Ter Heijde – Dunkirk

Dagen i dag er første dagen av dei neste dagane der vi vitja kjente stadar frå første og andre verdskrig. Vi reiste frå Ter Heijde og holdt oss på dika mot sjøen. Har inga interesse av å besøke storbyar som Rotterdam. Kampen mot sjøen fasinerer oss meir.

Første mål for dagen var museet i Zonnebeke om slaget om Ypres. Vi var der eit par timar og gjekk gjennom utstillinga og parken. Området var under første verdskrig ei kjøtkvern der fronten flytte seg att og fram berre 8 km. Hundretusenvis av soldatar vart påvirka av slaga som føregjekk her. Naturen vart omdanna til eit gjørmehol med granatkrater. Området vart kort og godt rasert. Noko nærare eit helvete på jord skal ein leite lenge etter. Ut ifrå respekt for historia tok vi ikkje bilete av utstillingane og parken. Dette er noko du må vitje og sjå for forstå kor grusom krig er. Den som ikkje kjenner historia er dømt til å gjenta ho.

Etter besøket køyrde vi gjennom Paasendale før vi sette retning mot Dunkirk, ein anna sentral stad under andre verdskrig. Britane var fanga på stranda i tidleg del av andre verdskrig. Du kan sjå meir om dette i filmen Dunkirk frå 2017. Vi satsa på ei Best Western-hotell i landlege omgivnadar i utkant av byen. Vi oppdaga fort at vi ville vere sikre her. Ei større tropp med soldatar hadde også tilhald på hotellet.

Etter å ha sjekka inn på hotellet og ein pause, køyrde vi rundt i Dunkirk. Vi var ute ved fyret og såg det enorme havneområdet. Deretter køyrde vi gjennom byen og ut til stranda i austlege delen. Her vandra vi austover langs stranda og fann restar etter andre verdskrig. Heilt tydeleg at havet har undergeve bunkerane og nokre bunkerar har falle ned på stranda. Einaste eg syntes var synd var at dei var nedtagga med grafitti. Uansett etter nokre kilometer med vandring på stranda gjorde det godt med kaffi med noko attåt ved stranda før retur til hotellet.

Norddeich – Ter Heijde

Illustrasjonen av ruta er omtrentleg sidan vi følgde innfallsmetoden. Forlot Norddeich etter frukost og hadde berre eit mål for dagen, oppleve Nederland mot Nordsjøen. Få sjå og oppleve det arbeidet dei har gjort for å tøyle havet. For oss er dette like framandt som høge fjell her nede.

Det var ikkje lenge før vi kryssa grensa til Nederland og sette retning mot Lauwersoog-diket. Her var det arbeid og lysregulering på slusene. Vi køyrde gjennom og stoppa på ei utkøyrsle der og gjekk opp på diket. På utsida låg havet Nordsjøen og innafor Lauwersmeer. Landområda innafor er gjenvunne land frå havet. Fasinerande er ikkje dekkande.

Deretter sikta vi oss inn på Breezanddiket. Det er også det lengste havstykket ein kryssar på eit dike. Om eg hugsar rett var det ein svær vindfarm på innsida av dette diket i innsjøen IJsselmeer. Vindmøller plassert ut som kjempesolsikker i innsjøen. 382 MW nok til å forsyne ein halv millionar heimar er ikkje til å fnyse av.

Etter å kome oss av Breezanddiket sikta vi oss inn på Ionity-stasjonen i Middenmeer. Stasjonen låg inne i det eg oppfatta som eit næringsområdet. Meinar vi passerte eit Microsoft-datasenter i området. Ladekø har vore framandt på turen. I Middenmeer var Ioniq 6en den einaste bilen som lada. Vi tok lunsjen på kaffeterian rett ved sida av stasjonen. Slikt likar vi, ta ein kopp eller ein matbit medan bilen ladar. Eg kika litt på kor vi skulle stoppe for dagen fann ut at eit hotell ved sjøen i Ter Heijde virka forlokkande. Ei tilsvarande plassering som dagane før, rett ved havet, men ved ei milevis strand.

