Tur: Dalen til Skagasete

Skagasete er ein støl på 589 moh på Hermansverk. Du kan skimte sæl/hytter mot himmelen frå Njøs og frametter Gjerde og Moene. For å kome opp på Skagasete eksisterer det minst 3 alternativ. Den vanlegaste turen er å starte på Kvålen og gå via Haoahaug. Eit lengre alternativt er å følgje traktorvegen til Skagasete. Eit tredje alternativ er å starte på toppen av Dalenfeltet og tene nokre høgdemeter. Etter 3/4 km på sti gjennom skog vil du kome ut på stien som kjem opp frå Haoahaug like før Baukasaingjedn. Du treng ikkje å gå ned på Haohaug.

På turen passerer du gamle kvilesel/kvilehytter, løer på attgrodde teigar, nyrydda teigar, kraftliner og forbi gamle almar. Seinvåres og på seinsommaren kan du møte sauer. Dei er van med at eigarane kjem med noko til dei, så det kan verte litt styr når lam og sauer kjem deg brekande i møte. Om sommaren kan det gå kyr eller hestar ved stien. Dei er meir beskjedne og bryr seg lite om at du kjem pesande forbi.

Turen er eit godt alternativ for dei som synes at Bjørgahaug blir litt for bratt og luftig eller for dei som ønskjer at turen skal ta litt lenger tid. Her er det ingen stupbratte berg du må gå langs og turen har noko svakare stigning. Bjørgahaug ligg på ca 300 moh med 240 høgdemeter å gå. Skagasete ligg på 589 moh og frå Dalen skal du opp ca 400 høgdemeter. Dei skal fordelast over ein dobbel så lang tur, men eg skal lova deg at du vil få sveitte. Du bør rekne med 45 min til timen, som er vel dobbel tid av turen til Bjørgahaug. Frå Skagasete kan du halde fram vidare til Lusaskard på 1000 moh eller du kan gå mot Hottadalen.

Turen er delt i to deler:

  1. Dalen til Haoahaug (om du vil gå ned til utsikta før du gå vidare)
  2. Baukasaingjedn til Skagasete

Tur: Dalen til Haoahaug

Om du synes turen frå Kvålen til Haoahaug blir i tyngste laget, kan du vinne nokre høgdemeter med å køyre til topps på Dalenfeltet. Med 800 meter lengde og 140 høgdemeter blir turen 100 meter lengre, men du sparer rundt 40 høgdemeter.

Like ved det øverste huset på Dalenfeltet finn du ei grind som indikerer starten på stien. Første delen av turen går du opp- og  vestover, i retning frå Haoahaug. Etter 1/3 av turen kryssar du kraftlina og snur i retning av Haoahaug. Du går gjennom skog. Utsikta er sterkt begrensa i høve turen frå Kvålen til Haoahaug, men du kan få nokre glimt av bygd og fjor i løpet av den første delen. Stien splittar seg like over Haoahaug. Ein sti går rett fram, medan den du skal følgje skråar ut til høgre. Etter litt går du mellom eit par granlegger med eit nedtrakka gjerde og kjem ut på stien opp frå Kvålen. Følg stien ca 40 meter nedover og du er på Haoahaug.

Turane til Haoahaug passar fint saman som ein rundtur. Start og slutt vil ikkje vere langt frå kvarandre.