Tur: Åsenosi

Åsenosi er ryggen inst i Henjadalen som skil Myrdalen frå Trastadalen. Vatna i begge dalane er gode fiskevatn. Følgjer du ryggen til topps endar du på Synnevaskjer, som ligg over Gunvordalen. Denne dalen endar ut ved den siste garden på vestsida av Dalavatnet på vegen mot Fjærland frå Sogndal.

Frå bommen i Henjadalen er det ca 9 kilometer til Åsenosi. Når du står ved brua på Flya, sjå nordover, inn Henjadalen. I midten ser du kanten på Myrdalen i enden av Slettabotn, men dersom du ser på ryggen til høgre for Slettabotn, vil du sjå ei hytte som ligg framme på Åsenosi som er målet for turen.

Flya må du over brua til sela. Like etter du stig av brua er det ta til venstre og gå over marka ved elva mot gjerdet og skogen. Området er vått. Ordinære joggesko er ikkje noko for denne delen av turen. Stien framover dalen er litt av ei utfordring. Utanom mange våte områder er stien full av steinar som stikk opp uregelmessig. Innimellom kan det vere hol som følgje av vatn eller gliper mellom steinar. Med andre ord er det ikkje ein sti der ein bør gå og samtidig sjå seg rundt. På den andre side er det heller ikkje så mykje å sjå på turen utanom nokre stryk og fossar i elva. Utsikt får du ikkje før du er framme på Åsenosi.

Etter eit par kilometer kjem du til Reiseteåi som kjem ned frå Sumhaug og Fjærlandsete. Her kryssar du to små bruer. Like etter den siste kjem du til krysset der stien opp til Sumhaug skil lag med stien framover dalen. Du held fram vidare mot Nyastøl der du nærmar deg Traståna som kjem ned frå Trastadalen og kjem saman med elva frå Myrdalen. Du følgjer Traståna litt opp frå botnen. Ho er todelt når ho treff elva frå Myrdalen og du skal litt over der ho splittar seg. Her ligg det ei lita bru som er laga av to solite bjørker som det er spikra plankar på tvers av. Kanskje ikkje verdas mest robuste bru, men ho fungerer sjølv om ho er litt skeiv. Du må over ho om du skal til Åsenosi. Sidan stien opp til Pipehaug skil lag her, kan du også følgje denne opp og gå under Høgehaug mot heimsta Trastadalvatnet.

Etter kryssing av «den robuste brua» kjem du inn i eit svært vått, men relativt kort området. Her er det berre å bruke buskaset for å kome seg fram. Stien held fram sikk sakk gjennom skogen, oppover mot Åsenosi. Sidan området ikkje er ein del turpostane er stien lite brukt. Han er likevel rimeleg grei å følgje, men det er nokre parti der ormegraset skjuler han. Det skapar litt utfordringar både med å sjå han, men helst med at ein ikkje greier å sjå heilt kva ein trakkar på. Ver difor forsiktig gjennom slike deler. Ein kan lett kome til å vrikke foten.

Gradvis går du opp mot tregrensa og etter kvart som du nærmar deg Åsenosi blir det litt opnare og du kan sjå inn mot Slettabotnen som ligg under kanten til Myrdalen. Tregrensa går like under hytta på Åsenosi. Frå hytta har du utsikt ut Henjadalen mot Flya og elles Nyastøl og Friksdalen. På austida av Henjadalen ser du over haugane heim mot Pipehaug, til Lusaskard og Skriki i horisonten.

Turen er delt i to deler:

  1. Henjadalen til Flyane
  2. Flyane til Åsenosi

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.