Første versjonen av Hyundai Ioniq 6 (2023-) har berre kabla Android Auto og Apple Carplay. I fjor kjøpte eg Carlinkit 4.0 CPC200-CP2A. Det virka med min Pixel 8, men problemet var at skjermforholdet stemde ikkje. Adapteret forholdt seg til 16:9 og dermed vart bilete strekt i breidda på skjermen i bilen. Eg prøvde ulike innstillingar, som mellom anna setje oppløysinga manuelt, men ingen forsøk førte fram. Sidan eg ikkje taklar å sjå bilete i feil skjermforhold, selde eg adapteret.
Gjennom sommaren og vinteren har eg nytta USB-kontakt, men det er litt knote. Du må alltid grave fram telefonen og kople han til USB-kontakten. Ladeplata i bilen blir også meiningslaus sidan telefonen ladar via kabelen. Eg undersøkte meir på nettet og fann ut at Carlinkit 5.0 2Air ville gi korrekt bilete på skjermen. Adapteret er enkelt å sette opp og fungerte aldeles glimrande. No er det ikkje så nøye om telefonen ligg i lomma eller sekken, Android Auto er tilgjengeleg når som helst.
Eg kjøpte tre stk minnepinnar på 128 GB i januar 2025. Dei skulle brukast til foto-/videoalbum som ungane kunne kike gjennom på smart-TVane deira. Minnepinne nummer 1 rauk etter nokre dagar. Han var full av bilete og video, men brått såg ingen av maskinene han. Minnepinnen vart ikkje registrert som maskinvare i det heile. Sidan minnepinnen var full av private videoar og bilete, var det ikkje noko alternativ å levere han tilbake til Elkjøp. Den fekk ein god omgang med hammar for å unngå at nokon kan hente noko frå han.
No har det gått nokre månadar og det har vore problem med visning av bilete og avspeling av video frå dei to andre minnepinnane. Minnepinne 2 og 3 vart henta tilbake og no har eg nytta eit verktøy som fortløpande kalkulerer sjekksummar for å finne avvik. For å vere sikker på at filene vart kopierte korrekt, køyrde eg synkroniseringa fleire gonger. Sjølv etter gjentekne synkroniseringar, var det alltid nokre filer som ikkje var ok.
Eg bestemte meg for å gå nøyare til verks. I Linux køyrde eg dd-kommandoen og fylte minnepinnane med 0 (null). Deretter køyrde eg hexdump for å lese av om innhaldet på minnepinnane var berre nullar. Rapporten frå hexdump skal berre gi deg ei første line med første minneadresse etterfølgt av 8 “firlingar” med 0 dersom alt er nulla ut og OK:
0000000 0000 0000 0000 0000 0000 0000 0000 0000 *
Til venstre ser du at rapportane frå hexdump er store. Det er masse feil på minnepinne 2 og 3, spesielt den siste. Eg har gjennomført dei same testane på to forskjellige maskiner, i tilfelle ei av dei var “allergisk” mot modellen av minnepennar, men det er same problemet. Her må det vere ein eller anna feil på alle tre. Noko liknande har eg aldri før opplevd.
Sidan eg har drive med digital etterforskning, sjekka eg om noko av feila på minnepinnane kunne medføre at bilete eller video kunne gjenopprettast. Testen visste at programmet ikkje kunne finne starten på slike filer og gjenopprette første delen. Men sidan det låg bilete der, kan ein teoretisk finne fram deler av det når ein forutset at det JPG-koding. Eg set personvern høgt og lagringsmedia blir destruert dersom eg ikkje kan nulle dei heilt ut.
Det vert ikkje kjøpt fleire PNY-produkt. Eg satsar heller på ein gamal og velkjent «travar» innafor lagring – Kingston.
Toll inn til landet er vel og bra meinar du. Men det er ein ting du har heilt gløymt, Donald. Eg skjønar ut ifrå kor imponert du over at sonen kan slå av og på ei datamaskin, at du ikkje er digital. Men eg skal avsløra ein stor løyndom for deg.
Tre store selskap leverer tenester vi i Europa og verda rundt ikkje har noko alternativ til. I praksis selskapa monopol på kontorstøtte- og mobilkommunikasjonsverktøy. Eg snakkar om Microsoft, Google og Apple. Om du i tillegg til tollen du har lagt på varer inn til USA, legg på ei eksportavgift på tenestene deira, vil du få inn mange fleire trillionar. Gløym for all del ikkje å legge avgifta på sal av applikasjonar og spel i butikkane deira.
