Nåtidas propagandaministera

Tidas store sosiale medier gir opp faktasjekking og overlet oppgåva til fellesskapet. Detta skal bli morosamt etterkvart som ordinære brukarar gir opp plattformene. X/Twitter har opplevd ei flukt av brukarar. Sidan Facebook går i same retning, vil eg tru at etterkvart som sofakverrulantane og -konspiratorikarane får frie tøyler vil Facebook oppleve det same. Tenk om Joseph Goebells hadde hatt slike verktøy for 100 år sidan.

La meg ta noko så enkelt som at ein person hevdar at ein yard er ein meter på desse plattformene. Det korrekte, eller fakta, er at ein yard er tre fot som i meter er 0,9144 meter eller 91,44 cm. Nokon etterrettlege medlemmer av plattformen rettar på feilen og den blir gjenstand for avstemming blant brukarane. Den som har hevda feil har eit stort, lojalt fellesskap som stemmer på at, ja, ein yard er ein meter. Ergo blir «alternativt fakta» ståande att som fakta.

Eg gler meg til kunstig intelligens blir trena på «alternative fakta». Skit inn er skit ut heiter det, konsekvensane kan bli utfordrande.

Frå Firefox til Brave

Det siste kvartalet har eg testa ut nettlesarar for å erstatta Firefox, som har vorte vel stor og tung. Til og med på kraftige maskiner merkar ein at Firefox ikkje er eit «olja lyn». Eg hadde lenge ein favoritt i Vivaldi og var innom Opera. Kika på ei forgreining av Firefox som heiter Librewolf. Han skrudde ting litt for hardt til samt nytta Firefox sin infrastruktur. Ingen av nettlesarane scora topp på alt, men Brave gjekk av med sigeren samla sett.

Korkje Microsoft Edge eller Google Chrome er interassant sidan eg ønskjer å fri meg frå dei store og sentrale aktørane. Som nemnt har eg kasta Microsoft Windows ut av mine system. Windows Recall var dropen som fekk begeret mitt til å renne over.

Eg må legge til at det er mykje unødigt ein bakar inn i nettlesarane. Krypto er totalt uinteressant. Når det gjeld AI, er det nesten i same klasse. Etter 30 år på internett har eg opparbeidd meg god kompetanse på å stille søkemotorane dei rette kombinasjonane med ord og opsjonar. Det er betre at eg kan «språket» til søkemotorane enn at dei prøver å forstå mi ordlegging.

Normalt?

Observasjonar og tankar frå meg som tilskodar til drama i Sogndal kommune. Du kan gå til Sogn Avis, Firda og NRK og søke på namnet til ordføraren for å få opp ei kronologisk liste med saker som relaterer seg meir eller mindre til historia.

April 2024 – Stridsøks gravlagt

La oss først jobbe oss bak til slutten av april 2024. På dette tidspunktet virka det som om stridsøksa mellom ordføraren, varaordføraren og kommunedirektøren vart gravlagt: Adresserte «elefanten i rommet»: – Me set strek over det som har vore

Ølmheim kunne vidare fortelja at i forkant av formannskapet hadde han Skinlo og Bøyum hatt eit nytt møte.

– Det var òg veldig fint. Der snakka me om at me set strek over det som har vore, både det eine og det andre som har skjedd dei siste månadene, og me ser framover til beste for Sogndal kommune.

Etter dette vart det stilt over sommaren og utover hausten. Det kom ei lita sak 1.11.24 i Sogn Avis som tyda på at ting var på normalen: Ølmheim om kjemien med Skinlo: – Nokon vil framstilla det verre enn det er

Ølmheim hadde følgjande svar:

– Eg tykkjer det er grei samhandling mellom ordføraren og administrasjonen.

