Eg les forsvaret til ein tidlegare arbeidarpartiveljar i Sogn Avis den 17.09.11. La oss først gå gjennom artiklane som er publisert på nettet:
- Sogn Avis – Publisert 13.09.2011 kl 01:06: Sjokkutmelde seg like etter at vallokalet stengde
- Sogn Avis – Publisert 13.09.2011 kl 11:02: Hevdar programfiksing
- Sogn Avis – Publisert 13.09.2011 kl 13:49: Var strid om partiprogrammet
Legg merke til datoen i den siste artikkelen. Det som saka står og fell på var oppe i Leikanger AP sitt styre 06.09.2011, i god tid før valet. Leikanger AP sitt styre haldt avstemming over innvendingane frå Tobias Dahle. Han vart nedstemt med fire mot to.
Striden rundt den nedredigerte, meir kompakte foldaren oppstod før 06.09.2011. I den siste lenka med kommentar frå Knut Henning Grepstap oppgir Tobias Dahle at striden oppstod to veker før valet, med andre ord i månadsskiftet august/september.
Den 09.09.2011 har Tobias Dahle eit innlegg i Sogn Avis som arbeidarpartimedlem:
Eg har teke meg den fridom å legge ved eit bilete av innlegget. Det er mogleg at ikkje eg ser det, men ikkje på nokon stad i innlegget gir Tobias Dahle uttrykk for at han meinar at det er vesentlege avvik mellom foldaren og partiprogrammet. Med andre ord, i innlegget som blir publisert 3 dagar etter at avgjerda om å fasthalde foldaren, framstår Tobias Dahle som ein ordinær representant for Leikanger Arbeidarparti.
I mine auge hadde Tobias Dahle meir enn nok tid på seg til å presisere det han meinte var eit avvik mellom foldaren og programmet mellom den 06.09.2011 og 12.09.2011. Han gav ingen signal i sitt innlegg publisert 09.09.2011 og det var heller ingen signal som eg har greidd å plukke opp, før han brått melde seg ut av Leikanger Arbeidarparti, like etter at vallokala stengde.
Reaksjonane lot ikkje vente på seg både frå redaktør i Sogn Avis og politisk kommentator:
- Sogn Avis – Leiar – Publisert 14.09.2011 kl 10: Ap-kandidat under falsk flagg
- NRK Sogn og Fjordane – Publisert 13.09.2011 kl 15:15: Politikar får totalslakt etter utmeldinga frå Ap i Leikanger
Eg har aldri har forstått kva som var det vesentlege avviket som kunne føre til denne drastiske handlinga. Eg har heller ikkje forstått kvifor Tobias ikkje kunne gi klart uttrykk for sine meiningar, presisere avviket eller gjere veljaren merksam på avviket, slik at veljaren kunne vurdere tilhøvet før valdagen. I eit demokrati må det alltid vere opp til veljarane å vurdere om ein kandidat på lista står for noko veljaren står for. Det er difor vi har moglegheita til å kumulere slik at sluttresultatet kan bli annleis. Sett i lys av den tragiske hendinga i juli i år med det påfølgjande unisone oppropet om meir demokrati, virkar Tobias si handling merkeleg og stikk i strid med mantra frå berre ein og ein halv månad før.
Etter mi meining kan Tobias Dahle sin framgangsmåte vanskeleg forsvarast på nokon måte.