PS! Ikkje gløym Steam, det er den største plattformen for distribusjon av spel.
Mi reise for å erstatte amerikanske tenester og programvare held fram. Fram til no har musikk-tenestene eg har brukt hatt eit amerikansk rotfeste. I går fekk eg eit tips frå ein kollega, som også hadde teke val om å slutte å nytte amerikanske tenester. Han hadde funne eit fransk alternativ i Qobuz.
Eg sette meg ned i går kveld og sjekka ut tenesta. Raskt kom eg til at dette var eit like bra eller betre alternativ til tenestene eg har nytta hittil. Dei eg har nytta har ikkje tilbydd høgare kvalitet enn ein eller anna form for komprimering med tap (MP3, AAC osv.). Qobuz tilbyr strømming i tapsfri kvalitet i ei oppløysing på 24-bit og 192 khz. Prisen er heller ikkje avskrekkande med kr 133 per månad (12 månadars binding).
I tillegg til god lydkvalitet er har dei lagt til rette for at ein enkelt kan overføre sine spelelister frå andre tenester. Eg overførte mine spelelister via deira tilrettelegging. Basert på ein kjapp stikkprøve såg det ut til at eg fekk med det meste i det. La merke til at to songar i Fish-spelelista på Marillion-plata Fugazi ikkje hadde vorte med, men det var enkelt å rette. Skulle det vere andre feil er det lett å endre på listene enn å bygge alle opp att.
Du finn appen i Google Play Store og Apple Store. Skal du spele av på PC, har Qobuz ein nettlesar-spelar, nett som Youtube Music.
No er det eit halvt år sidan eg tok steget bort frå Microsoft Windows. Ingen av mine private maskiner køyrer Windows. Det som fekk meg til å til å forlate Windows var Copilot på PC, men det var berre dråpen som fekk begeret til å renne over. Microsoft har lenge jobba med å flytte sin plattform frå ordinære kjøp til abonnement. Det er omtrent umogleg å installere Windows 11 i dag utan å bruke ein Microsoft-konto. I tillegg har vi all telemetrien/bruksdata som Windows sender til Microsoft, spesielt for private brukarar. Verksemder kan (tilsynelatande) avgrense denne.
Den politiske utviklinga i USA går raskt i ei skremande, men ikkje overraskande, retning. Vi veit kva slags moglegheiter USA har med tanke på overvaking. Snowden slapp den katten ut av sekken. Personvernet i amerikanske tenester har fleire gonger vorte vurdert under pari i Schrems-domane. Bakgrunnen for at personvernet i amerikanske tenester i dag vert sett som tilstrekkeleg heng på ei presidentordre frå Biden. Vi veit alle kva som skjer med presidentordrane som Biden gav, dei blir nulla ut. Eg ventar på dagen presidentordren blir riven sund, hittil må nokon ha gøymt ho godt.
Med så godt som alle mennesker, verksemder og offentlege etatar på ein eller anna måte knytt til store amerikanske tenesteleverandørar, som Microsoft, Google, Amazon og/eller Apple, har USA store moglegheiter til å overvake heile – i det minste den vestlege – verda. Eg har ikkje den minste tvil om at dagens president og det lojale følgjet vil gjere dette til eit våpen eller pressmiddel alt etter korleis ein ser det. Vi får ikkje vite når dette skjer sidan ei slik ordre blir gitt med teieklausul. Det vil vere ulovleg og straffbart for tenesteleverandøren å opplyse kundane sine.
Det er viktigare enn nokon gong at dei som kan finn andre måtare å handsame sine personlege eller verksemddata og ikkje minst data i tenester dei leverer til innbyggarar og kundar. På same måte som vi/Europa må satse på å stå på eigne bein militært, må vi bruke det neste tiåret på sørge for at vi også blir digitalt uavhengig. Ut er Microsoft Azure, Amazon Web Services med meir. Tenestemarkedet er stort og kvifor skal ikkje norske/europeiske verksemder tene på det? For lenge har vi vore nonchalante og no må vi vere budd på å betale prisen for haldninga.
Kva gjer eg vidare?