Desember 2023 – Varsel

Vi må gå lenger tilbake i tid. På slutten av 2023 kom det eit varsel til kommunedirektøren om at ordføraren skulle ha eit rusproblem. Varslet vart handtert internt. Eg trur ingen, eller svært få, ville visst om ikkje ordføraren sjølv, på skotårsdagen 29.2.24, stod fram med saka i Firda og seinare Sogn Avis:

Har inga erfaring med varsel og handtering, men det var ikkje noko vesentleg eg reagerte på. Alt virka handtert greitt for meg. Tidlegare advokat og ekspert på kommunal- og forvaltingsrett har Roald Hopsnes har vurdert handsaminga og konkludert med:

– Kva synst du om den måten å gjera det på?

– Eg reagerer ikkje på det. Viss han hadde sprunge rundt på kommunehuset og snakka høgt om det, så hadde det vore noko heilt anna. Men får han ei bekymringsmelding er det nettopp det han skal gjera: han skal ta det opp med den det gjeld. At han informerer om hjelpetilbodet som finst, tenkjer eg er heilt naturleg. Det betyr ikkje at han meiner det er sikkert at ordføraren har eit problem.

Eg har forståing for at slike varsel, utan å ta stilling til innhaldet, kan oppfattast sårande og krevjande for den varslet gjeld. Vi er alle ulike og vil takla noko slikt forskjellig.

Desember 2024 – Full fyr

24.11.24 kom innlegget: Ei øydeleggjande bekymringsmelding av Georg Arnestad. Innlegget vart følgt av eit par artiklar den 27.11.24 frå tidlegare arbeidsgivar og leiar til ordføraren:

Etter dette trudde eg det var siste blaffet i saka. Stridsøksene vart gravlagde i april og ting var bra no. Roa ville senke seg igjen, men eg tok grundig feil.

Lunta brann og 7.12.24 kom følgjande sak i Sogn Avis: Bak døra høyrde ordføraren at det var han dei prata om. Då skrudde han på opptaket. Eg las saka og vart overraska over bruken av skjult opptak av ordføraren, og ikkje minst framferda og tonen i samtalen. Ordføraren er overtydd om at det hadde vore eit møte mellom tidlegare leiar til ordføraren, kommunedirektøren og politikarkollegaen på Campus. Ordføraren gir ikkje politikarkollegaen høve til å sjekke kalendaren sin sidan han ikkje hugsar noko slikt møte. Vil du ha fram fakta, kan ein ikkje la kjenslene styre seg. Her er eit utsnitt av samtale, det i utheva skrift er ordføraren som snakkar:

– I vinter var det eit møte mellom Odd, Skinlo og deg på Campus. Kva var det faglege innhaldet i det møtet?

– Nei, det kan eg ikkje hugse. På Campus?

– Du kan ikkje hugse? Det er lurt å ikkje lyge.

– Når var det i så fall?

– Det må du vite sjølv. Har du hatt eit møte med Jon Håkon Odd og Skinlo i vinter som var?

Menes tek ein tenkjepause.

– Nei, eg kjem ikkje på at eg har vore i noko møte med dei.

– Du har ikkje møtt dei på Campus?

– Nei, eg trur eg ikkje eg har snakka med han Jon Håkon på lenge. I alle fall ikkje i møtesamanheng.

– Du har ikkje møtt han på Campus? Eg trur du veit det sjølv.

– Nei, det var i alle fall ikkje eit møte. Eg kan ikkje hugse det.

– Skinlo då, har du møtt han? Då lurer eg på det faglege innhaldet.

– Viss du har ein dato, kan eg sjekke i kalenderen min.

– Eg trur ikkje du har så dårleg minne. Det er ikkje lurt å lyge, for då lyg du deg inn i noko.

– Kva er dette for noko? Eg har ikkje vore med i eit eige møte med dei to.

For første gong i samtalen kan vi høyre ein gryande irritasjon i stemma til Menes.

De får lese resten sjølve, inkludert etterspelet som inkluderer meir skjulte opptak. Det er heilt klart at vi er tilbake til det verkande såret – varslet i desember 2023. Ordførar har ikkje lagt det bak seg. Møtet ordføraren meinte hardnakka hadde funne stad, har ikkje funne stad:

Kommunedirektøren tykkjer det er vanskeleg å kommentere saka. Samstundes er det nokre faktaopplysingar han tykkjer er viktige å få fram.

