Nødvendig, men blir 10 år tilbakesteg

Vel fem år sidan var det det juridiske som var problemet med skytenester frå over dammen. No er det historien som gjentek seg med eit totalitært styresett som gjer kva det vil. Utestenger personar pga av deira arbeid for f.eks. Den Internasjonale Straffedomstol (ICC) eller nektar innreise for personar som har jobba med lovverket for digitale tenester i Europa eller fridom.

Danmark er i søkelyset sidan Grønland er ettertrakta. Eineveldet kan finne på å be om at tilgangen til amerikanske skytenester blir stengt for (offentlege etatar i) Danmark. Blir du utestengt frå Microsoft ryk både kontorstøtta og alle autentisering med tilgangsstyring for det økosystemet og alt som det er knytt til. I tillegg må vi ikkje gløyme alle produkt som verksemda eller offentleg etat har køyrande i skyplattformen Azure til Microsoft. I tillegg kjem alt det andre som kan ligge i Google (Cloud) og Amazon (Web Services).

Kva skjer om kontorverktøy og driftsplattformane dine forsvinn?

Danmark førebur seg, men eg kan ikkje minnast at Noreg har starta noko tilsvarande. Det må vi gjere. Vi er snart ferdig med det første året til tyrannen. Han har tre år att og kan finne på mykje. Vi må gå utifrå at liknande arvtakarar vil ta over og halde fram på same måte. Med mindre vi vil velje å ikkje stå side ved side med Danmark i konflikten rundt Grønland, må vi snarast setje i gong same arbeid. Å vente meinar eg ikkje er eit alterantiv.

Utfrå artikkelen ser at ein baserer seg på Ubuntu Linux som operativsystem. Operativsystemet vil ikkje skape utfordringar for brukaren. Det liknar mykje på Windows eller MacOS og kan konfigurerast slik at overgang knapt blir merka. Microsoft Outlook erstattet med e-postklienten Evolution. Nyttar Evolution sjølv og den liknar mykje på den tradisjonelle Microsoft Outlook. Office-pakken med blant annet teksthandsaming og rekneark er bytt ut med LibreOffice. Allereie her treff ein på den store mangelen. Det som er valt har ingen samarbeidsfunksjon som Microsoft 365 eller Google Workspace. Du kan berre gløyme samarbeid og samskriving i same dokument. I tillegg ser eg ikkje noko samarbeidsklient som Microsoft 365. I korte trekk er mi vurdering at denne løysinga som er valt er noko som set ein ti år tilbake i tid. Det vil vere ei ulempe, men utviklinga som har skjedd over dammen det siste ti-året tilseier at vi no ikkje lenger sjå gjennom fingrane om utviklinga. Mafiastaten er fødd og vi skulle vore sjølvstendige for år sidan.

Kan legge til at det finst løysingar som t.d. Nextcloud eller Owncloud for samarbeid tilsvarande Microsoft 365 og Google Workspace, som gir oss fullt rådevelde for våre data. Ser med spaning fram til utviklinga i Danmark og for den del Tyskland. Håpar at Noreg vaknar og førebur seg på same måte.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.