Skarholten er eit av dei høgaste punkta i Leikanger kommune på 1543 høgdemeter. Fjelltoppen ligg i nordaustleg del av kommunen, nord for vassreservane våre.
Den enklaste måten å gå til Skarholten er via Huks-/Grindsdalen der du går fram til Stavatjørni før du går opp ryggen til Skarholten. Stavatjørni ligg på ca 1000 høgdemeter og du går borti i lia til aust for vatnet og følgjer eit tydeleg rekkje/sti oppover eit stykke. 500 meter opp i lia blir det meir utydeleg, men det er enkelt å følgje ryggen oppover. Cluet er å følgje gras og mose oppover til du kjem til «steinørkenen». På den første delen av stigning er det lurt å halde seg i nordleg del av ryggen. Går du for tett på Fossadalen, i sør for Skarholten, vil du risikere å gå litt opp og ned. Det er betre å halde ei jamn stigning oppover enn å tape høgdemeter.
Når du er i starten på «steinørkenen», vil du legge merke til områder med snøkvit kvartstein. Mot slutten kan du ta ein titt ned i Fossadalen og går du over på nordleg side av ryggen kan du sjå ned i Ryssebotn og bort på Ryssebotnrana. I austleg ende av Ryssebotnrana, som ligg nord for Skarholten, kan du skimte varden på 1604 høgdemeter. Det er «tre-punkten» der grensa mellom Balestrand, Sogndal og Leikanger kommune møtes. Omtrent rett aust for Skarholten, bak vestlege delen av Myrdalsbreen, kan du skimte varden på 1570 høgdemeter der grensa mellom Sogndal og Leikanger kommune møtes. Om du kunne ha gått ned breen på baksida av varden, ville du kome ned i Gunvordalen i Sogndal kommune. Vender du deg gradvis mot sør har du utsyn over Myrdals- og Voggesbreen i søraust. Nedanfor Voggebreen kan du skimte Friksdal. Vest for Friksdal ser du heim Friksdalseggi mot Kaldekletten og Kjeringafjell.
Du må rekne med 3 til 4 timar på turen opp til Skarholten. Eg parkerte i nærleiken av Myklebru og brukte noko under 3 timar. Hadde eg parkert heilt heime ved den gamle skytebana, reknar eg med at det ville teke 4 timar og 30 minutt. Når eg no kjenner ruta, kan eg nok korte ned på gangtida noko. Første gongen blir det ofte pausar for å vurdere alterative trasear.
Etter bileta mine skal det ikkje vere store utfordringa å gå nord om breen og bort til Synnevaskjer, ned Trastadalen og heim Henjadalen. Vel du ein slik tur må du setje av ein heil dag og ta med godt med niste og godsaker. Drikke kan du fylle mange stadar på turen.
Turen til Skarholten er delt i fire deler:
- Etter vegen inn Huksdalen
- Stavsete
- Stavsete til Stavatjørni
- Stavatjørni til Skarholten