– Det har aldri funne stad noko møte eller samtale mellom Arnstein Menes, Jon Håkon Odd og underteikna i denne perioden…

Eg reagerer kraftig på ordføraren si framferd. Bruken av skjult opptak er for meg eit grovt tillitsbrot. Aggressiviteten i framferda overfor andre, referert i artikkelen, er heller ikkje noko som er ein leiar verdig. Ordføraren kan kjenne seg såra, men ein kan IKKJE la seg styre av kjensler og antakingar. Å gå hardt ut på faktafeil vinn aldri tillit. Eg minner om at ordføraren er den øverste folkevalgte tillitspersonen i ein kommune. Store norske leksikon seier mellom anna dette om ordførarrolla:

Ordførere vil gjerne søke å representere alle innbyggere i kommunen og fungere som brobyggere, uten selv å fronte kontroversielle politiske saker.

11.12.24 skrur det seg til meir: Politisk bråk i Sogndal blir advokatmat. Ordføraren engasjerer advokat John Cristian Elden som vil levere eit varsel mot Sogndal kommune på vegne av ordføraren. Påstanden er at ordføraren har blitt motarbeidd i kommuneadministrasjonen. Like etter bryt Sogndal Høgre samarbeidet med Arbeidarpartiet.

Det er vanskeleg å forstå korleis ting har endra seg sidan perioden april til tidleg november 2024. Kor mykje lit kan vi gi uttalingane til ordføraren i denne perioden? I beste fall er dei eit forsøk på å dekke over realitetane i håp om at sår vil gå over. I verste fall har ordføraren gjort som han hevdar andre gjer, lyge. I staden for å framstå som ein brobyggjar virkar det som ordføraren meiner at alt og alle er etter han.

I artikkel den 12.12.24: Hadde han sett seg sjølv utanfrå, trur eg han hadde forstått at dette ikkje er normal åtferd har tidlegare advokat og ekspert på kommunal- og forvaltingsrett Roald Hopsnes uttala seg. Overskrifta er rimeleg grei, eg stiller meg bak ho. Dette er ikkje normal framferd.

Norsk grensesnitt på snap-versjon av Opera

Eg har den siste månaden testa ut ulike nettlesarar til erstatning for Firefox, som har vorte for stor og treg. Var lenge gira på Vivaldi, men han fall gjennom med manglande evne til å bruke geolokalisering under Linux. Brave bommar på geolokalisering og plasserer meg i Gaupne når eg er på Hermansverk. Opera fungerer fint med unntak av eit par mindre ting.

Eg likar å ha program som tilbyr norsk grensenitt innstilt på norsk. I Linux-versjonen av Opera kan ein ikkje endre dette enkelt via innstillingane. Etter litt søking fann eg løysinga for Opera distribuert via snap til Ubuntu.

  • Opne terminal
  • Skriv cd /var/lib/snapd/desktop/applications
  • Skriv sudo gnome-text-editor opera_opera.desktop
  • Erstatt /snap/bin/opera med /snap/bin/opera --lang=nb
  • Lagre fila

No vil nettlesaren Opera starte med norsk språk i brukargrensesnittet.

Oppdaga etter eit par omstartar at opera_opera.desktop blir erstatta med gamal versjon. Har ikkje greve djupare på den enn at eg kopierte opera_opera.desktop til opera_norsk.desktop. Eg hadde festa opera_opera.desktop til knapperaden og fekk då eit ekstra oppstartsikon i app-oversikta. Det som er festa til knappraden vert ikkje med i app-oversikta. Der finn du resten av appane. No starta eg Opera med den ekstra (opera_norsk.desktop) i app-oversikta, fjerna den gamle frå knappraden samt låste den nye til knappraden.

Slutte å vere naive

Dei siste månadane har eg følgt med på det som har skjedd i USA sine telenettverka. Kort fortalt har trusselaktørar greidd å skaffe seg tilgang via systemet via ei bakdør som politikarane for 30 år sidan påla ein å opprette for å gi politiet moglegheit til å avlytte. Problemet med bakdører er at det er ein sårbarheit som vil blir utnytta. Når no trusselaktøren er inne, har dei ikkje lenger kontroll og det er uvisst om dei greier å få dei ut og lukka systemet.

