God jul

Julafta er her. I år er det ei kvit jul. I går, 23.12., var vi både på aking like ved heimen. Seinare på dagen var Ane, Ida og eg på Sogn skisenter på Hafslo i slalombakken. Dette var andre gongen på slalomski for Ane og Ida. Dei byrjar å få rimeleg god kontroll på skia, så det er ikkje lenge til vi tek trekket over 2 km opp og køyrer ned att skogsløypa. I fjor var Ida til topps og køyrde skogsløypa ned på vanlege turski. Det einaste som manglar no er litt meir naturleg snø. Hovudløypa, rett ned, har nok snø sidan dei brukar snøkanoner. Men løypa blir for bratt for ein nybyrjar. Eg hugsar eg plukka fram skia for ca 10 år sidan etter å vore borte frå slalomkøyring i nesten 10 år. Eg var ikkje høg i hatten då eg stod på toppen av det bratte partiet og lurte på om eg kom ned utan å knekke armar og bein. Kunstnene kom tilbake og eg kom meg ned heilskinna. Det gav meirsmak å køyre i ein såpass stor bakke.

Ha ei god jul!

Nytt innhald på plass og nye idear

Det blir fleire offentlege album. Eg har tenkt å legge ut bilete og informasjon om fjellturar i lokalområdet. Eg kjem til å legg opp kart slik at ein får eit inntrykk av ruta som er gått. Leikanger gir store moglegheiter for frilutsliv både sommar og vinter. Eg kan ta på meg fjellskorne heime og etter ca 3 timar kan ein vere oppe i 1300 – 1500 meters høgd. Sommaren er beste tida for lange fjellturar, men dei som likar seg om vinteren har like bra vilkår. Om sommaren er det er lagt ut mange turpostar i fjellet. Eg er ikkje slave av desse og tek gjerne ein tur der eg ikkje har gått før. I år har eg mellom anna vore i Trastadalen, opp til vatna som Fatlaelva renn frå, Stav og gått Moldbakken ved Havrane over Mjellhaugane til Hangsete og ned att på Njøs.

Har fått testa ut litt forskjellig funksjonalitet med Spaces og har valt å legge opp lenkjer til nettstadar som eigendefinerte html-modular. Desse har ei avgrensing på 2048 teikn, men i forhold til å bruke lister er det mykje enklare sidan eg har kjennskap til html. Eg hadde håpa eg kunne bruke JavaScript som eg kunne lenke inn frå andre serverar, men det kan sjå ut til at dette ikkje kan gjerast av tryggleiksgrunnar. Eg håper listefunksjonaliteten blir betre. Det hadde det vore mogleg å importere excel-rekneark eller tabulator eller komma-separerte filer hadde dei blitt enklare å legge opp og vedlikehalde. Hadde ein kunne valt korleis ein skulle presentert listene som t.d. utvidande lister eller nedtrekkslister, ville det har gjort det mindre monumentalt enn at ein skal presentere rubbel og bit i lista med ein gong.