Følg grusvegen heilt til ende ved Stavsete i Huksdalen. Kryss den nye brua og skjer tvert over stølsområde for å kome inn på stien som tek deg til brua over Stavseta. På den andre sida følgjer du dyretrakk framover mot Svinadalen.
Dyretrakket byrjar å bli utydeleg på nokre svaberg etter nokre hundre meter. Ikkje kryss elva/bekken som renn ut frå Svinadalen, hald deg i det skråande terrenget, på sørsida, ned frå Kaldekletten, medan du arbeidar deg inn dalen. I starten blir det å krysse nokre mindre myrer. Ingen store utfordringar, som lett kan hoppe/sprinte/gå over eller rundt.
Framover dalen treng du ikkje ta dei høgste høgdene. Eg gjekk lett på dyretrakk som eg følgde inn dalen. Inne i botnen gjekk eg opp på ryggen, under starten på Friksdalseggi. Her følgde eg eit dyretrakk til eg kom opp på bandet mellom Huksdalen og Vogga/Friksdalen. Her snur eg sør over og følgjer eit dyretrakk over den første høgda og går mot toppen på Kaldekletten. Eg fann oppsteget i ei lita ur med mellomstore stein. Ei kort bratt stigning før eg jobbar meg opp dei siste høgdemeterane mot varden.
Sommaren 2022 har vore kald og det ligg framleis mykje snø oppe på Kaldekletten. Tidlegare i veka gjorde eg eit forsøk frå Eitrebotn, men avbraut. Eg var usikker på snøen der eg skulle opp. Snøen er slak på toppen, men bratnar til ut over fjellsida. Å miste fotfestet på veg ned på slik snø, rase avgarde mot ur, er ikkje det eg ser for meg vil ende vel. Eg valde difor ikkje å gå for langt ut på kanten av toppen når eg filma oppe på Kaldekletten.
Synes du turen inn Svinadalen og opp blir for lang, kan eit alternativ vere å gå opp skråninga/Bleiehaug i vest, like etter du har kryssa brua over Stavseta. Du får gjort unna så å sei all stigning og kan ta den siste kilometeren, mot varden, i slak stigning.
For returen snur du nasen nordover og jobbar deg ned mot det nordaustlege hjørne av Kaldekletten. Her kan du gå ned ura med mellomstore steinar. Det kan vere lurt å ta det med ro ned dette partiet.
Når du er nedkomen frå ura, er det berre å finne dyretrakket som tek deg over neste høgde og ned i enden av Svinadalen. Herifrå er det å følge dyretrakk, krysse elva/bekken slik at du held deg på sørleg side av Svinadalen, for å unngå dei store myrene i enden av dalen. Sikt deg heimover i retning Stavsete.