
Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. For nybyrjarar eller familiar med små ungar, finn ein kanskje dei beste turane her; turen til stølen Orrasete. Han er kort og tek 15-20 minutt.
Når du har gått lei av å gå til Orrasete, kan du strekke turen litt lenger og gå til Hedlesetnipa. På svaberget, litt over stølsplassen, er det berre å snu ryggen til Orrasete og halda fram til øvre del av stølen, Stølshaugane. Der går du inn i skogen og følgjer ein tydeleg sti forbi stadar med namna Knoa, Vandalsreset, Øvste Vandalsreset og Budeielyftet. Det er berre eit kort stykke frå Orrasete til Stølshaugane, som har motbakke å snakke om. Elles går stien i slak stiging, over svaberg, gjennom skogen fram til Hedlesetnipa. Gradvis på turen vil du sjå at ryggen på fjellet Mælen kjem meir til syne over lauvskogen.
Hedlesetnipa skal figurere i eit gamalt sagn om to jenter som kom over ein huldrekar som spela fele. Han spelte så vent at jentene tok til å danse. Men før han var ferdig med den tredje slåtten, slutta jentene å danse og sprang derifrå. Sagnet har eg funne referert av Unndis Oppedal på Grinde.
Alternativ rute ved Vegaskiljet som går utanom Orrasete:
Turen til Hedlesetnipa er delt opp i to deler:
- Engjasete til Orrasete
- Orrasete til Hedlesetnipa

