Politikarar har ofte dei beste intensjonar, men er grusomt naive. I dag arbeidar dei framleis med å undergrave tilliten til kommunikasjonstenester ved å bestemme at ein må ha bakdører i tenestene eller kryptering for å legge til rette for at politiet skal kunne få avlytte. Faneflagget i dag er ofte «tenk på barna». Alt tryggleik kan ofrast for å sikre ei sårbar gruppe. Vi ikkje må gløyme at verda stadig er i endring og stadig meir polarisert. Har ein først etablert ei moglegheit, kan bruken utvidast og, som vist i eksemplet over, utnyttast. Det er passande å minne om Martin Niemöller – First theu came for the socalist.

Om du vil kommunisere sikkert i dag, må ein unngå SMS/MMS eller store kommersielle tenester som er og kan bli underlagt pålegg som bryt med privat livets fred. Signal er (kanskje) det beste, men sikraste alternativ.

Signal conversations are always end-to-end encrypted, which means that they can only be read or heard by your intended recipients. Privacy isn’t an optional mode — it’s just the way that Signal works. Every message, every call, every time...

Kommunikasjon er sikra på einingen. Det du sender blir kryptert før avsending og først dekryptert hos mottakar. Ingen mellomledd har tilgang. Signal får innimellom forespurnadar frå politiet, som blir publisert på sidene deira. Her er det lite å hente for uvedkomande:

*No message content.
*Date and time a user registered.
*Last date of a user’s connectivity to the service.

Gratulerer, Hyundai!

Eg har kjøpt bilar sidan sluttan av 80-talet, min først nye i 1992. Den siste, ein Hyundai Ioniq 6, i desember 2023. I går, 30. november, vart bilen henta på bergingsbil. Ingen av dei tidlegare bilane har vorte henta av bergingsbil på grunn av feil som gjer bilen ikkje-køyrbar. Her tek Hyundai dermed kruna og i tillegg øydelegg ein ferietur.

Vi var heldige. Bilen var fullada i garasjen og vi sette retning Lillestrøm, for ei langhelg på Austlandet. Etter ein km, i Njøsabakken, plinga bilen om feil på el-system. Ein stor sirkel med raud tekst som etter kvart endra seg til meir alarmerande varsel:

Eg stoppa på Kløvi og slo av bilen for å sjå om det var datamaskina som hadde hatt eit anfall, men nei. Vi køyrde tilbake til Kiwi i det bilen greidde, 40 km/t, for å småhandle noko til turen og la bilen stå lenger. Ville vere sikker på at systema fekk seg ein tilstrekkeleg pause utan at det var til hjelp. Vi kom oss heim, men på slutten ville ikkje bilen gå meir enn 20 km/t.

Eg sjekka om det var feilmeldingar i systemet på bilen samt i appen, men ingen ting nokon stad. Appen sa at alle system fungerte som normalt. Bergingsbil kom tre timar seinare og då var 12 volt så godt som tomt. For å få flytta bilen, måtte ein booster koplast til 12 volt-batteriet.

Eg har undersøkt litt og det er mest sannsynleg at sikringen i eller sjølve ICCU-einingen som har teke kvelden. Ho syter for lading av 12 volt-batteriet. Du kan lese meir om det her, men alle symptoma stemmer.

Bilen var i sommar i Førde på tilbakekalling for ICCU. Eg veit ikkje kva dei gjorde, men slik eg oppfatta det var snakk om å oppdatere software og/eller skifte ICCU. Ser ikkje ut til det som vart gjort var godt nok for min bil.