Etter å ha fririve meg på PC er det neste store prosjektet å fririve meg på telefon. Det virkar som eit vanskelegare steg. Problemet er at Apple og Google sine løysingar er de facto standard. Android og iOS alltid vore knytt mot ein sentral aktør. I dag er mobilane ofte den einaste eininga ein har eller brukar aktivt. PCen ligg og samlar støv i skapet.
Eg ser etter alternativ for å fri meg frå Android og innlåsinga mot Google. Det første eg har gjort er å sørge for å slå av all type logging i tenestene til Google. Det neste er å få oversikt over alternativa med tanke på å kjøpe eller setje opp ein telefon som er DeGoogled. Utfordringa er at det kan skape problem for nokre type appar. Bank-appar har ofte ei restriktiv halding til OS dei kan køyre på, men eg tenkjer at eg får kryssa den bekken når eg kjem til han.
Samhold, diplomati og alliansar er ut. Har du intet å kome med, synd på deg. Tida der dei store nasjonane vil fordele verda mellom seg er her. Dei store bøllene gjer som dei vil.
Eg har peikt på historiske samanfall tidlegare i Historie gjentek seg. 28. februar vart det store vendepunktet. I dag, 4. mars, får vi melding om at USA let Ukraina og Europa i stikken. All militær hjelp til Ukraina blir stoppa. Det aukar sannsynet for at krigen, som Russland starta, endar med at Ukraina kapitulerer. Det neste som vil stå på menyen for Russland er dei baltiske statane. Det vil sikre Russland betre tilgang til Østersjøen samt sørge for at enklaven Kalingrad blir landfast med eit Stor-Russland.
NATO-traktaten artikkel 5 vil redde oss, seier du. Ikkje hald pusten, seier eg. Traktaten ligg på sotteseng. All tillit til dagens leiing i USA er borte. Dei sel deg til høgstbydande.
Dette er oppfølginga til innlegget om nye problem etter skifte av ICCU på min Hyundai Ioniq 6. Bilen var hos forhandlar for diagnose den 17. februar. Det viste seg at det var ei pumpe til kjølesystemet under panseret, nær torpedoveggen, på passasjersida, som hadde bestemt seg for å bli musikar. Forhandlar tinga ny pumpe og bilen fekk time i dag, 25. februar. Kan ikkje klage på akkurat det. Pumpa er no skifta og lyden er borte. Det var heilt fantastisk å køyre heim att utan pipinga frå «gnomen som sat og spelte på leirgauk». Ein kan bli tullete av mindre.
Innlegget viser òg til ein del uforståelege hendingar med bilen tidleg til medio januar. Etter den tid har eg ikkje opplevd tilsvarande uforklarlege hendingar. Eg veit ikkje om det kan ha hatt noko med det å gjere at eg tok ein reset på infotainment-systemet, men eg har ikkje store trua på det. Heller utilslørte mentale truslar som har skremt bilen i «giv akt».
Når ein bryt uskrivne reglar….
Eg har i løpet av dei siste fire ti-åra handla fleire bilar. Heilt fram til hausten 2023 har eg følgt ein uskriven regel om å kjøpe merker som har forhandlar nær meg. Det er enklast når det er snakk om garanti og service. Denne gongen valde eg å bryte regelen. Førde, ein to-timars tur ein veg, var akseptabelt. Eg skulle berre på service kvar 30 000 km eller annakvart år med bilen. Det har ikkje gått som planlagt.
Først var det tilbakekallinga for oppdatering av ICCU sommaren 2024. I slutten av november takka ICCU for seg og eg måtte opp og hente lånebil. Etter ein god månad var det opp att for å hente reparert bil. I februar vart det to turar, diagnosering og reparasjon. Eg kjem til 5 turar som utgjer 1250 kilometer og omlag 20 timar køyring. Neste gong eg handlar bil, trur eg at eg må følgje min gamle, uskrivne regel.
Eg har skrive fleire innlegg om bilen, men har ikkje som med Byd Tang teke ei periodisk oppsummering. Bilen har no snart gått 24 000 km. I løpet av det siste året har han vore rundt omkring i Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland, nordover langs kystriksvegen til Bodø, rundt heile Vesterålen, Lofoten og Andøya med heimreise via Harstad og Narvik, ned E6. Han har vore turar i nærområde, eige og austlege nabofylker. I haust har det blitt ein tur austover til Elvdal, Trysil og Finnskogen. Senhaustes ei langhelg ned til Mandal, vestover langs kysten til Egersund for deretter å retur inne i landet til Evje og heim via Rjukan og Geilo. Bilen har køyrt på varierande føre, temperatur og nedbør. Eg har bygd meg opp ei solid mengd erfaring over tida.
