Hottadalen er ein liten dal på nordvest-sida av Njøsadalen. I 2011 er det ingen utfordring å nå Hottadalen sidan du kan køyre nesten 5 km til parkeringsplassen i Geitadalen og gå dei få hundre meterane.
Dersom du vil ta ein litt lengre tur, kan du prøve å følgje den gamle stien. Dersom du ikkje vil gå frå Kvålen kan du som siste alternativ å parkere på parkeringsplassen ved krysset der vegane frå Skagasete og Geitadalen/Tuftahaug kjem saman. Her skal du gå over brua på vegen til Skagasete, men like etter ta av oppover Botnabakken.
Stien opp Botnabakken er ein del av den gamle stien som splittar seg til Hottadalen eller til Tuftahaug etter eit stykke på oppi på ei flate. Du skal ta til venstre og følgje Marievegene til Hottadalen. I 2011 er stien lite brukt og like etter krysset kan det vere vanskeleg å sjå kva du skal gå, men legg merke til steinar og kubbar med bjørk som er lagt i det våte terrenget du skal krysse. Det blir ei lita stiging opp før det slakar ut. Stien går gjennom små myrer eller våte områder og det er difor ikkje lurt å ta turen med ordinære joggesko.
Når du er ved brua over elva/bekken som renn ut frå Hottadalen kan du, i standenfor å krysse brua, snu tilbake og prøve å følgje stien som tidlegare gjekk til Skagasete frå Hottadalen. Denne er svært vanskeleg/umogleg å følgje, så eg tilrår ikkje at du prøver.
Like ved inngangen av Hottadalen kan legge du merke til ei brei fure opp lia mot Hottanosi, som fjellet lokalt vert kalla, på di venstre hand. Denne lia kan du følgje opp for å kome opp til Lusaskard frå Hottadalen. Eit anna alternativ er å gå meir inn Hottadalen og vende opp bak Hottanosi til Skitbrekkene for å gå tilbake mot Lusaskard. Vil du til Fjærlandsete,er det berre å halde fram inn Hottadalen til du går ned mot stien som kjem opp frå Øvstedalen forbi Furusete, snu mot nord og følgje han fram til stølsområdet.