Stølen Sevi ligg på nesten 800 moh i Skuledalen over Fivelhola/Flotande i Henjadalen som er omtala tidlegare.
Like før du kjem til turposten i Fivelhola/Flotande, tek du til venstre og passerer eit sæl som har kollapsa. Inne i skogen, like bak sælet, kjem du inn på stien som du følgjer opp til Sevi. Du må rekne med ca 45 minutt frå Fivelhola/Flotande.
Første 1/3 av turen går du sikk sakk opp over, inn mot Skuleåna (utalast Skuleaonao). Ho renn frå Svartavatnet og ned heile Skuledalen og endar ut i Henjaelva ved Fivelhola/Flotande. Deretter går stien i sikk sakk litt i frå elva, og litt nærare Flyane, for å unngå eit berg og ein bekk som kjem ned frå Sevi. Du går gjennom skog og utsikta er so som so. Turen byr heller ikkje på problem for dei med høgdeskrekk. Det er ingen luftige parti med tvilsamt fotfeste som forserast. På vegen opp vil du merke at det på nokre plassar alternative ruter å ta seg opp. Desse har nok kome til når turgåarar har ønskt å ta eit kortare og brattare alternativ for å kome inn på stien att litt over.
Tregrensa går på nedre del av Sevi. Sjølve stølsområdet er fritt for skog. Sevi er ingen stor støl. Her finn du berre eit einaste sæl som høyrer til Johannes Henjum på Henjum. Frå sælet kan du skoda i austleg retning mot Lusaskard på austsida av Henjadalen. I sør kan du sjå ned Henjadalen mot Sognefjorden og på motsett sida Fresvik. Frå sør mot nord vest går Skuledalen. På motsett side av den har du Okslahaugane og Kjeringi. Om ikkje eg hugsar heilt feil skal det vere ei lita bru i sør vestleg retning du kan gå over til Okslahaugane for så å gå til Stokksete og så evt. vidare ned på Kleppa, Raumålsgrindi eller ned på Dalhjedla.
Turen til Sevi kan gjerast som ein kombinert sykkel og spaseringstur. Første delen fram til Fivelhola/Flotande gjer du unna til sykkel for å gå opp til Sevi. Fordelen er at du etterpå kan trille heim att Henjadalen. Eg kan lova deg at det kjennes bra etter at du har vore ein tur på Kjeringafjellet via Sevi. Ca 900 høgdemeter sit godt i beina og 4 km ned att Henjadalen fortonar seg lite lystig.
Turen til Sevi er splitta i to deler:
- Henjadalen til Fivelhola/Flotande til og med bilete 50 av 70
- Fivelhola/Flotande til Sevi