I Parted Magic finn du Clonezilla som er eit vertkøy som kan ta kopi av heile diskar eller partisjonar/inndelingar. Clonezilla gjer det raskt å gjenopprette eit fungerande system utan å installere operativsystemet, all programvare du brukar og oppdatere alt.
Med gode backuprutinar på dokument, bilete, video med meir, vil du ved hjelp av Clonezilla få tilbake eit fungerande system på minuttar i stadenfor å bruke timar eller dagar på å få på plass programvare og oppdateringar. Du treng berre oppdatere eller installere programvare som ikkje var med då kopien vart laga før du kopierer tilbake dokument med meir frå backup.
Clonezilla lagrar ikkje innhaldet i ledig plass på disken, berre det som vert brukt av disken. Data vert komprimert før lagring til kopifiler, men vel du å ta med foto, musikk og video er dette ikkje lett komprimerbare data som vil ta stor plass. Det kan vere at det kjem til ein 10-15 gigabyte med data frå ein skjult gjenopprettingspartisjon for Windows. Uansett vil kopifilene totalt bli ein del mindre enn oppteken plass på disken.
I Windows bør du høgreklikke på systemdisk og køyre ei diskopprydning for å fjerne mellombels filer. Ta gjerne ei full opprydning som i tillegg fjernar gamle systemgjenopprettingspunkt i Windows med unntak av dei siste. Alt i alt kan dette spare fleire gigabyte med kopifiler. Berre hugs at meir data krev meir prosesseringstid og lagringskapasitet.
For å kunne gjenopprette eit system, må du først lagre ein kopi av systemet. Til dette treng du:
- Parted Magic
- Ekstern eller intern disk med nok ledig plass til å lagre kopi på
Ein ekstern disk er det lurt å ikkje kople til før Parted Magic har starta. Dette sikrar at han blir sett på som den siste disken. Det blir lettare å vere sikker på at ein skriv kopifilene til rett disk.
Før du set i gong er det viktig å vite litt om Linux som Parted Magic brukar. I Linux finn du ikkje stasjonsbokstavar som C, D osv. Filsystemet i Linux startar på / eller den såkalte rota og byggjer ut derifrå.
I Linux er diskar og partisjonar omtala som device og slike er organisert under mappa /dev. For ei maskin med ein intern disk vil disken sitt device bli refert til som sda. Nummereringa for diskar er at ein brukar alfabetet i den siste bokstaven (sd[a-z]) slik at andre diskar vil bli få namn som sdb, sdc eller sdd osv. Ein ekstern usbdisk vil alltid kome blant dei siste.
Filsystemet, det som gjer at du kan lagre og finne att filer, ligg på inndelingar/partisjonar på disken. I Linux og Clonezilla vil du sjå at dei blir referert til som som t.d. sdb1. Nummeret angir nummer på partisjon/partisjonstype. Du kjem tidleg til eit punkt i Clonezilla der du må velje partisjon kopifilene skal ligge på. Clonezilla monterer partisjonen inn i filsystemet til Linux slik at Clonezilla kan skrive til han. Pass på å velje rett.
Har du kopla til den eksterne disken etter at Parted Magic har starta, skal han (vanlegvis) vere den siste, t.d. sdb, sdc eller sdd osv.
Eksterne diskar har vanlegvis berre ein partisjon. Ser du fleire nummer som t.d. sdb1, sdb2, sdb5 eller liknande på disken du trur er den eksterne, må du sjekke nærare. Ein siste kontrollsjekk før du gjer det endelege valet er å sjå på storleiken som Clonezilla gir opp.
- Start maskina med Parted Magic
- Skift språk til norsk
- Kople til USB-disk som sikrar at den blir sist som t.d. sdc
- Start Clonezilla frå startmenyen under inndelinga System Tools
Under følgjer bilete på korleis eg tok kopi av ei maskin med ein systemdisk (sda) og lagra filene til ekstern disk som hadde ein partisjon (sdb1)