Bra
Utsjånad eller design
Med ein profil som kopierer Porsche 911, kan det ikkje bli feil. Eg treng ikkje sei meir. Bilen er bygd for låg luftmotstand og lang rekkevidde. For ein elbil er det alfa og omega.
Køyreeigenskapar
Eg har aldri funne meg heilt til rette i ein SUV, anten det er fossilbil eller elektrisk. For ein stor familie er dei praktiske, men reint køyremessig blir dei tunge, duvande og svaiande. Når eg for det meste har køyrt stasjonsvogn eller sedan, blir det uvant. Ioniq 6 er låg og sjølv om han er 400 kilo tyngre enn ein sedan med forbrenningsmotor, går det ikkje ut over køyreeigenskapane. Det er responsivt og presist. Her sit du ikkje og føler at du er i ein båt på «bøljan den blå».
Plass i kupe
Like bra som ein Skoda Superb. Eg på over 1,90 kan sitje bak meg sjølv utan at knea tek bort i setet framfor. 4 vaksne har god plass i bilen. Det går bra med 5, men – som med andre bilar – blir det litt intimt i baksete med 3 i breidden.
Ladefart
Med rett temparatur på batteriet og kraftig ladar (800 volt) går ladeøkta 10-80% unna på under 20 minutt. Her er det ikkje snakk om ei Tesla-ladekurve som kort sniffar på 250 kw før ho dett som eit blysøkke. Ioniq 6 har ei langt flatare kurve som gjer at ladinga blir lynkjapp, til tider for kjapp. Skal vi stoppe for lunsj, hender det at eg ser meg etter ein tradisjonell ladar med 400 volt, f.eks Tesla sine 150 eller 250 kw. Vi må ha nok tid til å vente på og få i oss maten. Eit lite toalettbesøk er også greitt å få gjort unna før ein hentar bilen.
Bakhjulsdrift
Byd Tang var ein stor SUV med drift på alle hjul. Men det sler ikkje moroa du kan ha med bakhjulsdrift. På Ioniq 6 kan du redusere og slå av anti-spinn og kose deg på oversiktlege snø og isdekte vegar med ein logrande bakende. Smilet kjem fort.
Passeleg med krefter
230 hk på bakhjula er nok. Min forrige bil hadde 510 hk. Til tider var eg uroa for om eg naus kraftig, kunne vi ende ut på bærtur. Om eg når 100 km/t på 4 eller 8 sekund er revnande likegyldig for meg.
Lys
I forhold til forrige bil er lysa svært gode. Her treng du ikkje LED-bar. Lysa er av typen LED Matrix som gjer at bilen aktiv blendar deler av lyskjegla for motgåande trafikk. Eg kan ikkje hugse at nokon har blinka med lysa når eg har nytta LED Matrix-automatikken.
Førarstøtta
Når eg kjøpte meg elbil, var det med inngripande førarstøtte noko som skremte meg. På smale og dårlege vestlandsvegar er det til tider skremmande om bilen tek kontroll. Systema er laga for perfekte vegar med nymåla striper. I starten var det utfordrande, men gjennom 24 000 km valde eg å lære meg opp. No veit eg kva førarstøtta kan hjelpe meg med og kva ho skal halde seg langt unna.
Navigasjon
Navigasjonen og oversikt over nærliggande ladestasjonar er god. Enkelt og greitt å velge stasjon og syte for at bilen er klar når du kjem dit. Ver merksam på at det er berre via innebygd navigasjon at bilen kan setje i gong forvarming av batteriet ved at du vel å navigere til eller innom ein ladestasjon.
Lydanlegg
Eg er godt nøgd med anlegget, god og rimeleg nøytral lyd. Eg treng ikkje eit system som ristar laus nyresteinar eller gamle amalgan-fyllingar i tennene.
Android Auto og Apple CarPlay
Greitt å kunne bruke velkjent teknologi om du ikkje vil setje deg inn i systemet til Hyundai.
