Når eg klargjorde Samsung Galaxy Tab 2, oppdaga eg at kontaktar frå Thunderbird skapte ein del problem. Vedkomande hadde ikkje Google-konto og vart oppretta. Kontaktar vart eksportert frå Thunderbird og importert til Google. Det såg til at det gjekk greitt, men djevelen gøymer seg i detaljane. No var det brettet sin tur.
Eg kopla det mot Google-kontoen eg hadde oppretta, lasta ned applikasjonar, oppdaterte eksisterande applikasjonar og klargjorde skjermane med widgeter og ikon. Det siste eg sjekka var Kontakter på nettbrettet. Ikkje kul om det ville vise noko. Når eg opna Kontaktar, gjekk det i «white out». Tilbake eller heim-knappane kunne det ta litt tid før reagerte. Til slutt gav operativsystemet beskjed om at Kontakter hang.
Eg søkte litt rundt på nettet og eit av tipsa var å nullstille brettet og starte på nytt. Eg valde å bite i det sure eplet, men det var inga betring på andre forsøk. Dei same henga utan noko forklaring. Eg byrja å gå kontaktane i Gmail nærare i saumane. Kunne det vere noko her som skapte problem? Eg oppdaga at all informasjon var lagt i det store informasjonsfeltet. Teiknbruken var heller ikkje heilt god i feltet. Ein del kontaktar hadde ikkje namn. Eg retta alt og gjennomførte ei synkronisering av nettbrettet. No opna Kontakter på nettbrettet seg utan problem.
Lærdom: Skal du legge over kontaktar frå Mozilla Thunderbird til Google, må du gå gjennom og setje dei opp korrekt før du set opp nettbrettet.