Etter pausen følgde vi vegane i retning Haag og køyrde gjennom byen for å ta av ut mot Ter Heijde. På vegen dit fekk eg vi ei overrasking. Nokre stadar var det vannveg over motorvegen. Litt surrelastisk å passere under ei akvadukt med ein båt passerande over oss. Hotellet fann i plassert innom diket med husbebygging innom. Det vart ein tur på stranda i løpet av ettermiddagen. Stranda strekker seg frå innløpet til sentrum av Rotterdam til innløpet til Amsterdam.

Büsum – Norddeich

Illustrasjonen over er vegleiande, det er ikkje den eksakte ruta. Vi køyrde etter innfallsmetoden. Veldig fint å ha eit navigasjonssystem som automatisk finn ei alternativ rute når vi vel å unngå strake vegen til neste mål.

Sidan vi høyrer heime ein stad der alltid minst ein av himmelretningane har god stigning, var område i vestlege Schleswig-Holstein fasinerande. Flatt og vidt, der høgda over havet kan målast i centimeter, ikkje meter. Fjøra sjø med lange grunner er framandt, for ikkje snakke om diker for å halde sjøen ute. Her vi bur er vi van med at du kan kome deg nokre meter frå land før botnen fell bort. Midtfjords snakkar vi om nesten ein kilometer ned før fast grunn.

Planen var å bruke dagen til å sjå seg rundt langs kysten av Tyskland, i retning Nederland. Første stopp vart Meldorf for å handle litt drikke og mat til turen samt lade bilen. Etter stoppen sette vi av i retning Glückstadt ferjeleie. Ingen av oss er bymenneske, Hamburg freista ikkje. Vi ville krysse Elben så langt ute som mogleg. Ferja mellom Glückstadt og Wischafen var med unntak av Manheller <-> Fodnes den einaste ferjestrekninga på turen. Vi kom med ferja frå Glückstadt som ein av dei siste bilane. Turen minna meg om ferjene vi hadde på 70-talet utan overbygg. Det var fasinerande å kryssa elva Elben og eg la merke til at ein følgde djupnene i elva.

I land i Wischafen sette vi retning mot Cuxhaven ved å følgje kysten så godt som mogleg. Greitt nok at motorvegen kan ta deg raskt fram med minimum 130 km/t, men landevegen er nesten like bra. I Noreg er det 80 km/t, medan i Tyskland er fartsgrensa 100 km/t. Kunne gjerne tenkt meg at det på fine vegar i Noreg med gul stripe hadde hatt 100 km/t fartsgrense. Å sitje i 70 km/t er utruleg kjedeleg og sømndyssande. Ein er meir vaken når ein held ein meir naturleg fart på gode vegar.

Vi var innom Cuxhaven, men fann ut at vi heldt fram vidare for å finne oss ein mindre tettstad for lunsj. Etter eit stykke på motorvegen valde vi å ta av ut mot kysten igjen mot Dorum. Her fann vi Stadtbäckerei Engelbrecht, eit nytt konditori der vi kunne nyte ein god lunsj i meir landlege omgivnadar.

Gode og mette sette vi avstad i retning av Bremerhaven. Her valde vi å kome inn og køyrde langs hamna. Eg har aldri sett så mykje varer i ei hamn. Nye bilar var det over alt. Det var rett og slett overveldande og må opplevast. Heilt tydeleg at Bremerhaven er sentral for eksport og import som ein av største hamnene i Tyskland. Det vart ein liten stopp på ein butikk for litt drikke og snack og planlegging kor vi skulle enda ut.

Vi satsa på å avslutte dagen i byen Norddeich. Han ligg heilt ute på kysten og er som Büsum eit ferieområde for primært tyske turistar. Her var store områder sett av til parkering. Vi hadde sett oss ut eit lite hotell, men det var fullt. Vi fann lite pensjonat/hotell nede mot stranda, ved vegen vi kom inn, som hadde ledig rom. Det vi hugsar godt er registreringa. Vi måtte fylle ut eit skjema som ho eine måtte fylle inn i systemet. Det var mangt eit hjartesukk frå ho under registreringa. Det var freistande å trekke på smilebandet, men vi tok ikkje sjansen.