Mindre bra
Ramma rundt skjermane
Skjermane strekker seg frå framfor føraren til starten av passasjerplassen. Ramma er i sølv-farge. Det er eit lite intelligent val sidan sølvfargen gir masse gjenskin i frontruta. Eg har løyst det med å bruke ein svart sportstape på toppen av skjermane. Refleksjonane i frontruta er så godt som borte.
Stemmestyring
Norsk stemmestyring er så sterkt avgrena at ho i praksis ikkje er brukandes. I navigasjonen må du taste inn kor du skal. Slår du bilen over på engelsk, skjønar bilen mykje. Problemet er at han ikkje er kjent med uttalinga av norske namn. Eg fekk testa det på turen i Nord-Noreg. Enda ofte opp med framlegg til å navigere nedover i Europa til stadar i f.eks. Frankrike. Eg gav opp og brukte smarttelefonen via Android Auto eller Apple CarPlay.
Bagasjerom
Dette er ikkje familiebilen om du treng stor bagasjeromsplass. Med berre 400 liter blir det knapt, nett som på Opel Antara vi har. Ingen av bilane kan samanliknast med Skoda Superb (sedan) eg hadde. I Superben fekk vi plass til all bagasje for fem personar, inkludert tre fulle fotballbagar til ungane i tenåra, for ei veke på Norway Cup. Ungane er vaksne og ute av reiret. 400 liter er meir enn nok for oss to. Skal eg/vi på ski, kan eg legge ned bakseta for å legge inn skiposen.
Kjedeleg
Eg er usikker på om eg skulle ta med dette, men det er noko som høyrer til historia med Ioniq 5 og Ioniq 6 frå og med 2022 til og med 2024. Ein god del av bilane har hatt problem med ICCU eller ladestyringseininga. Min bil var sommaren 2024 inne til ei programvareoppdatering av ICCU. Det var ikkje nok og den 30. november kortslutta ICCU og drog med seg sikringen til hovudbatteriet. Det tok i overkant av ein månad før eg fekk bilen att. I perioden disponerte eg anna bil betalt av Hyundai. Når eg henta bilen, oppdaga eg at han hadde fått ein ny irriterande uvane. Bilen skal undersøkast nærare no i midten av februar.
– Det vart teke opp nokre bekymringsmeldingar, men ingenting konkret. Me sat som nokre levande spørsmålsteikn og lurte på kvifor dette var sett i gang…
—
– Møtet burde ikkje ha vore lukka, det var ingen personopplysningar eller noko som kom fram der, seier ein av dei.
Meir overraskande er det kanskje at den same oppfatninga går att hjå dei som sympatiserer med ordføraren. At det eigentleg var unødvendig å lukka dørene.
– Men det visste me ikkje på førehand, seier ein av dei.
Orienteringa starta med bekymringsmeldinga om rus. Her var det påstandar frå ordføraren om at kommunedirektøren hadde brote teieplikta, utan at det vart lagt fram dokumentasjon. Så kom påstand om manglande oppmøte av kommunedirektøren i måndagsmøta. Deretter kjem den grovaste påstanden, i mine auge, som indirekte kallar andre ordførarar løgnarar:
Ordføraren påstar at kommunedirektøren vart fjerna frå Kommunalt oppgåvefellesskap på grunn av manglande leveransar, som skil seg frå den offisielle versjonen. Valet vart då avdramatisert av alle involverte partar, inkludert av Stig Ove Ølmheim sjølv. Den gongen kalla han det «ei naturleg rullering».
Ordførar Stig Ove Ølmheim i Sogndal avkreftar at det var han som tok initiativ til at Skinlo skulle skiftast ut.
– Det skulle gjennomførast ordinært val. Dei fem andre ordførarane hadde snakka saman, og regionrådsleiaren tok kontakt med meg for å informera om at kommunedirektøren i Vik kunne ta over leiarvervet. Dette var ei naturleg rullering, seier Ølmheim til Sogn Avis.
Eg veit ikkje kva som er verst å lyge til eige kommunestyre eller å kalle sine ordførarkollegaer (Roy Egil Stadheim, Audun Mo, Christian Sønstlien, Andreas Wollnick Wiese og Kjell Bøe Bjørgum) i Sognarådet for løgnarar samt sjølv vere med å bygge opp under løgna.
Deretter kom det påstandar frå ordføraren om fleire som hadde teke kontakt og var misnøgde.
