Eg har installert Ubuntu 10.10 med dobbel oppstart Windows/Linux. Maskina er av siste teknologi og har mellom anna ein Core i5-540M prosessor med Intel HD grafikkort på prosessoren samtidig som ho har eit separat Nvidia kort for tyngre oppgåver.
Etter ei oppdatering av kjernen oppdaga eg at eg fekk ei feilmelding ved oppstart:
failed to get i915 symbols…
Eg kom over ein tråd i Ubuntu-foruma om dette som krev at eg redigerer eit par filer:
- Opna ein terminal (kommandoline).
- Skreiv sudo gedit /etc/modprobe.d/blacklist.conf
- La til «blacklist intel_ips» i botnen utan hermeteikna
- Lagra fila
- Lukka gedit
- Skreiv sudo edit /etc/rc.local i terminalen.
- På lina over exit 0, legg til ei line med «modprobe intel_ips» utan hermeteikna
- Lagra fila
- Lukka gedit
Feilmeldinga er borte frå starten no og modulen er lasta.
Når eg kom tilbake til terminalen, oppdaga eg ein haug med feilmeldingar:
error: line xxxxxx: bad flag alias index: 0
error: line xxxxxx: bad flag vector alias
xxxxxx er eit stigande nummer. Det ser ut som det er relatert til språk/lokalisering. Nokon rapporterer at det er den sørafrikanske ordboka, installert som ein del av engelsk språkpakke, som skapar problemet. Men det ser ut til at det gjeld alle språk, i det minste òg bokmål. Eg prøvde å ta vekk den sørafrikanske, men det var ikkje til hjelp.
Eg må også sjekke ut batteritida på pcen. Under 2 timar synes å vere kort i Linux. Er usikker på om det er lengre i Windows. Det får vere ei oppgåve for dei komande dagane.