Etter ein god frukost var første mål å krysse nordaustover mot den store sjøen Enare. Avkøyringa var ikkje langt frå hotellet og den første mila eller deromkring var det asfaltert veg. Deretter følgde mange mil på grusveg gjennom skog og myrer fram til ein nærmar seg Enare. Heile turen i flott morgonsol og krystallklart ver som gav god utsikt i alle retningar.
Det første som sler deg når du køyrer her i nordlege deler av Finland er kor øde det er. I 2023 kom eg over frå Neiden og var nesten nede til Enare før turen gjekk nordvestover mot Karasjok. På turen mellom grensa ved Neiden til grensa i nærleiken av Karasjok, var det ingen – eg understrekar – ingen butikkar eller handel. Kun ved grensa i nærleiken av Karasjok var det handel.
Eg tok det med ro ved Enare og lot bilen lade medan eg planla neste rute. Det som slo meg var at eg burde ta turen til skistaden Rovaniemi og julenissen. Det blei ein lang tur sørover i flott ver gjennom dei djupe skogane i Finland. Vegane er gode og lite trafikkerte. Framleis sprettbygd og det er eit generelt inntrykket av det nordlege 1/3 av Finland. Ofte er det berre deg og nokre rein i området.
Framme i Rovaniemi blei det stopp i sentrum med lading på Ionity. Tok deretter ein tur bort til skistadion med både hoppbakkar og stadion og målgang. Ofte, når ein ser på TV, virkar stadion og området rundt stort og vidt, men eg må sei at eg vart overraska over kor kompakt området var. Turistar var det lite om på stadion. Neste stopp var julenissen. Eg trudde at her var det ein park med opplevingar. La merke til at ein bygde ut fasilitetar når eg nærma meg, men eg vart overraska at eg kunne køyre heilt fram til julenissen sitt hus og parkere. Her var det ikkje snakk om noko ala Bø Sommarland eller dyreparken i Kristiansand der ein parkerer på ein stor parkeringsplass og går rundt i parken og prøver/leikar med ulike tilbod.
Hugsa problemet skiløparane hadde med å koma seg frå Kuusamo og Rovaniemi ein vinteren for litt sidan. Islagde vegar gjorde at det tok timevis. Eg plotta inn skistaden Ruka og Kuusamo og sette avgårde. Kryssa austover gjennom skog og langs vatn. Rein vandra i og ved vegen til tider. Kamera fekk heteslag ein kort periode. Ruka var som Sirkka ein stad rundt eit fjell eller ein høg ås. Her var det ulike former for skiaktiviteter, eit slags kompakt Geilo. Deretter var det å ta turen litt lenger søraustover til Kuusamo. I motseting til Ruka var ein her tilbake på «flatbygda». Fann meg ein rimeleg overnattingsstad i utkanten Kuusamo.