DD-WRT-databasen er ikkje oppdatert

For vel 3 år sidan bles eg nytt liv ein utdatert trådlaus router med DD-WRT. I løpet av åra har eg sjekka om det har vorte lagt ut nyare, oppdatert versjonar, men når eg har slege opp i databasen er framleis siste versjon frå november 2020:

Eg trudde DD-WRT var daudt, men i går søkte eg litt og fekk med meg at ein person opplyste at databasen på sida ikkje vert oppdatert. Om ein går inn på «Other Downloads«, som du ser heilt til høgre i lina med den oransje knappen «Router Database» med kvit skrift, vil du finne filstruktur med nyare versjonar:

I dag, 21.11.2024, er siste firmware-versjon til routeren min datert 18.11.2024. Eg oppdaterte og la merke til at det som ikkje fungerte optimalt før er fiksa.

Enhanced h264ify

Ser du mykje på Youtube og har ein eldre PC, kan det vere lurt å installere tillegget enhanced h264ify i nettlesaren:

Youtube er på veg over til AV1-format via VP8 og VP9. Nyare høgkomprimerte formatet er tunge å handtere. Dersom ikkje grafikkortet i PCen ikkje kan dekode eit format, må prosessoren ta seg av alt arbeidet. Energiøkonomisk er ikkje dette optimalt som fører til at batteritida blir vesentleg redusert. Apple støttar berre AV1-dekoding i dei siste M4-prosessorane. På PC har du støtte for AV1-dekoding i Intel 11xx-prosessorane og seinare ved hjelp av Quick Sync Video.

Med tillegget enhanced h264ify kan du bestemme formata Youtube kan «servere» nettlesaren. H.264 er gamalt og har vore støtta i ulike grafikkort lenge. For ei maskin med ein eldre Intel Core i5-8265, er AV1 ikkje støtta. Ergo treng eg berre blokkere AV1 i enhanced h264ify.

SSD-trim deaktivert for kryptert disk

Ei av maskinene mine, ei eldre Lenovo Thinkpad X390, er sett opp med kryptert disk. Eg kom over ein video på Youtube som fortalte om at på ein linux-variant var ryddefunksjonen/trim for SSD deaktivert når ein hadde sett opp kryptert disk. Over tid medfører dette at skrivefarten til SSD blir dramatisk låg sidan rydding vert gjort når ein skriv nye data til SSDen, sidan tidlegare brukte dataceller på SSDen har ikkje blitt klargjort før. Sjå for deg blyantskrivne sider som må viskast før du kan skriv noko nytt. Vanlegvis foregår slik visking i ledige stunder slik at det alltid er reine stadar på SSDen til plassere nye data.

Eg sjekka Ubuntu 24.04-installasjon, også her var trim deaktivert. Sidan eg har reagert på at ting har lugga litt ei stund, var det verd å aktivere trim og sjå om responsen på maskina vert betre. Eit lite søk fann eg fram korleis eg kunne slå det på. Ein må redigere eit par filer:

  • /etc/fstab
  • /etc/crypttab

ved hjelp av sudo gnome-text-editor <fil> og du må legge til discard på nokre stadar. Eg legg ved utdrag frå filene på maskina mi for å vise kvar du må få ting på plass:

/etc/fstab

# <file system> <mount point>   <type>  <options>       <dump>  <pass>
# / was on /dev/ubuntu-vg/ubuntu-lv during curtin installation
/dev/disk/by-id/dm-uuid-LVM-rfM8EjE4Jn8eSmZuDfFjDhTwoi1A4Er7DLEkyyLSYsZ0znrvrCsySBCE9JUSj1oL / ext4 defaults,discard 0 1
# /boot was on /dev/nvme0n1p2 during curtin installation
/dev/disk/by-uuid/dd5aadf2-bb87-4b4b-829f-489a0c2b7ce5 /boot ext4 defaults,discard 0 1
# /boot/efi was on /dev/nvme0n1p1 during curtin installation
/dev/disk/by-uuid/9D63-50B4 /boot/efi vfat defaults,discard 0 1
/swap.img	none	swap	sw	0	0

/etc/crypttab

dm_crypt-0 UUID=32428e89-87ee-4532-aa18-e9a32c8798ab none luks,discard

Deretter må du slå på trim for det krypterte område med cryptsetup. Legg merke til at du må referer til namnet det krypterte område som i mitt tilfelle er dm_crypt-0:

sudo cryptsetup --allow-discards --persistent refresh dm_crypt-0

Sørg for å oppdatere oppstartskonfigurasjonen med:

sudo update-initramfs -k all -u

Til slutt er det restartar du maskina.