Etter registrering og innbering av bagasjen vi trengde, tok vi oss ein tur ned mot stranda og ut på moloen. Like fasinerande område som i Büsum med dike, langgrunne og parvise solstolar saman med ei stor båthamn og ferjer som tek deg ut til øynene eller rettare sagt store sandbankar. Her var også eit minnesmerke om eit forlis med ein passasjerbåt for ein del år sidan.

Falkenberg – Büsum

Når vi starta dagen, var ikkje planen lagt. Vi hadde eit håp om å nå Tyskland før vi gav oss. Etter ein grei frukost sette vi avgårde. Nett før vi skulle køyre over brua til Danmark, tok vi ein stopp for å lade bilen.

Veret var ikkje bra første delen av turen, men betra seg utover dagen. Etter lading utanfor Malmø køyrde vi brua over Storebelt. Erfaringa var at dersom du har bompengebrikke i Noreg, kan du køyre og få automatisk trekk. Vi visste ikkje dette, men vart positiv overraska når bommen heva seg utan at eg hadde brukt kredittkortet.

Vi holdt fram vestover til Kolding for ei lading på Tesla-stasjonen og planlegging kor vi skulle vidare. Målet var å krysse grensa til Tyskland, men etter det var det rimeleg ope. Med den enkel føresetninga sette vi avgårde sørvoer frå Kolding mot Tyskland. Motorveg heile vegen, det skapar ikkje dei store utfordringane.

Etter kryssing av grensa til Tyskland, valde vi å ta turen via Husum, eit kjent lokalt etternamn her. Deretter køyrde vi via ulike veger mot Büsum. I motsetning til Noreg er dette «flatbygda». Nord-Tyskland mot kysten er prega av miljøet, som liknar på Nederland. Ved fjøra sjø har du lange grunner før du møter havet. Der Nederland har gjort tiltak for å motvirke inntrenging frå miljøet, er det ikkje det same i nordre Tyskland. Områda er prega av å vere feriestadar. Büsum er ein av feriestadane. Her er det bygd store diker som sperrrar byen frå inntrenging frå Nordsjøen. Greitt at det virka flatt når vi køyrde rundt omkring før vi kom til Büsum, men det vart nok heilt anna når vi måtte opp på diket for å kome til Nordsjøen.

Heile området rundt Büsum bar preg om å vere ein feriestad. Mange bustadar stod tomme. Vi gav opp å telje dei parvise solstolane som var plassert på diket ut mot Nordsjøen. I tillegg hadde dei opparbeidd eit internt strandomåde som var uavheing av flo og fjøre i Nordsjøen. Når vi var der, var det vindsurfing ein dreiv med i den eine halvdelen. Den andre halvdelen, badedelen, var ikkje i bruk. Vi får tilskrive det at vi var i slutten av mai. Veret var for kaldt til bading, men vi kunne sjå for oss folkelivet her på varme, dovne sommardagar.

Fodnes – Falkenberg

Forsommaren 2025 gjekk turen til Normandie i Frankrike. I 2014 var eg i Polen og Tyskland og vitja konsentrasjonleirane Auschwitz-Birkenau, Sachsenhausen og Ravensbrück. Har alltid hatt interesse for historie og har hatt tankane om å sjå meg andre stadar viktige i dei store krigane.

Landgangen i Normandie har alltid fascinert meg. Hovudmålet med turen var å vitje alle strendene og gå på historisk grunn, ta inn alt ein ofra for å redda Europa frå nazisme og fasismen. Med dreininga verda har teke det siste ti-året, er dette ordtaket stadig meir relevant: Om ikkje du kjenner historie, er du dømt til å gjenta ho.

For å koma oss til Normandi var planen å køyre heile vegen. Vi kunne teke ferje, men ønskte å oppleve kryssinga mellom Sverige og Danmark. Første etappe var rundt 700 km og enda opp i Falkenberg i Sverige. Ein grei første transportetappe med mykje motorveg frå Sandvika til Falkenberg. Gjorde eit forsøk eit hotell i Varberg, men enda opp til slutt med å køyre litt lenger til Falkenberg. Nei, på langturar legg vi ikkje opp noko fast reiseplan. Vi køyrer der vi finn det interessant og stoppar der det passar.