Når eg syklar, unngår eg å bruke Sognefjordvegen så mykje som råd. I sommarmånadane er det svært mykje trafikk. For ein som ikkje greier å følgje fartsgrensene, er det lurt å ikkje skape unødig irritasjon og farlige situasjonar. Du kan vere så mykje prinsippryttar du vil, men mot 2 tonn ferielasta bil, bussar eller vogntog har du alltid dårlege odds.
Tureksempelet mitt går etter gang- og sykkelvegen ut til kyrkja. Her syklar du ned til ungdomsskulen og følgjer Strandavegen ut til Leikanger. For å unngå å sykle etter hovudvegen, kryssar du Sognefjordvegen og syklar over Hamre.
På Ytre Hamre kjem du ned på Sognefjordvegen, og syklar ca. 400 meter langs Sognefjordvegen før oppklivinga forbi Fosshagen, mot Valbrekka startar. Om ikkje du har pulsen i gang før du kjem til botnen av bakken, garanterer eg deg at du vil merke at du er i live under oppstiginga.
Oppe på Valbrekka følgjer du Eggjavegen oppover eit par hundre meter, før du syklar inn på traktorvegen over Huke. Første del av traktorvegen er bra å sykle på. Deretter kjem du ut på ein ny del med mykje grov pukk og skotstein. Eg køyrde med ein gatehybrid, og søkte etter dei beste plassane å sykle, for ikkje å punktere. Har du ein sykkel med grovare dekk, treng du ikkje vere fullt så forsiktig.
Etter ein pust i bakken ved Holestølen ber det slakt oppover nokre hundre meter til. No startar rullinga nedover, inn på Huksdalsvegen og ut dalen. Ved starten av Huksdalsvegen er det ei motorisert grind. Du opnar ho med ein knapp. Eit par hundre meter etter denne rullar du ut på Holene. Har du krefter igjen, kan du sykle opp att på Valbrekka og ned der du kom opp. Eg valde å rulle nedover til Sognefjordvegen og følgje han innover. I tett sommartrafikk ville eg ha sykla opp att på Valbrekka. Ved Leikanger Auto AS kan du ta av mot Hanahaug og halde fram innover Strandavegen og gang- og sykkelsvegen tilbake til Hermansverk.