Ifølgje ordføraren skal det vera snakk om «fleire enn ti, men færre enn femti» som har kome til han med ulike bekymringar. Fleire av desse skal ha møtt opp på døra heime hjå han.
Ordføraren dokumenterer igjen ikkje påstandane sine:
I hovudsak handla det om at han var blitt kontakta av tilsette i Sogndal kommune som var misnøgde med jobbane sine. Det var det. Ikkje kven, ikkje kva, ikkje kvar dei jobbar, eller noko. Då vart me samde om at det finst eit tillitsvaldapparat og ei verneteneste som må ta seg av slike ting.
Eg har vore lenge i arbeidslivet og har erfaring frå at konfliktar eller problem blir løyst mellom anna via tillitsvalde. Med 1300 tilsette vil det alltid vere nokre som er misnøgde og urolege. 13 stykker utgjer 1% av dei tilsette om ein ser på tala til ordføraren. Eg understrekar at det er påstandar som ikkje vert underbygde.
– Me hadde forventa oss noko heilt anna enn det som kom, noko stort og dramatisk som hadde skjedd. Kanskje at han endeleg skulle koma med det varselet som Elden har trua med. Det vart elles etterlyst, men det ville ikkje ordføraren seia noko om.
Kommunedirektøren vert skulda for hersketeknikkar og fryktkultur, men veldig lite konkret:
– Vart leiarstilen til kommunedirektøren problematisert?
– Det var lite som kom fram eigentleg. Det var ordføraren som delte sine refleksjonar om den overordna situasjonen i kommunen.
Frode Bøthun (KrF) er skuffa over at den hjelpande handa kommunestyret har strekt ut, ikkje vert teken imot.
– Nokon må seia det. Det som skjer no er at det blir tvinga fram mistillitsforslag mot kommunedirektøren, sa Bøthun.
Artikkelen syner at ordføraren saboterer sitt eige framlegg til løysing på saka:
Ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap) sa at han òg hadde tru på vedtaket i desember, men at han ikkje opplevde at kommunedirektøren set kommunen fremst.
Gunnhild Bøyum lurte på kva som har endra seg sidan 20. desember, då kommunestyret vedtok å søka hjelp hjå KS.
– Kva hendingar har vore sidan då, som gjer at ordføraren plutseleg har snudd heilt om, spurte Gunnhild Bøyum.
– Det kjem eg til å gjera greie for til kommunestyret i dag. Då vil formannskapsmedlemmane få vita det òg, sa Ølmheim.
I påfølgjande kommunestyremøte kom det ikkje fram noko som underbygger påstandane frå ordføraren i formannskapsmøtet. Kommunedirektøren har mi fulle medkjensle når han seier følgjande:
– Eg tykkjer det er forunderleg å sitja her og bli skulda for både usanningar og anna, utan at det har blitt framlagt eit einaste døme for meg personleg. Det synst eg er dårleg personalbehandling, sa Skinlo.
La oss til slutt ta ein runde på dokumentert hersketeknikk. Ordføraren tek opp i skjul samtalar med kommunedirektøren, varaordførar og opposisjonsleiar. Alle som har kontakt med ordføraren må vekte sine ord og formuleringar på gullvekt. Ein må legge til grunn at ein kan bli tolka i verste meining, brukt av ordføraren i pressa eller til å fremme si sak (på alle områder). Fortrulege samtalar med ordføraren kan ein ikkje forvente. Ein må ta høgde for «å bli kasta under bussen» av ordføraren. Eg veit ikkje om verre type hersketeknikk og trussel mot eit godt samarbeid.
Mi vurdering er at ordføraren ikkje er offeret i saka. Han har aldri vore eit offer. Det er han som skapar og har skapt all støy og let det gå ut over alle andre. Det får meg til å tenkje på eit omgrep som ofte har blitt nemnt om ein politisk verdsleiar vi må leve med dei neste fire åra.
Ordføraren er den øverste folkevalgte tillitspersonen i ein kommune. Store norske leksikon seier mellom anna dette om ordførarrolla:
Ordførere vil gjerne søke å representere alle innbyggere i kommunen og fungere som brobyggere, uten selv å fronte kontroversielle politiske saker.
Mi oppfatning er at noverande ordførar ikkje har evner til å ivareta rolla. Eg oppmodar difor ordføraren til å tre til side og la andre ta over.