Pinnacle Studio 11 Plus – stabilt som eit korthus

Å sjå rå video frå kassett er lite interessant. Masse spoling for å finne rett opptak og klippa blir lange før det skjer noko. Det er risiko for bandsalat og originalen eller deler av han kan vere tapt for alltid. Kort sagt vart ikkje dei gamle VHS-banda brukte, kanskje ein gong i året eller sjeldnare.

For ca 3 år sidan kjøpte eg DV-kamera. Alt er digitalt og enkelt å overføre til PC. Eg berga gamle VHS-opptak over på DV-kassettar som deretter overførte til PCen og starta redigering for å få redigerte opptakut på DVD-plater. DVD-plater er mykje meir handterbare enn kasettar. Arbeidet du legg ned her betalar seg inn att i gjensynsglede med opptaka for både ein sjølv, slekt og vener.

No ber ungane ofte om å få sjå på opptak frå då dei var små. Med opptaka ordna kronologisk og gjerne delt inn på tema innafor ein dag, er det svært enkelt å finne fram ei plate og putte ho i DVD-spelaren. Ingen spoling og leiting etter video og sjå gjennom sekundar og minutt av uinteressant del av opptak. Jobben med videoredigering handterte eg med Pinnacle Studio 9 som eg heile tida har vore svært nøgd med. Filmar har vorte generert utan kvalitetsproblem.

Det siste året byrja DV-kamera å svikta. Det verkar som om det er eit eller anna med sensoren. Har kamera stått lenge av, vil det ta eit par minutt før eg får bilete frå kamera. «Spontanfilming» blir vanskeleg. I tillegg er kamera av 4:3-modell og ikkje 16:9. Filmar eg i 16:9 misser eg ein del horisontal oppløysing. Valet var å bruke reklamasjonsrett (5 år) eller kjøpe eit nytt kamera. DV-kamera får ein under 2.000, men eg ønskte meg eit anvendeleg kamera. Det er for kjedelig å spele over 60 minutt tape til PC. Valet stod mellom kamera med platelager (hard disk) eller med minnekort. Platelager vart eliminert fort. Skal ein ha eit kamera som skal vere med på litt av kvart, bør det vere minimalt med rørlege deler. Valet fall på Panasonic HDC-SD5 som tek opp på minnekort i AVCHD i opptil 1920×1080. I forhold til det gamle DV-kamera er kvaliteten superb. Einaste «ulempa» er at DV-video kan ein redigere på ei 3 år gamal maskin, AVCHD-video stiller svært høge krav til utstyret. Ikkje fjorårets berbare med Core 2 Duo strekk godt nok til. Her må Intel sine prosessorar med 4 kjerner fram. AMD sine Phenom-prosessorar er tregare samtidig som dei har eit høgt straumforbruk. Eldre AMD X2-prosessorar kan du berre gløyme.

Med kamera følgde ein testversjon av Pinnacle Studio 11 Plus. Erfaringane frå versjon 9 samt testing dei første 15 dagane syntes eg var bra og eg fann fram kredittkortet, men kor lenge var Adam i paradis?

Etter å ha brukt Pinnacle Studio 11 Plus første halvåret av 2008 kan eg ikkje sei noko anna enn at det har eit ok grensesnitt og innpakning. Brukarvenlegheita er god. Kva hjelper det når kjernen av programmet som skal generere filmen er av ytterst dårlegaste kvalitet? Sjølv med dei aller siste oppdateringane er Pinnacle Studio håplaust dårleg.

Kva er problema?

  • Pinnacle heng seg opp oftare enn noko anna program eg har nytta.
  • Rendering av film stoppar opp av uforståelege grunnar.
  • Overgangar blir rendert feil ved at eit bilete i overgangen blir hengande att til overgangen, på 1 sekund, er ferdig.
  • Pinnacle rapporterer om mpg-renderingsfeil ved eit eller anna bilete og stoppar.
  • Pinnacle generer av og til WMV-video som skal vere i 16:9-format til 4:3 (klemt saman).
  • Pinnacle heng seg opp når eg vel å legg på overgangar etter kvart som eg jobbar meg utover i klippa.

For å unngå problema i det siste punktet, har eg funne ut at det er best å justere klippa først og så legge på overgangar. Eg har slått av bakgrunnsrendering for å unngå evt. feil medan eg jobbar med ein film. Eg har køyrt programmet på fleire maskiner med akkurat same erfaringane. Problema er ikkje maskinvarerelatert.

Nokon vil kanskje hevde at det var AVCHD som var årsaka til dette problemet, men eg trur nok ikkje det. Har aldri opplevd problem ved lesing av AVCHD-filene i Pinnacle. Ein kamerat jobbar mykje med DV-band. DV-formatet er, etter deg eg har forstått JPG-bilete i sekvens med PCM-lyd. Det er ingen avansert dekompresjon som skal gjerast for å få materialet tilrettelagt. Han redigerar filmane i Pinnacle Studio-versjonar og køyrer sluttresultatet tilbake på DV-band for lagring. Med Studio 11 opplever han at han får blå bilete inne i filmane, dvs. at det er ein feil på renderinga av eit eller fleire bilete.

I helga har eg jobba med ein film på 23 minutt. Eg har ikkje tal på gongene Pinnacle har slutta å virke. Filmen er rendert x antall gonger med feil eller han har stoppa opp under redigering. Redigeringa tok ein dag, men renderinga har vorte forsøkt over 3-4 dagar utan eit godt nok resultat. Dette skjedde aldri med Pinnacle Studio 9.

Eg må konkludere med at Pinnacle Studio 11 Plus har ein alvorleg feil i renderingsdelen. Det er berre synd at slike feil aldri blir oppdaga i testar av eit produkt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.