hugs å setje språket på dokumentet til Nynorsk frå Verktøy – Innstillinger.
Takk for hjelpa!
Not as far as I know.
I’ve done quick testing of some paragraphs both in bokmål and nynorsk. I let Google Docs check them with the opposite spell checker. It seems that the they are not very good. The spell checker for nynorsk didn’t catch one mistake in a two paragraph text in bokmål. It’s the same way the other way.
Google Docs isn’t very good at spell checking.
På bokmål får eg opp 20 feil på en side og når eg byttar til nynorsk vært ALLT akseptert som rett, nynorsk OG bokmål, aner ikkje om det er eit resultat av samnorskreformar eller google. Det virka ihvertfall som at ein kan skriva bokmål på nynorsk og ikkje omvendt.