Bloggen min hamna på WordPress.com etter at Windows Live Spaces vart lagt ned. Eg er godt nøgd med WordPress.com. Eg stiller ikkje store krav til funksjonalitet og skreddarsaum, men eg ser at WordPress.com er noko begrensa med kva ein kan legge inn. Eg byrja å sjå på korleis det ville vere å flytte til ein anna nettstad alt eg hadde på WordPress.com
WordPress.com har to eksportversjonar. Den eine tek dei seg godt betalt for og flyttar alt til ein partnars løysing. Då er ein ikkje heilt fri på kor ein flyttar det. Den andre moglegheita for eksport gir berre det tekstlege innhaldet ditt. Du får ikkje kopiert ned bilete og andre mediafiler du har nytta. Har du ein del liggande berre på WordPress.com og ikkje ein kopi lokalt, har du ein stor jobb framfor deg med å hente ned alt.
Etter litt søking fann eg Arriera. Det er eit verktøy som brukar xml-filene frå den gratis eksportfunksjonen og hentar ned alle mediafilene som er lasta opp.
Ulempa er at det krev at du har køyrer det på ein Debian-basert linux-versjon, t.d. Ubuntu eller Debian. Det set visse krav til brukaren, men for min del gjekk det greit.
Erfaringane er at eg fekk henta ned alt, men at det var lurt å gjennomføre økta to gonger. Eg la merke til at på nokre få filer fekk eg ei feilmelding som etter det eg kunne sjå var relatert til nettverk. Til slutt sat eg att med 2,1 GB med filer som stemmer med det teljaren på WordPress.com seier.
Filene får ein ut, men å bygge opp at bloggen på ein anna nettstad med alle bilete og album vil likevel vere ei solid oppgåve.