Nytt liv i utgått produkt

Eg har i lang tid vore brukar av D-link nettverksprodukt. Min D-link DIR-880L var lenge ein favoritt med topp hastigheit på 802.11ac trådlaust nettverk. Problemet var at D-link i Europa byrja å bli dårlege med å oppdatere produktet. Siste oppdatering er frå 2016. Eg hoppa over til amerikansk firmware og der holdt dei ut eit par år til, men no er det slutt.

D-link DIR-880L vart skifta ut med ein Netgear for ca eitt år sidan. Heller ikkje den er nyaste modell, men i motsetning til D-link oppdaterer Netgear produktet jamnleg. Eg har ikkje trong for det nyaste sidan ingen av mine PCar har 802.11ax-nettverkskort. Kraftige 802.11ac-routerar er tilstrekkeleg for meg og dei andre i huset. Teams, Netflix- og Youtube-streaming med meir skapar ikkje problem.

D-link DIR-880L har lege som reserve dersom min nye router skulle ta kvelden. Eg har vore kjent med at det er ulike open source-versjonar av router-programvare på internett. Samtidig som eg sjekka for eit alternativ for den nye, når Netgear vel å droppe å støtta han, sjekka eg kva som kunne installerast på D-link DIR-880L. Eg fann dd-wrt.com.

Min D-link DIR-880L hadde nyaste amerikansk firmware. Dessverre gjekk det ikkje oppgradere frå den. Å nedgradere frå det ordinære grafiske grensesnittet går ikkje, men det fins ein nødmodus der du held inne reset og slår på routeren. Like etter byrjar ein LED å blinke. Du får tilgang til eit sterkt avgrensa web-grensesnitt og kunne nedgradere til siste versjon (2016) i Europa. Deretter var det berre å installere firmware frå dd-wrt.com via web-grensesnittet.

Eg skal vere den første til å innrømme at dd-wrt ikkje har eit enkelt grensesnitt. Det kan virke overveldande sidan det vert bakt inn mykje funksjonalitet som vanleg dødlege ikkje kjem til å bruke. Eg har noko meir innsikt i oppsett av nettverk og får gjort mine tilpassingar. I det store og heile skal det ikkje vere noko problem for deg heller. Du finn lett fram til oppsettet av trådlaust nettverk og kan legge inn namn og nøkkel for sikring.

Med ny firmware frå dd-wrt.com ser det ut til at den gamle routeren kan halde koken i mange år framover. Han er no konfigurert og konfigurasjonen er lagra slik at det er enkelt å legge han inn att dersom noko går skeis. No skal D-link DIR-880L stresstestast med 6 personar og x antal einingar pr person. Eg skal lova dykk at han skal få køyrt seg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.