Når maskina er omstarta, kan du opne ein terminal og skrive

sudo fstrim -v /

Det er manuell trim av SSD som rapporterer kor mykje som har vorte nulla og klargjort for skriving igjen.

Historie gjentek seg

De som ikke husker fortiden, er dømt til å gjenta den.
George Santayana

For 10 år sidan, ei flott, varm veke i september reiste eg til Polen og Tyskland. Her gjekk eg i restane av det som er og var Auschwitz-Birkenau, Ravensbrück og Sachsenhausen. I tillegg besøkte eg Stasi-fengselet i Berlin.

Før reisa hadde eg lese fleire bøker og sett dokumentarar om forløpet og sjølve krigen. Eg dekka begge sider, både dei som kjempa mot og lei under regimet samt dei som kjempa for regimet. Eg ville prøve å forstå korleis det kunne skje og kva som låg bak mellom anna ideoleogien om at ei menneskerase var å foretrekke.

Om du skal gjere ei reise i løpet av livet, skal du ta turen til Auschwitz-Birkenau, Ravensbrück og Sachsenhausen. Du kan sjå mykje på TV, men det er noko heilt anna å gå rundt på områda og i bygningane der dei grusomme handlinga skjedde. Utstillingar av t.d. reisegods, klede og hår gjer inntrykk. Å spasere rundt på området og i bygga for å få eit inntrykk over korleis dei mindreverdige vart handsama tek pusten frå deg. Å stå ved jernbana der folk blei transporterte inn i kvegvogner, sortert i dei som kunne arbeida og dei som måtte rett i «dusjen»/gasskammeret er garantert å gi det frysningar ned ryggen. Vi må heller ikkje gløyme dei grusomme forsøka Joseph Mengele i Auschwitz-Birkenau.

Oppspelet til denne perioden var at den økonomiske tilstanden i Tyskland var elendig etter oppgjeret etter første verdskrig. Prisstigninga var skyhøg, folk såg etter ein sterk leiar. Etter eit mislukka statskupp, valde Hitler å gå fram på demokratisk vis. Partiet auka oppslutning og med overtalinga si makt og hjelp av rike støttespelarar, greidde han å navigere seg i posisjon og få fullmakter der han, som Rikskansler, kunne styre eineveldig. Dei som ikkje fall inn bak han, vart henretta slik som under de lange knivers natt. Nokon måtte naturlegvis få skulda for alt det som var gale. Den gongen var det jødane, men heller ikkje andre «mindreverdige» vart skåna.

To år etter reisa skjedde det noko over dammen som fekk uroa eg følte der nede til å vakne igjen. Over dei neste 4 åra vart ho ikkje mindre. 6. januar 2021 med storminga av kongressen var totalt uventa, eit dårleg organisert forsøk på eit statskupp. Historia gjentek seg.

Eg trudde det var det siste vi såg til denne personen. Han ville aldri kome i posisjon att. Å, kor feil eg kunne ta. Partiet han representerer hadde i løpet av dei 4 åra vorte nikkedokker bak han. Ingen av riksrettsakene fekk konsekvensar. Historia gjentek seg.

I dag, ved hjelp av rike støttespelarar og misnøye med prisstigning, innvandring og folk som ikkje fell inn under ordinære rammer, har han blitt president igjen. Støttespelarar har laga til Prosjekt 2025, eit kart over kva ein kan forvente seg. Eg kan dra fram rettlaus internering av det ein meinar er ulovlege innvandrarar, fjerning av undervisningsdepartementet. Vitskap blir erstatta av kristenfundamentalistisk styring og sensur. Presidenten skal få utvida fullmakter som gjer at han kan kontrollere f.eks. Justisdepartementet. Einevelde er nært å tenkje seg. Historia gjentek seg.